onsdag 12. april 2017

Utflukta i Honningsvåg

No har det gått over ein månad sidan me kom heim frå den fine vinterturen til Nord-Norge. Det var godt å koma nordover til all den fine snøen. Det gjorde godt for ein snøhungrig vestlending. Berre synet av snø la seg som eit plaster over mitt regnvåte sinn. Og enno tviheldt eg på vinteren med å sjå på bilda frå turen mot nord. For det vart vanskeleg å gje slepp på vinteren i år sidan me ikkje har hatt nokon skikkeleg vinter. Det har berre regna og regna og regna, og det vesle som kom av snø, smelta nesten med ein gong.
Ikkje ein einaste skitur !!   Hmm...

Tidlegare har eg fortalt om den fine hundesledeutflukta i Kirkenes. Veldig kjekt. Men eg hadde ei anna utflukt på turen og, då eg kom til Honningsvåg,  som var mindre planlagt. Og bakgrunnen for den "utflukta" tok til heima i stova eit par dagar før me sette oss på hurtigruta:

Eg hadde nett støvsugd, og var i ferd med å setja støvsugaren på plass att då han brått glapp ut or hendene mine og datt ned på eine foten min. Det var storetåa på høgre foten som måtte ta støyten. Det var grueleg vondt, eg hylte og Tinka kom springande for å trøysta. Men det hjelpte lite på den dundrande smerta.
Min kjære O. hadde vondt i foten i frå før, og no var han ikkje lenger åleine om den saka.
Jaja, tenkte eg for min eigen del, det går vel over. Ei vond tå kan vel ikkje vera så gale. Så då avreisedagen kom, sette me oss på hurtigruta og for av garde.

Men siste ord var ikkje sagt, for tåa. Ho verkte meir og meir for kvar dag, så etter kvart fekk eg problem med å føta meg. Då forstod eg at det var ikkje veg utanom;  Eg måtte til lege. I mellomtida hadde me kome til Finnmark. Så langt nord som ein kan koma i dette landet.
 Er det noko helsevesen så langt nord då, tenkte eg. Og det var det altså. Då MS Lofoten la til kai i Honningsvåg hadde eg alt fått time på Norges nordlegaste legekontor. Ein drosje frakta meg dit, ein fin tur gjennom ei vinterkledd gate. og eg fekk snart erfara at folk der oppi nord heldt seg friske: Eg var einaste pasient, i alle fall på det tidspunktet. Tåa fekk diagnosen betennelse, og eg fekk både antibiotika og smertestillande. Etterpå vart det drosjetur attende same vegen, først innom eit apotek der det heller ikkje var nokon kø, så ombord att på hurtigruta.  Drosjesjåføren høyrde tålmodigt på meg då eg klaga meg over det evigvarande regnet i Bergen, og det enda med at han sa at neste gong veret gjorde det uuthaldeleg i Bergen, så var eg velkomen til å flytta til Honningsvåg.  Greitt å vita.

Dette var den uvanlege utflukta. Då dei andre passasjerane for med bussen til Nordkapp-platået, hadde eg mi eiga utflukt. Veldig kjekt å koma i kontakt med lokalbefolkninga på den måten.
 Og heima att i Bergen har eg eit handfast minne: Kvitteringa frå Nordkapp Legekontor i Honningsvåg, verdas nordlegaste by.
 Det skal eg ha som souvenir.