torsdag 1. september 2011

Skogens ro


Dette biletet er teke frå mitt kjære sommarparadis på øynæ for fleire år sidan. Dit reiser eg stadig i sommarsesongen, frå mai til september. Og der er det alltid godt å koma. Men for nokre veker sidan hadde ei underleg oppleving der. Eg kom dit ein fredagskveld for å ha ei fredeleg helg etter ein innhaldsrik ferie. Men alt før eg hadde kome bort til hytta, begynte ting å skje: Tanja sprang føre meg slik ho plar. Brått høyrde eg ei uvanleg romstering bortom Bærhaugen, så høyrdest hundeskrik og hjortebrøl om einannan. Eg stoppa opp og ropte på Tanja. Etter endå meir skrik og skrål, kom ho endeleg smygande, tydeleg skremd.Etter å ha sjekka at ho var uskadd, såg eg så vidt i hovudet på ein forvirra hjort.Han såg ut som om han ikkje visste om han skulle røma til skogs eller gå til åtak på hunden.Tanja, derimot, hadde mista lysta på hjortejakt, og ville berre bort til hytta til tryggleiken innandørs. Ho hadde møtt sin overmann.
- Då eg litt etter tok ein tur bort att til bilen etter meir bagasje,høyrde eg endå meir romstering. Greiner som knakk og store dyr i rørsle. det vart følgd opp av fleire hjortebrøl frå fleire retningar. - Då begynte eg verkeleg å lura. Kva er det som skjer her i denne fredelege avkroken? I desse dagar er det nærliggjande å tenkje på terror. Men så gale kunne det vel ikkje vera.
- Eg tok og sende ei melding til grunneigar A. og fortalde litt om tilstanden i skogen hans. Derifrå fekk eg raskt svar om at no er det brunsttid for hjortane, og at dei kunne vera agressive. Det høyrdest ut som ei rimeleg forklaring. Men noko trøyst var det ikkje.
- Eg bestemde meg for å gjera det eg hadde tenkt: Ta ei roleg helg på hytta og halda meg på respektabel avstand frå den firbeinte urbefolkninga. Dette måtte vel gå an.
- Og det gjekk an. Sidan dette har eg hatt endå ein hyttetur. Men då var skogens ro gjenoppretta, og eg kunne nyta hyttelivet nett som før.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar