torsdag 29. juli 2010

Skal helsa frå fjellet


Eg trong ferie. Eg trong forandring. Eg trong plass og luft under vengjene. Då var/er fjellet rette staden. Etter den fine turen i Trollheimen for to år sidan, ønskte eg meg ein liknande rute der eg kunne ta Tanja med. Då vart det Sylane.
- Å gå ein runde på fire hytter i fjellet, der folk med hundar er velkomne, er eit godt botemiddel når plassen nede i dalbotnen og folkevrimmelen vert for trong. Utgangspunktet var ei hytte der eg kunne kjøra heilt fram og la bilen stå. Så var det å leggja i veg. Vermeldingane var ikkje dei beste,men ein kan ikkje la seg stoppa av det. Eg utstyrte meg godt,og sette av garde. Tanja, med sine 11 hundeår, såg ikkje ut til å vera plaga av alder og år. Ho la i veg som ein unghund. Stundom gav ho tydeleg uttrykk for at det gjekk for seint. Då sleppte eg henne laus ei lita stund slik at ho kunne springa av seg den overflødige energien. Ein slik overflødig energi må eg berre innrømma at eg ikkje hadde noko særleg av. Dagsmarsjane var lange nok. Om nokon spør kor mange timar det tek frå ei hytte til ei anna (slike spørsmål får eg stadig og dei er eg grundig lei av) så svarar eg at eg begynte å gå om morgonen og kom fram om kvelden. Og pausane var mange: 1-2 skikkelege matpausar, mange snopepausar, eit ukjent antal utsiktsnytingspausar,ein passeleg mengde fotograferingspausar, dei nødvendige wc-pausane og mange,mange få-att-pusten-pausar. For dette skal vera FERIE, altså noko anna enn det kvardagslege. Ikkje som eit maraton, og slett ikkje som arbeidet på ein sjukeheimsavdeling. Godt å kunna TA seg pausar når ein har behov for det, noko ein ikkje alltid kan sånn i det daglege.
- Eg FEKK verkeleg forandring desse fire dagane. Det var god anledning til å ta seg ut og tøya grensene. Frisk luft i massevis og mange hyggjelege folk å treffa og ta ein prat med. Spennande å koma over grensa til nabolandet og utforska den svenske fjellheimen som ikkje er så ulik vår. I alle fall ikkje i dei traktene der eg gjekk.
- Veret og hyttene var eit kapittel for seg: Den første vandringsdagen var det LITT regn. Den andre var det MYKJE regn. Dei to siste dagane var det berre sol og fint ver. Imponerande å sjå korleis personalet på hyttene tok det når dobbelt så mange folk kom ramlande inn dørene enn det hytta hadde plass til. Når alle i tillegg var klissvåte og tørkerommet altfor lite, kan det setja nokon kvar på prøve. Men utfordringane vart løyste etter kvart som dei kom. Då dukka det opp utrulege mengder med madrasser,sengklede og ikkje minst MAT. Ein må berre undra seg over kvar det kom frå.

- Har lyst å koma med ei helsing frå fjellet, - frå desse dagane som gjorde meg så godt: Det vil eg gjera med siste verset av eit dikt av Jon Østeng Hov:

SKAL HILSE FRA FJELLET

Skal hilse fra fjellet - det evige land,

der moskus og jerven har bolig.

Min lengsel dit inn er blitt som en brann.

Kun der får jeg fred og blir rolig.

Posted by Picasa

søndag 18. juli 2010

Ferie


Slik ser det ut på nattbordet mitt no. Mitt vesle juletre, som har "vikariert" som nattbordlampe, har endeleg teke ein velfortent ferie. Den nye rosa lampen passa perfekt på mitt rosa soverom. Han er komen langvegs frå, - heilt frå det store landet i aust. Og no står han og lyser av alle krefter her hjå meg, omringa av heile mitt skramleorkester som og gjer jobben sin grundigt og godt.
- Men det er ikkje berre juletre som treng ferie. Trøytte hjelpepleiarar og andre slitarar treng det i høgaste grad og. Og no er det denne hjelpepleiaren sin tur. Eg har snudd ryggen til jobben. Ofrar han ikkje ein tanke. Nei, tankane går heilt andre stader, - til fjells. Dei næraste to dagane vert det lang kjøring. Så ber det opp i fjellheimen i fire, forhåpentlegvis fine dagar. Og Tanja skal sjølvsagt vera med. Turen er godt planlagt, og me gler oss veldig !
Posted by Picasa