torsdag 31. mars 2011

Verdens finaste øy



Våren er komen og ein ny vår/sommar-sesong er i emning. Nydeleg natur og fint ver gjer at ein ser framover til nye turar i skog og fjell. Hund og menneske gler seg til å sjå nye stader og bestiga nye toppar. Dagane vert stadig lengre, og planar er klare. Det klør i armar og føter etter å ta fatt. Ikkje er det vanskeleg å finna reisemål og turmål heller med så lett tilgang til verdens finaste øy. For denne øya stiller med det meste: Fjordar og fjell, skogar og dalar. Naturperler i mengder. Det er berre å finna fjellskorne.


- Vinteren som nett har vore, var ikkje så verst. Men det kunne vore meir snø og kulde. Fleire skiturar stod høgt på ønskjelista. Særleg etter at eg endeleg investerte i nye ski. Men det vart ikkje meir enn eit par slike turar. Så ein får ta det ein får. Det vert vel nye vintrar...


- Den firbeinte av oss har forlengst kome seg etter den store operasjonen ho var igjennom i romjula. Lenge gjekk ho omkring med glattbarbert mage, men den saka har ordna seg, så det 20 cm lange arret på magen er ikkje lenger så synleg. Og hunden sjølv er attende i same gode formen.


- Ja, eg ser fram til nye opplevingar i skog og fjell med mi kjære Tanja. Og kanskje greier me å få med oss nokre fleire.....? Det hadde vore ekstra kjekt.

torsdag 10. mars 2011

Frå tanke til handling

No har det endeleg skjedd. Eg har kjøpt meg nye ski ! Dei gamle treplankane frå 1970-talet, produsert på øynæ, har tent meg trufast i alle desse åra. Tidas tann har slipt dei grundigt ned. Vasstrukne og runde i kantane har dei vorte og dermed bort imot ustyrlege. I nedoverbakke lever dei sitt eige liv. Likevel har dei vorte ein del av vinteropplevingane mine både i fjellet og i låglandet. Og mange gode minne sit eg att med. Men etter som åra har gått har skiturar foregått med aukande forsiktighet, særleg i unnabakke. Ein skal helst koma frå det med liv og helse i behald.
- Men alt har si tid. Og tida for ski-utskiftning er komen for lenge sidan. Faktisk har eg tenkt på det i 20 - 30 år. Så dette er ikkje noko spontanhandling, men eit av langtidsprosjekta mine. Ein kan vel kalla det ei storhending i mitt snart 53-årige liv. Ein milepæl. Det har sanneleg vore eit godt stykke frå tanke til handling. ...Det som ligg framføre no er eit nytt liv i skisporet.
- Dette var i går. I dag har eg vore og prøvekjørt dei nye skia. Og glien er rikeleg til stades. Både framover og bakover. Det siste reknar eg med finst hjelp for. Alt i alt er det eit stort steg framover.
Kva som skjer med gamle-skia er litt usikkert. Men selja dei kjem ikkje på tale(det er vel neppe nokon som vil ha dei). Dei høyrer vel meir heime på eit museum, tenkjer eg.
Posted by Picasa