lørdag 30. juni 2012

Klesskap frå Ikea.

  - Det første folk ser når dei kjem til meg er dette skapet. Det er flunkande nytt og står her i gangen min og lyser opp som den finaste sommardag. Det gamle skapet som stod der, var så prega av alder og slitasje, at det var modent for utskiftning. Det har det eigentleg vore lenge, men dei som kjenner meg veit at eg rir ikkje alltid den dagen eg salar. Korgene inne i skapet skulle liksom hengja så fint, men det er det lenge sidan dei har gjort. Stadig oftare datt dei ned, i takt med min aukande frustrasjon. Berre eg kom så vidt bort i dei, eller viss eg skulle vera så uheldig å pusta på dei, ramla dei ned på botnen,alle saman og vart liggjande der. Med innhald. Då var det ikkje særleg gøy å leita etter ting når ein trong dei.
  - Men når nauda er stor er hjelpa nærast, heiter det. Og no når nye, store Ikea har kome nesten inn i mitt nærmiljø, treng ein ikkje fara så langt etter det som må skiftast ut.
  - Me fann snart ut at skal ein dit, bør ein vera god til beins og ha rikeleg tid. Vel innanfor veggane, fekk eg kjensla av å ha kome inn på ein internasjonal flyplass. Svære rom, lange gangar,  og eit enormt utval av nær sagt alle ting. Høgtalaren gjorde og sitt til at det var omtrent som om eg skulle ut å reisa. Men O. og eg skulle altså berre ha eit skap. Etter ein solid marsj på kryss og tvers fannn me endeleg skapa, og bestemte oss for eit som eg trudde skulle passa bra hjå meg.  Det utvalde skapet var 2,36 meter høgt, og med ei slik diger sak er det ikkje greitt å kjøra Nissan Micra sjølv om skapet var flatpakka.  Men det er utruleg kva som går. Etter mykje tenkjing og jobbing hamna skapet til slutt i min vesle heim.
  - Å montera Ikea-møblar plar vera ei grei sak.  Men eit skap viste seg å vera ei større utfordring enn   bokhyller og kommodar som eg hadde sett saman før. Både O. og eg måtte leggja hjernane våre i bløt i fleire dagar. Reine intelligenstesten. Men etter 3-4 dagar stod skapet der så fint.  Og der håpar eg det får stå i mange år og gjera nytten sin. Posted by Picasa