fredag 25. desember 2015

Jul 2015

Tidleg i haust tok eg til å forhandla med den Allmektige om ei kvit jul og ein snørik vinter. Eg la det fram for Han og begrunna det godt og grundigt. Så var det berre å venta. Men etter som det lei utover hausten, såg det meir og meir svart ut når det gjaldt bønnesvaret. Mørkret og spesielt regnet seig innover vestlandet i uante mengder. Dei fuktige naturkreftene har gått langt utover sine grenser. I desse dagar snakkast det om nedbørsrekord. Og mang ein vestlending har fått sjø og elvar inn i stovene sine. Ein kan riva seg i håret og hyla i protest, men det hjelper berre så sørgeleg lite. Frustrasjonen auka i takt med dei dystre vermeldingane. Kvifor i all verda skulle eg verta fødd som vestlending ? Kunne eg ikkje like gjerne kome til verda i det indre av austlandet eller ein snørik stad i nord-norge ? Sjølvsagt går det an å flytta, men så var det dette med røtene. Oftast hamnar vel folk i nærleiken av heimtraktene sine, i alle fall etter ei tid.
Slik kan ein tenkja når det vert i meste laget med drittver. "Men når vårsol i bakkane blenkte...." som det står i ein song, så vert ein verande der ein er. Sjølv om det er lenge til vårsola.
  - Vel vel, kontakten med høgare makter førte ikkje til det eg ønskte og håpa på. Det er vel ikkje så greitt å gjera alle til lags. Kanskje det er like håplaust å be om snø på vestlandet som det er å be om regn når vinden kjem frå nord. Uansett så kan ein ikkje gjera noko med veret. Får heller satsa på eit liv innandørs.
  - Men kva har dette verpratet med bildet å gjera ?  Ikkje godt å sjå kva det er med det same, men går ein litt nærare, kan ein sjå at dette er opphengte huer forma som eit juletre. Og dette finn ein i "Barnas Katedral" i verdas våtaste by. Kanskje eit innsamlingsprosjekt som skal vidare til dei trengjande...? Og dette fekk me med oss på sjølvaste julafta, gudstenesta der. Flott påfunn, tenkte eg då me gjekk derifrå i det fæle regnveret som skulle vore snø....

onsdag 9. desember 2015

Våt vinter i vest

Dette bildet er teke nett utanfor heimen til O. og meg.
Sporvane på bildet her er ikkje så lett å få augo på. Dei er så små og går nesten i eitt med det gråbrune treet
dei sit i. Sjølv ønskjer eg meg skikkeleg vinter med kulde og snø. Men desse skapningane ser nok helst at dei slepp det. Utfordringane med å overleva vinteren er vanskeleg nok om bakken er berr.
Uansett virkar det som om dei set pris på litt menneskeleg hjelp til å fylla dei små magane sine i desse kalde og våte tider. Håpar dei får det dei treng for å overleva den lange vinteren, og at dei har eit lite krypinn der dei kan gå inn og varma seg.