søndag 31. juli 2011

Lengt mot fjell

"Høyfjell. Det svever et land i det skinnende blå; ei stoltere vet jeg å nevne. Men vil du dit opp over dalene nå, to stridige ting du må evne. Ti først må du seile med ørnen av sted høyt, høyt over jord og kavet, og så - må du vite å senke deg ned og krype med mosene lave". Eit nydeleg dikt av Theodor Caspari, som på ein måte seier så fint litt av dei tankane og lengslene eg går omkring med no i desse dagar. For no er det sommar og endeleg ferie. Den tida på året då lengten mot fjellet kjennest sterkast. Planane er klare og pakkinga er i gang. Kart og nødvendige ting er kjøpt inn, og i morgon skal GPSen forsynast med endå eit område som så langt er uutforska for meg. Så kan både eg og andre kjenna seg trygg på at det vert ein vellukka tur. - For no går lengten mot fjellet. Det skal verta godt å koma oppover i landskapet. Kjenna fjellvinden mot ansiktet og gå seg varm og sveitt. Berre få gå i time etter time og la tankane fara. Kjenna seg liten i den enorme fjellheimen og likevel veta at ein er betydningsfull. Og så kvar kveld nå fram til dagens mål. Koma i hus til mat og seng. Slike opplevingar gjev meining i tilværet og er gode minne å ta vare på i livet vidare. Dessutan går eg ikkje åleine. Mi kjære Tanja skal vera med. Den beste turkamerat ein kan ønskja seg.Sjølv om ho har vorte ei godt vaksen hundedame på 12 år, er ho like sprek som før. Saman med henne skal dagane i fjellet opplevast og nytast med alle sansar.
Posted by Picasa

mandag 11. juli 2011

Sommar 2011


Tida går så fort, og særleg denne lysaste årstida. Dagane glir unna og veker går over i nye veker. Prøver å halda fast på dagen i dag og nyta han det eg kan. Men så opplever eg det same på nytt at tida renn ut mellom fingrane på meg. Om ikkje lenge er også denne sommaren historie.
- "Lær oss å telja våre dagar, så me kan få visdom i hjarta!" Står det i Salme 90.12. Han fekk sagt det, den gamle vismannen som skreiv dette. Dagar som vart fort korte var vel ikkje ukjent for den karen heller, sjølv om han levde i ei heilt anna tid.
- Sjølv ser eg på biletet av kløverenga i full blomst og nyt synet. Fast bestemt på å få mest mogeleg med meg av det gode rundt meg. Ta det til meg og syga i meg alt som kan kjennast, sjåast og nytast av sommardagen i dag.
Posted by Picasa