mandag 31. januar 2011

Hålkeføre

Det er midtvinters og eg går enno og ventar på skiføre. Ventar og ventar. Minnast dei flotte skiturane sist vinter, og ventar. Lengtar til skogs og til fjells, men som biletet viser er der knapt råd å føta seg. Ja, det er mykje hålkeføre rundt omkring no, og det har det vore lenge. På søndagsturar og andre turar må ein sko seg godt, elles er vegen kort til legevakt og sjukehus med brotne bein og det som verre er. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: I desse dagar er det skobutikkar og andre som sel broddar som trekkjer det lengste strået. Endeleg er turen komen til dei. Salet av broddar går kraftigt opp i slike tider, og me andre får unna dei det. Så får eg og andre som drøymer om skiføre, trøysta oss med at det kjem alltid eit veromslag. Og skal me vera riktig optimistiske kan skiturane vera nærare enn me anar. Det er enno lenge til våren.
Posted by Picasa

torsdag 20. januar 2011

Tanja i underbuksa


I lange stunder kan min firbeinte venn liggja her i sofaen sin. Det er hennar plass og der føler ho seg trygg. På dette biletet ligg ho med halve kroppen utanfor sofaen, men like trygt ligg ho. Det er som om tilliten til matmora lyser ut or dei gode hundeaugene. Og blikket hennar er oftest festa på meg, i alle fall den tida ho ikkje søv.
Påkledningen er eit kapittel for seg: Den kan minna om ei slags sparkebukse, eller kanskje eg skal sei ei god gammal makkounderbukse av det slaget som bestemødrene brukte i min barndom. Eit unødvendigt plagg for ein hund vanlegvis, men i dette tilfellet tener det ei god og viktig hensikt: For 3-4 veker sidan måtte Tanja under kniven. Ho hadde vore sjuk i jula og nokre dagar før. Slapp og trøytt og utan matlyst. Altså heilt ulik seg sjølv. Ein tur til dyrlegen i romjula bekrefta at ho hadde ein stor livmorbetennelse. Ho vart innlagt på flekken og operert same dag. Det viste seg at betennelsen gjorde at livmora hadde vakse til 1200 gram, medan 100 gram er det normale. Ikkje rart ho hadde vore dårleg.
Etter ei natt hjå dyredoktoren fekk eg henne heim og rekonvalesensen tok til. Dei første dagane klaga ho seg ein del. Hadde sikkert vondt.
Den første tida gjekk det på smertestillande og antibiotika. Og ho fekk ikkje lov å gå tur. Berre utom døra og gjera det mest nødvendige og så inn att. Dessutan kvidde ho seg for å gå i trappa, særleg nedover.
Men ho kom seg utruleg fort. No er ho nesten heilt i orden att. Ho kan forlengst gå turar att, og no rasar ho ned trappene nett som før. Det einaste me ikkje har prøvt enno er fjellturar. Men det skal det verta ei råd med i nær framtid, håpar me.
Posted by Picasa