onsdag 2. september 2015

Uvanleg sommar

  

Nyt dette bildet. Det er min tradisjonelle sommarhytteutsikt. Kvar sommar i mange år har eg kunna nyta denne utsikten frå mai til september. Med tilhøyrande fuglekvitter og skogens ro. Alltid har det vore godt å koma hit frå byliv og ein stressande arbeidssituasjon. Nokre dagar på denne staden og med denne utsikten har gjort hund og menneske i stand til å koma attende til kvardagen med fornya krefter. Slik har det vore i mange år, og slik håpar eg det vert i mange år framover. Med eit stort unnatak: Denne sommaren, som vart så heilt annleis enn andre somrar. 
  - Det var mor sin sjukdom og bortgang som snudde opp-ned på alle sommarplanar. Brått hadde me ein leilighet/ ein heim som skulle avviklast. Og det driv me fortsatt med. Mykje arbeid. Vasking og ordning, i tillegg til det å venja seg til at ein person er vekke. 
  - Så får det heller vera med årets hyttesesong. Hytta står der og det vil ho mest sannsynleg halda fram med. For tida stoppar ikkje opp om me møter store endringar i livet. Klokka tikkar vidare og me må hengja med.
Nye hyttesesongar vil koma, og det har eg begynt å gle meg til.