mandag 12. august 2019

Fjellvandring 2019

Så vart det fjellvandring i år og. Denne gongen i nærleiken av der me var i fjor, men som biletet viser, i eit heilt anna ver. I fjor fekk me urimeleg mykje regn. I år betrakteleg betre, i alle fall i byrjinga av turen.

Biletet viser Hardangervidda vest i strålande sol på flotte stiar. Det kunne ikkje vore betre. Når det er slik er det fantastisk å gå i fjellet. Men dette er glansbiletet av fjellvandring. Fjellvandrarar veit at brått kan veret slå om til skikkeleg ruskaver, og det er vel kanskje det mest vanlege. Så det gjeldt alltid å nyta kvar solstråle og elles ta det som det kjem.

Dei raude T-ane viste vegen og dagane var lange og lyse. Ryggsekkane var pakka for alle slags eventualitetar angåande ver og temperatur. Og det må dei vera. Fjellet kan visa andre sider enn dette glansbiletet sjølv om det er sommarstid.
Etter nokre dagars vandring kom me til denne brua. Ho viste seg å verta ei stor hindring for å koma vidare. Altfor stor. Hengjebruer møter ein ofte i fjellet, men denne var smal og usikra, utan netting på sidene. Dessutan måtte ein opp ein stige på 5-6 trinn for å koma opp på sjølve brua. Me tobeinte hadde vel greidd det, men for mi kjære Tinka vart det umogeleg. Hundar går ikkje i stige. Det var ikkje å tenkja på, og elva var for stri til å vassa over. Dermed måtte me berre snu og klekkja ut ein plan B.
Etter å ha vandra attende til utgangspunktet, og kjørt i ein litt annan retning, hamna me på denne vakre staden, ei DNT-hytte i fjellområdet Stølsheimen. Der slo me oss til nokre dagar.

Dei siste tre kvartera før me nådde dit, sette det brått inn med intenst regn, så me fekk eit vått førsteinntrykk av staden.
Men dagen etter møtte oss med strålande sol heilt frå morgonen av. Dei to bygningane + eit utedo låg så fint til mellom to vatn, og alt var blikkstillt. Eg bestemte meg for å ta eit bad. Og eg kunne ikkje finna meg ein finare stad til det. Mine to turvenninner sat på land medan eg sumde omkring i det reine og tempererte fjellvatnet - lenge...Eit godt minne frå ei perle av ein stad.

Etterpå trekte me innandørs, og etter nokre timar var det slutt på godveret. Me høyrde buldring av torden i det fjerne, og det skulle halda på lenge; fem timar med lyn, torden og påfølgjande regn, medan me sat inne og hadde det tørt, trygt og godt.

I ettertid fekk me vita om dei svære rasa som hadde gått medan me sat der i  hytta. Det vart for mykje vatn enkelte stader, og det tok med seg store mengder av natur, verdiar og eit menneske. Det er fortsatt i nyhetssendingane.

No er me forlengst heime att. Med ferske inntrykk og gode minne. Me fekk oppleva fjellet sine lunefulle svingningar. Men let oss sjølvsagt ikkje skremma av vekslande ver. Det må ein ta med.  Det er berre slik.
Tinka-vofsen og eg sender nokre tankar til ei viss dame i nabofylket i nord og takkar for fint samver på endå ei flott vandring i fjellet.