onsdag 24. mars 2010

Rot i stova


Skal tru kva slags tankar som fær gjennom eit hundehovud i desse tider. Kartongar,plastposar,boss-sekkar og store mengder klede ligg rundt omkring i stova, og for ein stakkars hund er det så vidt det er farbar veg mellom hundesofaen og matskåla. Tanja sender meg nokre fortvila blikk med jamne mellomrom. Ho lurer nok på om eg ikkje er riktig klok som har det så rotete i stova. Men ho kan ta det med ro. Eg har kontrollen. Kleda har eg fått frå folk som vil gje til dei fattige, og meininga med det heile er å senda det til det store fattige landet i aust for at det skal delast ut der til dei som treng det. Men først skal alt sjekkast,sorterast og pakkast i kartongar. Dette er eit meiningsfyllt arbeid som eg kosar meg med. Og eg veit at alt det eg sender kjem fram. Så får det så vera at det må sjå slik ut i stova mi i periodar. Det er verdt strevet. Og for dei uinnvidde kan eg sei at det er system i rotet.
Posted by Picasa

torsdag 11. mars 2010

Våt vår


Slik ser det ut på altanen min no. I mine auger eit trøysteslaust syn i forhold til korleis det har sett ut dei siste månadane. Den fine kvite snøen som har gjort meg så godt har forsvunne frå altanen. Det kom bekymringsmeldingar frå burettslaget. Dei var redde for at renner og rør skulle ta skade og oppmoda folk til å få snøen vekk frå altanane sine. Sist helg fekk eg hjelp med mesteparten av den jobben. Resten har tint etter kvart av aukande varmegrader og stadig meir intenst regn. Elles rundt omkring ligg snøen i svære haugar alle stader, og det vert nok ein lang historie å få vekk alt. Men prosessen er i gang. Det sutlar og dryp kvar ein vender seg. Vatnet finn sin veg og det einaste skotøyet som duger er høge støvlar.
- Det er våren som pressar på. Ein lang snørik vinter er til ende, og helst skulle han vart litt lenger, men eg får gle meg med det eg har fått av skiturar i år. Og det er mange, i skog og fjell både på øy og fastland. Ca 90 bilete har eg frå desse turane på ski, og dei minnene skal eg ta vel vare på.
- Forresten har eg eit lite håp om kanskje endå ein liten skitur eller to i fjella på øynæ i løpet av dei komande vekene fram mot påske. Der er det ofte litt kaldare enn her på fastlandet. Tenk om eg kunne fått det til! Det hadde vore ein fin avslutning på skisesongen.
Posted by Picasa