torsdag 30. juli 2015

Lommeboka som forsvant

Dette er mi gamle lommebok. Ho ser noko medteken ut, men det har sine grunnar.
  - Etter ein liten tur på byen ein heilt vanleg formiddag forsvant lommeboka tilsynelatande frå jorda si overflate. Med bankkort, førarkort og alle andre kort. Sidan vart ho verande "vekke".
Var ein tur på politistasjonen og melde henne sakna. Men om ho var stolen eller forlagt kunne eg ikkje heilt gjera greie for.
  - I tida som følgde tenkte eg naturleg nok på kva som kunne ha skjedd. Eg kan vera noko surrete i hovudet stundom, så det skulle ikkje forundra meg om forsvinninga hadde skjedd etter at eg kom i hus etter den byturen. Så O. og eg leitte høgt og lågt både lenge og vel, men utan resultat.  Måtte berre innsjå at mi store innhaldsrike lommebok var tapt. For det var ikkje berre pengar og kort som forsvant. Eg hadde så mykje anna og inni der: Bussbillettar, ferjebillettar, kvitteringar, ein blyant, eit hefte med rekneskap, frimerke, huskelappar, hundeposar og plasterlappar. Altså allslags nødvendige og unødvendige ting som eg drog med meg overalt. Så 12.mai, den dagen ho forsvant, var ein sorgens dag..
I ettertid har eg sjølvsagt erstatta det tapte (bortsett frå pengane)  Men då det var i boks,var det ein ukjent, men ærleg mann, som ringde og sa at han hadde funne ei lommebok som måtte tilhøyra meg !!
Jammen ei lukke at eg hadde forsynt henne med namn, adresse og telefonnummer !!
  - Mannen hadde funne henne delvis under ein bosscontainar  langt unna der eg var den dagen ho forsvant.
Berre 10-15 minuttar etterpå var eg foreina med det tapte, og gleda var sjølvsagt stor.
Mi stakkars lommebok var naturleg nok prega av å ha vore ute i allslags ver i to og ein halv månad i Norges våtaste by. Og innhaldet var så som så. Men det viktigaste var at ho vart funnen, og at eg hadde fått ei forklaring på kva som hadde skjedd:  Ho må ha vorte stolen frå ryggsekken min på den byturen utan at eg hadde merka det.
  - Når det gjeldt lommeboka si framtid, så skal ho få det betrakteleg betre enn ho  har hatt det den siste tida. Ho skal pensjonerast, og liggja varmt og trygt her i heimen.
  - Det er som med menneske. Ein kan koma seg etter harde slag i livet. Ein kan finna nytt livsmot og ny meining i livet sitt. Det gjeldt å sjå framover. Og ta imot kvar ny dag med glede og takksemd.