torsdag 27. mai 2010

Lev livet sakte


Det er mai, og Tanja og eg har begynt å reisa på hytta. Den lysaste, grønaste og finaste tida på året. Godt å koma til denne vesle , rolege staden og berre nyta livet. Då legg Tanja seg ned i den mjuke mosen med store mengder kvitveis rundt, snusar ut i lufta og har det så bra som ein hund kan ha det. Sjølv senkar eg skuldrane, set meg på hagebenken og lyttar til fuglesongen. Byen, bråket, stresset og jobben er langt, langt vekke.
- Og dette er berre byrjinga på ein lang og forhåpentlegvis fin sommar. Her er det godt å vera både for hund og menneske. Her tek me det med ro og lever livet. Sakte.
Posted by Picasa

torsdag 6. mai 2010

5 år med Tanja


Den 6.mai 2005, for akkurat 5 år sidan, skjedde det noko stort her hjå meg: Eg hugsar det så godt, det var ein fredagskveld, klokka var omkring åtte på kvelden. Det ringde på døra mi, og inn kom ei dame og ein stor, feit hund: Dama viste seg å vera frå omplasseringa og hunden var altså den som eg hadde funne på omplasseringa si internettside ca ein månad før. Besøket var venta, men det var nærmast eit sjokk å sjå kor svær hunden var. Ho var så utruleg brei over ryggen, og flesket dissa omkring henne. Dette var ei som hadde hatt det godt i matvegen. Men som og bar preg av manglande mosjon og altfor rolege dagar.
- Dette var altså Tanja. Frå den stunda ho gjekk over dørstokken min for første gong, tok eit nytt liv til både for Tanja og meg. Eg hadde vore utan hund i fire månader, og det hadde vore så altfor stillt og stussleg. Med Tanja fekk livet mitt nytt innhald og meining. Tosetarsofaen gjorde ho fort til sin. Ho lukta vel at den hadde vore hundesofa før. Og med rikeleg mosjon minka det overflødige hundeflesket fort. Vekta gjekk ned frå 32 kg til ca 24 - 25 kg, som er akkurat passeleg for ein hund som Tanja.
- Sidan har har eg hatt mange fine opplevingar i lag med Tanja. Ikkje minst på fjellturar, hytteturar og andre turar.
Snille, gode Tanja har forlengst vorte uunnværleg for meg. Ho er den beste hunden som finst.

Posted by Picasa