fredag 28. juni 2019

Rosene mine

Er det nokon som lurer på kva dette er? Det kan kanskje sjå ut som eit månelandskap. Eller eit Europa-kart. I alle fall ei samanblanding av fine fargar. Då eg spurde min kjære O. kva han meinte det var tippa han på ein matrett, kanskje eggerøre.

Men svaret er eit heilt anna. Det hadde seg slik at me var sju halvgamle damer i sin beste alder som var ute på restaurant for å ha oss eit betre måltid. Me hadde funne oss eit bord, og rigga oss til der. Stemningen var god, og me prata i veg om alt og ingenting, sommarplanar, siste nytt og elles alt mogeleg mellom himmel og jord som damer skravlar om når dei kjem saman.

For å bestilla maten måtte me gå ned ei trapp. Det burde vera enkelt nok, men ting går ikkje alltid etter planen. Kva som så skjedde, har eg ikkje heilt klårt føre meg, for det gjekk så fort. Kanskje eg steig skeivt, eller glei. I alle fall for eg på hovudet der i trappa og rulla eit godt stykke nedover.
 Bleik og fortumla fann eg meg sjølv att nedst i trappa. Ein tilsett kom springande og ville tilkalla ambulanse, men det fekk eg avverga. Har vore ute i hardt ver før, så dette måtte eg vel greia.
Dei andre damene tok seg av meg, og det mangla ikkje på omsorg.

Etter å ha teke det med ro litt, og fått att ansiktsfargen, måtte eg no kjenna etter om min 61 år gamle kropp var like heil, noko han var. Men eg hadde fått ein diger kull i panna, og eg følte meg temmeleg møyrbanka. Brillene hadde fare sin eigen veg og var dugeleg skeive. Dei tilsette synest at etter eit slikt fall ville dei spandera gratis middag på meg. Imponerande fint gjort av dei.

Om litt fekk eg støtta meg opp trappa att,sjølv om eg hadde vondt både her og der.
 Trappa var lang og hard, med metall ytst på kvart trinn. Så eg hadde fått skikkeleg bank. I ettertid oppdaga eg kular og blåmerke over store delar på kroppen i tillegg til nokre skrubbsår.
Og det er ei av  desse "rosene" mine som er avbilda her.

No er det fleire veker sidan dette skjedde og kroppsfargen nærmar seg det normale. Eit legebesøk i ettertid bekrefta mistanken om brist i eit sidebein. Men det ordnar naturen, med litt tid.

Brillene derimot har sagt takk for seg. Dei må skiftast ut ved første anledning. Det var berre så vidt dei hang i hop etter den ville ferda i trappa, og no i dag då eg stod på badet med brillene i hendene datt brått eine glaset ut og rett i do. Så det er ikkje måte på uflaks.

Men eg har hatt flaks og. Hadde eg vore beinskjør, hadde trappefallet fått heilt andre konsekvensar.

Forresten er det heile litt pinleg og. Eg som går i fjellet til stadighet, i all slags kupert terreng, og så greier eg ikkje føta meg i ei trapp...