mandag 29. november 2010

Spennande bok


Her i mitt nærmiljø er det mange som har hund. Og stadig møter Tanja og eg våre firbeinte naboar når me er ute på våre 3 turar pr dag. Hundar vil alltid helsa på kvarandre, og då er det lett å koma i snakk med eigarane deira og. Og som hundeeigar vert ein godt kjent i nabolaget, då ein trålar omkring på kryss og tvers alle tenkjelege stader dag etter dag, år etter år. Det er nesten som ein kjenner kvar stein og kvar grastust. Ein får frisk luft og mosjon, noko ein neppe kan få for mykje av, men det tek ein del tid og. Så eg har funne min eigen måte å nytta den tida. For eg har ei anna interesse; lesing, som eg har funne ut kan kombinerast med hundelufting. Lesestoffet kan variera frå aviser og blad til mange forskjellege slags bøker. Så sant det er opphaldsver er det ikkje noko ulempe å ha med seg lesestoff når hunden må ut. Men eg har enno ikkje møtt andre som har oppdaga dette. Kanskje dei ikkje tør. Eller kanskje dei synest det ser dumt ut. Men eg gjer det altså, så får folk heller meina kva dei vil om det. Mine naboar er i alle fall vande med å sjå denne dama vandrande omkring med hund og lesestoff. Av og til har eg vore så oppslukt av lesinga at eg har gått rett på både skilt, boss-spann, gjerde og ......folk. Men stort sett har det gått bra. Kanskje ikkje heilt A4, og folk tenkjer vel sitt, men det er eg ikkje så oppteken av. Utandørs lesing foregår oftast i dagslys, men er lesestoffet interessant nok, har det hendt at eg har teke bøker med ut på kveldstur i mørkret. Med lommelykt går det så greitt.
- Her ein kveld gjorde eg nettopp det: Tok med meg ei bok eg hadde vanskeleg for å leggja frå meg, og tok fatt på kveldsturen, - og lesinga. Kaldt var det, men eg var godt kledd.

Ein forbipasserande (utan hund) stoppa og spurde kva eg dreiv på med der eg gjekk med bok og lommelykt.

- "Eg les ei spennande bok" gliste eg og ville gå vidare.

- "Kva er det for ei bok som er så spennande at du går ut i svarte natta for å lesa ho i 10 kuldegrader" ville mannen veta.

- "Soga om ein gammal gard på øynæ" var svaret han fekk.

Den forbipasserande rista på hovudet og himla med augene. Han sa ikkje meir, men tenkte vel sitt der han gjekk. Kanskje noko om at her var det ein person som ein burde fått innlagt ein stad. Jaja, eg gjekk berre vidare og hadde som så ofte før ei interessant lesestund for meg sjølv, der i mørkret på min vanlege kveldstur med Tanja..... Posted by Picasa

tirsdag 23. november 2010

Ute av drift


Ute av drift, i ustand, utsliten, kaputt, overbelasta, oppbrukt. Det finst sikkert endå mange fleire adjektiv som passar til hjelpepleiarar og andre som har brukt alle krefter og meir til i arbeidet sitt. Ein skal liksom vera så veldig effektiv i dagens samfunn, ikkje minst i helsevesenet. Alt er lagt opp til at ein skal springa frå det eine til det andre og vera supereffektiv med alle ting til ei kvar tid. Pengar skal sparast og budsjett skal haldast. Resultatet vert ofte oppbrukte pleiarar lenge før pensjonistalderen. Det er veldig lett å tenkja i slike baner når ein går sjukemeldt på 3.månaden utan at det er nokon særleg betring å sjå. Det er som ei ørkenvandring på sida av livet, -eller som å gå i kaldt og frose terreng (som biletet viser) utan von om å sjå spirande liv under alt det frosne ein gong.
Posted by Picasa