"Kvila på vegen gjev styrke i bein". Desse orda er å finna høgt til fjells, 1160 m.o.h. langt utanfor allfarveg ein stad i dette flotte landet vårt. Ved ein slottliknande byggverk laga av byggmaterialar frå naturen sjølv. Langt måtte eg for å finna det, men det var verd den bratte klatringa.
- Sjølv har eg funne mine stader å henta styrke frå, og det er så visst ikkje i låglandet. Då må eg til fjells, oppover i terrenget, sveitta og streva, pusta og pesa, helst oppå toppane. Då kjem løna for strevet - utsikten.