onsdag 18. desember 2013

På prestafest med biskopane.


I  dag har eg vore på ei hyggjeleg førejulssamling i ei av byens kyrkjer. Dei innbedne var pensjonerte prestar med ektefellar. Alle av det godt vaksne slaget, der hårfargen var både grå og kvit. Aldri har eg helst på så mange høge herrar på ein gong, inkludert både den tidlegare biskopen og den noverande. Veldig kjekt! 
Posted by Picasa

onsdag 11. desember 2013

Kosekassen


Endeleg har me fått oss seng !   Etter å ha lege på ein sofa heilt til no, har me endeleg investert i denne vidunderlege kosekassen: Fin kvit seng med verdens beste madrasser. No ligg me så fint som om me hadde vore kongelege. Her skal me tilbringa mykje kvalitetstid dei næraste 30 åra. Sova skal me og.
Posted by Picasa

mandag 22. juli 2013

Oppå fjellet


"Kvila på vegen gjev styrke i bein". Desse orda er å finna høgt til fjells, 1160 m.o.h. langt utanfor allfarveg ein stad i dette flotte landet vårt. Ved ein slottliknande byggverk laga av byggmaterialar frå naturen sjølv. Langt måtte eg for å finna det, men det var verd den bratte klatringa.
  -  Sjølv har eg funne mine stader å henta styrke frå, og det er så visst ikkje i låglandet. Då må eg til fjells, oppover i terrenget, sveitta og streva, pusta og pesa, helst oppå toppane. Då kjem løna for strevet  -  utsikten.

Dette diktet fann eg på ei seng inne i ein av dei flotte bygningane. Det er tydelegvis fleire enn eg som har funne krefter og meining i det å koma   -   oppå fjellet.
Posted by Picasa

søndag 14. april 2013

Frå "steinalder" til 2013


Det hender at eg tek store steg, og no har eg gjort akkurat det. Gårsdagen var min eigen fødselsdag og steget var frå den gamle mobiltelefonen t.h. og til vidunderet smarttelefon t.v.

     - Det var på tid, ville sikkert den yngre generasjonen ha sagt. Og eg har nok opplevd at folk har rista på hovudet av meg som har gått omkring med ein slik "steinalder"telefon.  Men  etter som åra har gått har eg tenkt som så at det er for gale å skifta ut noko som fungerer. Og den gamle har sanneleg vore god. Han har vore ein slitar som kunne fortent ein medalje. Mange hundre gongar har han dotte i golvet, opna seg og fått innmaten strødd rundt omkring. Då har han sjølvsagt slokna. Men straks han har fått dei indre delane på plass att har han fungert som før. Det kan ein ganske sikkert ikkje sei om dagens meir moderne mobiltelefonar. Kan nok ikkje rekna med at den nye tåler same medfarten som den gamle. Så no får eg begynna å verta meir forsiktig.
  - Og så er det det at ting varer ikkje evig. Ikkje ein gong ein hardhaus av ein Simens kjøpt for sikkert 10 år sidan. I den siste tida har han begynt å visa teikn til alderdom. Meldingar kom ikkje fram, og brått kunne han finna på å slokna, tilsynelatande utan grunn. Det skjedde stadig oftare. Så etter kvart måtte eg innnsjå at eg kunne ikkje verta verande i steinalderen.

  - Det store steget frå gammalt til nytt vart teke i samband med min 55-årsdag som altså var i går. Min nye Samsung vart finansiert av min kjære O. og er såleis ei fødselsdagsgåve frå han.
  - Dermed er eg på full fart inn i ei ny teknologisk verd. På førehand har niese M. bidratt til ei begynnande innsikt i den verda, med informasjon og nyttige opplysningar. Og det kan vel henda at eg treng meir hjelp av henne no framover, for noko skriftleg bruksanvisning var det smått med. Dei som sel slikt reknar vel med at folk følgjer meir med tida enn det eg har gjort. Men no framover håpar eg å ta att litt av det forsømte. Spennande!  
Posted by Picasa

mandag 1. april 2013

Påskever


Det er ikkje ofte ein får lyst på ta bilete av vermeldinga, Men årets påskevermelding var så eventyrleg vakker at det eigna seg ypperleg for fotografering. Og folk som kjenner meg veit at eg fotograferer bortimot alt mogeleg, og helst slike ting som ein kan ta fram seinare og gle meg over.Det gjeldt å ta vare på gode minne.  Og eit slikt sjeldant fenomen som denne påskevermeldinga MÅTTE forevigast. Helst skulle ein rama det inn og hengja det på veggen.
Og det beste av alt: Veret i påska vart som meldt !
Posted by Picasa

