mandag 27. desember 2010

Gå varleg


Gå varleg fram mot Betlehem.
Far stillt på fot når fram du kjem.
Stig inn i dette helga rom.
Kom stillt som fyrste gong du kom.

Trø varleg fram til krubba, bror.
Smyg av deg skorne for Guds Ord.
Stig fram til han med stille steg,
og vit at Barnet skapte deg.

Knel audmjukt ned i halmen, ven,
Skod inn i sjølve himmelen.
Sjå fingrane som spente ut
og skapte himmelen. Sjå Gud.

Bøyg hovud,ven, og sjå di von.
Lyft auge, bror, og sjå Guds son.
Sjå han som bøter våre brot.
Høyr gledebod i barnegråt.

Skreve av Hans Johan Sagrusten i 1995.

Posted by Picasa

fredag 24. desember 2010

Jul i sikte?


Julestria er over. Roen har senka seg over den vesle heimen min. Årets julekorrespondanse er fullført. Det vart 12 julebrev og 26 julekort å skriva i år. Gøy å driva med medan ein ventar på jula. Eg får ikkje på langt nær så mange att, men det gjer ikkje så mykje. Eg prøver å gle meg over dei livsteikna eg får frå den juleposten eg sjølv får, og så kjem det ofte nokre kort i romjula og, og kanskje nokre over nyttår.
Eg forstår godt at det er vanskeleg å verta ferdig med alt til jul, ein treng ikkje å ha stor familie for å ha det problemet. Men før eller sidan kjem ein i mål, og det trur eg at eg har no her hjå meg. Golvet er vaska, juladukane er på plass og mitt vesle juletre har dukka opp frå bua.

- Biletet viser julamaten til fuglane. På grunn av mange og lange snøbyger siste dagane har eg måtta laga til denne innretninga til mine flygande venner. Ein gammal skakkjørt paraply har kome til nytte.
- Pinnakjøtet er innan rekkevidde. Og Tanja og eg ønskjer GOD JUL til kvarandre og alle dei som skulle koma til å lesa dette.

Jau, jula ER i sikte. Så absolutt.

Posted by Picasa

mandag 13. desember 2010

Julekorrespondansen 2010


Det er advent enno ein gong og tida for årets julekorrespondanse. Den koselege tida på året då kontakten med venner og veninner langt unna skal pleiast. Mange gode stunder med spesiallaga julekort der framsida er pryda med kven andre enn Tanja. Den eine sorten av min firbeinte venn i ei blomstereng av kvitveis, og den andre der ho kosar seg i ei behageleg hundeseng. Desse korta skal spreiast blant mine venner utover landet med ein slags årsrapport frå avsendaren. Håpar det vert kjekt for mottakarane, - i alle fall er det fint å FÅ slike kort/brev, i tillegg til at det er kjekt å vera avsendar og.
Før dette går i postkassen skal det pyntast med fargar og klistremerke, med håp om at dette skal vera med å lysa opp i ei mørk førejulstid.
- Venner er gode å ha. Dei er det verdt å ta vare på.
Posted by Picasa