mandag 27. april 2020

Koronastengt

I sist veke var me så heldige, me vestlendingar, at me fekk besøk av eit uvanleg fint ver. Strålande sol og varme i fleire dagar, som om det skulle vore midtsommar. Det er ikkje kvardagskost her vest. Og slike sjeldne hendingar må nyttast. Eg er ikkje tungbeden når det gjeldt å koma seg til fjells. Men no i desse koronatider, for å unngå trengsel, fann eg det klokast å koma meg ut or sentrum mot ein av nabobydelane før eg steig i høgden.

Eg lengta meg vekk frå koronaprat og virusrestriksjonar og sette av garde mot ein av byens toppar. Eg tenkte at der måtte eg vel møta eit glimt av normale tilstandar, vekke frå skremslene frå nyheitene
som fyller sinn og tankar i denne tida.

Ja, det var godt med ein skikkeleg fjelltur. Herleg å kunna gå i berre t-skjorta og nyta den fine dagen. På toppen var det vindstille og skikkeleg varmt. Utsikten kunne nytast i alle retningar, og den gode gamle varden som har møtt meg der så mange gongar, stod der like traust som før.

Av gammal vane gjekk eg straks bort til varden for å skriva meg inn i boka som låg i postkassen der.
Men kva var det? Postkassen var dekt med plast og utanpå stod det STENGT med store bokstavar, etterfølgd av eit utropsteikn.
Oj, tenkte eg. Er verkeleg restriksjonane i låglandet kome så høgt i terrenget ?  Og eg som trudde eg kunne røma ifrå dei...
Då er det vel nokon som tenkjer at koronaviruset ligg og breier seg  inne i boka i postkassen der 486 m.o.h. Ja, kanskje det til og med formerer seg mellom linjene. Kven veit?

Skal ein kobla inn fornuften så er det vel små sjansar for smitte på ein slik stad, men er det likevel nokon som føler seg trua, så er det vel like greitt å stengja heile greia, for å vera heilt sikker.

Så eg gjorde sjølvsagt ikkje noko forsøk på å bryta meg inn i postkassen. Eg reknar med at det kjem ei tid etter koronaviruset. Normale tider.

I staden sette eg meg ned for å nyta varmen og solstrålane, -  og nista mi.
 Heldigvis er det fortsatt lov å gå fjellturar.






søndag 12. april 2020

Annleis-påska

Ja, det vart ein litt annan type påske i år. Det har me fått merka på så mange måtar. Litt rart å ikkje kunna gå i kyrkje og bedehus i ei så viktig høgtid. For der er det stengt som så mange andre stader. Sjølvsagt. Folk må nøya seg med radio- og fjernsynsgudstenester i desse dagar. Litt løye å sjå på den fjernsynoverførte gudstenesta i dag på 1. påskedag. Berre prest, organist og nokre songarar var til stades. I kyrkjebenkene var det tomt. For kyrkjelydane sit heime i stovene sine. Korleis må det vera for ein prest å snakka til tomme benker?

Og korleis må det vera for dei som har hytter som dei ikkje får bruka denne påska? Dei må nok tenkja intenst på at det kjem ei anna tid. Best å ikkje bryta dette hytteforbodet, elles ventar det saftige bøter, har det vist seg. Sjølv har eg ikkje hytte lenger. Og hadde eg hatt det, hadde det vore for kaldt å reisa dit no.

Så O. og eg sit inne og tek det heilt med ro. Det nyttar ikkje å ergra seg eller bekymra seg. Ein kan like godt ta det heilt roleg og gjera det beste ut av det.

Og det gjer me. O. sit med ei bok, som vanleg. og eg finn meg eit handarbeid elles noko lesestoff. Og så har eg dei vanlege lufteturane med Tinka. Så det går greitt.

Ein annan ting er at me har begge fødselsdagane våre i denne månaden, eg i morgon og O. i slutten av månaden. Då plar me gå ut og kjøpa oss middag. Oftast har me gjort det på hurtigruta. Det er berre ein 5-minutts spasertur herifrå. Slik vert det ikkje i år. Så eg gjekk på nærbutikken i byrjinga av denne veka og kjøpte ei lita kake, som vist på biletet. Det er ei knøttlita marsipankake med ein diameter på berre 17 cm. Men det held for oss to. Det får vera årets fødselsdagsfeiring for oss begge.

Likevel, me har eit håp om ei større feiring for O. etter kvart, sidan han har "stor dag". Men det får verta når koronaviruset har rast ifrå seg.
I mellomtida får me ta det som det kjem, gleda oss over sola som skin og det at påskebodskapen er den same uansett korleis det går.

Ønskjer GOD PÅSKE til alle som les dette.