fredag 22. februar 2013

Hostesaftens venner


Her kan alle sjå kva som driv oss no i desse dagar.  Dette er drivstoffet til O. og meg no for tida. Hostesaftflasker i forskjellege storleikar og med varierande innhald. Sterke drops av ulike slag og meir i same retning. Altså alt som skal til for å kurera ein hals eller to.For halsane våre og resten av kroppane våre er innhenta av -  kva skal ein sei?    Forkjølelse ? Influensa ? Hoste er det i alle fall. Har ikkje fått nokon til å stilla diagnosen, men alle symptoma er der:  Energinivået er lågt og lydnivået (hosten) stig heile tida til dei store høgder. Til alle døgnets tider. Og i takt med dette, finn stadig meir hostesaft og drops vegen ned i halsane våre. No er det på andre veka med denne livsstilen. Ingen betring i sikte.
Me sit i kvar sin stol med sløve blikk,  hoste og snørr i ei stove som er stinn av basseluskar.
   - Hadde det ikkje vore for at me har hund, så hadde me sikkert halde oss under dyna døgnet rundt omkransa av det omtalte drivstoffet.
  - Men Tanja må ut og det er den største utfordringen  no . Ho er van med 3 turar pr dag med guide. Og det gjev ho ikkje slepp på. I tillegg måtte den firbeinte akutt til dyrlegen i går, og fekk diagnosen "nusse"-betennelse.
  - Så no er det tre pasientar på denne adressa. Det einaste me kan gjera er å venta på betre tider...ein gong i framtida.
  - Gjester er hjarteleg velkomne, men det må nok utsetjast på ubestemt tid.

Posted by Picasa

fredag 15. februar 2013

Skitur med variasjonar


Kva er vel eit meir forlokkande syn enn skispor i snø med solskin attåt?
Og midt oppi det heile Tanja og eg på tur i fjellet. Med endelause vidder og den friskaste luft ein kan tenkja seg.   Dette biletet er henta frå ein tur for nokre dagar sidan på eit av dei fine fjella på verdens finaste øy. Eg har etter kvart mange slike minne no samla i album og på datamaskin. Og dei minna samlar eg på som om det skulle vore gull.
    - Denne turen,  som var årets første på ski, vart ein svært variert tur. Det gjekk ei stund denne vinteren før det vart snømengder nok til til å nytta skiene, men så ein dag  høyrde eg rykte om fine forhold  der oppe i høgdene.
Så då var det berre å leggja i veg. Betenkningstid treng me sjeldan, Tanja og eg. Men utstyret er viktigt.
 Og det skulle me få bruk for denne dagen.
  - Etter lang kjøring la me i veg oppover i skisporet. Sola var rikeleg til stades og skyer fanst ikkje på himmelen. Der var det berre Tanja og meg i heile verda, så den firbeinte av oss fekk gå laus frå første stund.,
  - Nydeleg flott heile vegen oppover. Har vore på denne turen  mange gongar, men dette var den første på ski. Men vinterdagane er korte i februar, så då endeleg toppen var nådd i 17-tida, sa sola takk for seg og forsvant bak horisonten.  Det vart straks meir kaldsleg i lufta, og skumringa tok til å leggja seg over landskapet. Matpakken var slukt på rekordtid, for her var det berre å gå på nedover att så lenge det var lyst. Og det var ikkje lenge.
Det undra meg kor fort mørkret overtok etter den fine vinterdagen. Sjølv om snøen lyser opp med sin kvite farge, måtte eg sakka på farten for å vera meir forsiktig. Å verta liggjande i snøen med broten fot var ikkje i mine planar. Men lys var det smått med. Berre ein smal måleskalk på himmelen.
  - Det var då dette med utstyret kom til nytte. Hovudlykta kom fort på plass, men ho ville aldeles ikkje gjera det ho skulle; lysa. Nei vel, så var det å finna den vesle lommelykta.
Men det som vart redninga var GPS-en. Der var sporet lagra, heilt frå der bilen stod, og til topps. Så då var det berre å følgja sporet attende. Det høyrest enkelt ut, men å koma seg ned att var ein tidkrevande prosess. I den kalde,mørke vinterkvelden måtte eg staka meg på tvers nesten heile vegen ned att for at det ikkje skulle gå gale. Med GPS i eine handa og lommelykt i den andre. Og Tanja, den gamle,kloke hunden, utstyrt med refleksvest,  ho gjekk nedover der ho gjekk opp, så ho var nesten som ein GPS i seg sjølv. Klokka var 22.00 då me nådde ned til bilen. Då hadde det vore mørkt i mange timar.
Posted by Picasa