søndag 14. april 2013

Frå "steinalder" til 2013


Det hender at eg tek store steg, og no har eg gjort akkurat det. Gårsdagen var min eigen fødselsdag og steget var frå den gamle mobiltelefonen t.h. og til vidunderet smarttelefon t.v.

     - Det var på tid, ville sikkert den yngre generasjonen ha sagt. Og eg har nok opplevd at folk har rista på hovudet av meg som har gått omkring med ein slik "steinalder"telefon.  Men  etter som åra har gått har eg tenkt som så at det er for gale å skifta ut noko som fungerer. Og den gamle har sanneleg vore god. Han har vore ein slitar som kunne fortent ein medalje. Mange hundre gongar har han dotte i golvet, opna seg og fått innmaten strødd rundt omkring. Då har han sjølvsagt slokna. Men straks han har fått dei indre delane på plass att har han fungert som før. Det kan ein ganske sikkert ikkje sei om dagens meir moderne mobiltelefonar. Kan nok ikkje rekna med at den nye tåler same medfarten som den gamle. Så no får eg begynna å verta meir forsiktig.
  - Og så er det det at ting varer ikkje evig. Ikkje ein gong ein hardhaus av ein Simens kjøpt for sikkert 10 år sidan. I den siste tida har han begynt å visa teikn til alderdom. Meldingar kom ikkje fram, og brått kunne han finna på å slokna, tilsynelatande utan grunn. Det skjedde stadig oftare. Så etter kvart måtte eg innnsjå at eg kunne ikkje verta verande i steinalderen.

  - Det store steget frå gammalt til nytt vart teke i samband med min 55-årsdag som altså var i går. Min nye Samsung vart finansiert av min kjære O. og er såleis ei fødselsdagsgåve frå han.
  - Dermed er eg på full fart inn i ei ny teknologisk verd. På førehand har niese M. bidratt til ei begynnande innsikt i den verda, med informasjon og nyttige opplysningar. Og det kan vel henda at eg treng meir hjelp av henne no framover, for noko skriftleg bruksanvisning var det smått med. Dei som sel slikt reknar vel med at folk følgjer meir med tida enn det eg har gjort. Men no framover håpar eg å ta att litt av det forsømte. Spennande!  
Posted by Picasa

mandag 1. april 2013

Påskever


Det er ikkje ofte ein får lyst på ta bilete av vermeldinga, Men årets påskevermelding var så eventyrleg vakker at det eigna seg ypperleg for fotografering. Og folk som kjenner meg veit at eg fotograferer bortimot alt mogeleg, og helst slike ting som ein kan ta fram seinare og gle meg over.Det gjeldt å ta vare på gode minne.  Og eit slikt sjeldant fenomen som denne påskevermeldinga MÅTTE forevigast. Helst skulle ein rama det inn og hengja det på veggen.
Og det beste av alt: Veret i påska vart som meldt !
Posted by Picasa