torsdag 25. desember 2014

Jul 2014


Dette vesle juletreet med sjølvvatningspotte og julapynt vart levert på døra to dagar før jul.
 Nokre studentar  skulle heim til jul, men i staden for å la juletreet vera åleine på hybelen, fekk me tilbod om å låna det, mot å fylla litt vatn på det av og til. For dette er eit "ekte" tre; eit slikt som kjem frå skogen.
Med granlukt og nåledryssing.
 No står det så fint og pyntar opp i her heimen vår.




Ein annan stad i stova vår står det "vanlege" julatreet vårt. Det som plar dukka opp frå bua kvart år på denne tida. Dette er garantert dryssefritt. Og hjelper til med å spara granskogen.
  - Ved sida av står eit bilde av vår kjære Tanja som forlot oss i året som var.
No feirer O. og eg jul og kosar oss med det.  Med minnene etter Tanja, og alle andre gode minne.

fredag 12. september 2014

Sorg

   
Mi kjære Tanja, verdens beste hund, er ikkje lenger i blant oss.
 Ho forlot  oss for nokre dagar sidan, like stillt og fredeleg som ho hadde levd. Og tida var inne. Ingen tvil om det. Med sine 15 år og 3 mnd fekk ho eit uvanleg langt hundeliv. Og eg var så heldig som fekk ha henne i 9 år og 4 mnd.
  - Tanja har vore sterk og hatt ei god helse, men for nokre veker sidan tok ho til å skranta. Gjekk og trava att og fram i leiligheten og fann ikkje roen. Søkte oppmerksomhet heile tida, og ville helst sitja på fanget og liggja i senga saman med oss.noko ho ikkje har prøvd på før.
Hadde ho smerter? Var det det ho ville sei oss? Ting kunne tyda på det. Etter ein tur på dyreklinikken, fekk me vita etter blodprøvar at noko var gale med bukspyttkjertelen. Og sikkert meir i samband med det. Etter eit par dagars betenkningstid, valde med me å avslutta livet hennar. Ei forferdeleg tung avgjerd. Men me ville ikkje at ho skulle lida meir enn det ho alt hadde gjort. Så Tanja fekk sovna inn der på dyreklinikken, med armane mine rundt seg. Det gjekk så fint og forsiktig for seg. Og heilt utan smerter og ubehag for Tanja.

 No har ho fått si grav ved hytta, attmed sin forgjengar.

          - Tanja har funne fred. Men tomrommet og saknet er stort etter henne. Tårene sit laust i slike tider.
Eg får aldri att ein hund som Tanja.



lørdag 19. april 2014

Min 56-årsdag

Denne kaka som eg fekk til årets fødselsdag for nokre dagar sidan, må få koma med i bloggen min.
Aldri har eg fått ei så fin kake på dagen min, og avsendaren var min kjære O.
Og så vart det middagsselskap, kakefest, song og gåver. Det var ikkje måte på. nesten som eg kunne verta aldeles bortskjemt.
Feiringa skjedde nokre dagar på etterskot som ein kan sjå på datoen på bildet. Uansett så var det kjempegøy, og minnene føyer seg inn i rekkja av så mange gode minne som eg har fått særleg dei siste åra.
Kaka vert eten med stort velbehag saman med O.sine born og barneborn. Og litt restar vart det så me kunne kosa oss litt med i dagane som følgde.

søndag 5. januar 2014

Draumen om snø..........


Dette er draumen. Tørr fin snø i rikelege mengder. Sol frå klår himmel som får snøen til å glitra som diamantar. Eit skispor som strekkjer seg oppover i terrenget. Ei jublande glad Tanja som spring laus ved sida av. Alt er berre lyst og fint. Og det gjer så godt !

Eg sit heime i stova og tenkjer attende på denne skituren i fjor og ønskjer så inderleg at det skulle vore slik no. Men slik er det ikkje. Langt ifrå. Det har regna i lang,lang tid. Haustregnet gjekk over i juleregn, som fortsatte i januarregn. Og ingen ting tyder på at veret skal forandra seg med det første. Slik har det vore månad etter månad. Å sjå på vermeldinga er trøsteslause greier. Kva skal ein vel gjera når ein er så lyshungrig og ønskjer så gjerne ein skikkeleg vinter med snø og kuldegrader...Eg håpar og lengtar og ønskjer og ber om snø.
Men kva hjelper det når eg har ein mann som ber om det motsatte?
Stakkars Gud som har så mange forskjellege bøner å forholda seg til. "Til lag såt alle kan ingen gjera".
Men før eller sidan må det vel verta eg som får ønskjet mitt oppfyllt....?

Eg set meg godt til rette i stolen og håpar, ønskjer, lengtar og ber vidare.................................
Posted by Picasa