torsdag 29. februar 2024

Til minne om bestemor


 Dette nydelege fatet hang i mange år på kjøkkenveggen hjå mi kjære bestemor. Kvar gong eg var innom måtte eg sjå litt ekstra på det. Mine fem første leveår var eg så heldig å ha bestemor til nabo. Då kunne eg springa bort til henne så ofte eg ville. Der var det alltid godt å vera. 

Men den sommaren eg var fem år flytta me til ein stad i utkanten av bygda. Far hadde bygd hus der. Det vart ein stor forandring å flytta frå ein liten loftleilighet til eit heilt hus. Ulempa var at det var ikkje lenger så enkelt å besøkja bestemor. Brått var det fleire kilometer å gå for å koma til henne. Likevel held eg sjølvsagt kontakten med henne. Mange gongar gjennom åra gjekk eg bort til henne, særleg når det var trøblete i heimen. Og det var ofte. Hjå bestemor var det alltid godt å koma. Der vart eg alltid møtt med gode ord, kakao og bollar. Har mange gode minne etter bestemor. Ho var den einaste av mine besteforeldre som levde til eg var vaksen. Ofte då eg besøkte henne hadde eg med meg Turid-vofsen, min barndoms hund og beste venn. Då fekk ho og smaka godsakene til bestemor. Då søstra mi og eg var små, leika me med papirdokkene til bestemor. Dei hadde ho liggjande under voksduken på kommoden på soverommet sitt. 

Seinare, då eg vart skulejente, hende  det at eg sprang bort til bestemor etter skuletid, for å unngå mobbing på skulevegen, noko som det var mykje av. 

Åra gjekk, og eg var mykje innom til bestemor. Ho betydde mykje for meg. Alltid fint å sjå det fine fatet som hang på kjøkkenveggen der. 

Då eg flytta heimafrå som 17-åring, kom eg ikkje så ofte til bestemor, men når eg reiste heim på besøk, var noko av det første eg gjorde å gå bort til bestemor. Siste gongen eg såg mi kjære bestemor var dagen før eg reiste til Tromsø for å gå på bibelskulen der i 1981. Då var eg 23 år. Ut på hausten fekk eg beskjed om at bestemor hadde vorte sjuk og var komen på sjukeheimen. Eg sende henne eit brev med ønskje om god betring og eit håp om å sjå henne att i julaferien.  Slik gjekk det ikkje.  Tre veker seinare fekk eg beskjeden om at bestemor var død. Eg fekk ikkje ta skikkeleg farvel med henne, men eg rakk heim til gravferda.

Det fine fatet på kjøkkenveggen hamna då hjå tante S. min fadder og yndlingstante. Og på slutten av denne tanta sitt liv, var det eg som fekk det fine fatet, medan tante S. enno var oppegåande. No heng det på veggen i stova mi i leiligheten min i utkanten av byen.  Eit stort og godt minne etter bestemor. Eg er veldig glad for å ha dette etter mi kjære bestemor. Ei slik bestemor vert aldri gløymd.




mandag 12. februar 2024

Vinter og snø 2024


 No er det på tide å skriva litt her på bloggen. Dette vert det første innlegget i 2024. Denne vinteren har me faktisk hatt litt skikkeleg vinter. Me har vore velsigna med snø fleire gongar no i det siste. Dette biletet er frå Nordnesparken. Gode greier.  Humøret stig nokre grader når snøen legg seg. Det vert så lyst og fint. Men snøen ligg ikkje så lenge her på vestlandet. Regnet har ein lei tendens til å vaska snøen vekk fortare enn eg likar. Nokre dagar med regn og så er han vekke. Men så kjem det gjerne ein ny periode med kulde og snø, og det kjennest godt.  For nokre veker sidan såg eg faktisk nokre skigåarar på Torgallmenningen her i sentrum av byen. Det har eg ikkje sett før.

Eg nyt å sjå når snøen legg seg. Regn har me meir enn nok av her på vestlandet. Snøen er som balsam for sjela. Men innimellom snø og regn er det sjølvsagt periodar med hålke, og det er noko herk. For ca ein månad sidan då eg var ute med  Tinka ein kveld, var det mørkt og eg såg ikkje isen på fortauet. Brått forsvant føtene under meg og eg landa på ryggen, samstundes som at eg slo bakhovudet kraftigt ned i fortauet. Hovudet og ryggen kom vel frå det, men det var baken som tok støyten. Dei komande vekene var det ei kvia å setja seg ned. Det var med eit VRÆL kvar gong!  Det gjekk nokre veker før bakparten var seg sjølv att. 

No går det faktisk mot vår. Snøklokkene har kome opp or jorda enkelte stader. Og i dag kom det eit turistskip og la til kai her i vår stoveglasutsikt. Det er no helst tidleg, men det er vel nokon som likar å farta omkring om vinteren og. 

Skiføre er det verre med. Då må me høgt til fjells. Men det er noko meir snø der ved leiligheten min i utkanten av byen. Der eg "flyktar" til når det vert i meste laget av byliv. Men sant og sei er det nokre år sidan eg hadde ski på føtene. Skiene står i bua. Men det må vel ordna seg med ein skitur etter kvart...

søndag 31. desember 2023

Jul 2023 og nytt år 2024

Me er komne fram til årets siste dag, så dette er altså årets siste sjanse til å skriva blogginnlegg i 2023. 
Her i heimen har me feira jul i rolege former, utan dei heilt store sprell. Som biletet viser har også i år julapynten dukka opp frå bua og stillt opp på sin faste plass. Det same med mitt vesle kunstige julatre som eg har hatt i mange år. 

Biletet viser juleevangeliet, og det vart som vanleg lese då me sette oss til bords for å eta julamiddagen, altså pinnakjøtet. Det skjedde på julafta, sånn i 5-tida slik at me kunne høyra på Sølvguttane i fjernsynet samstundes. Julatradisjon det og.


Pinnakjøtet smakte like godt som det alltid gjer. Tinka fekk smaka og. Men me kan ikkje gje henne kjøtbein, for det tåler ho ikkje. Då vert det berre magasjau for den firbeinte. Men godsaker vart det likevel på Tinka. Eg hadde vore ute nokre dagar før og kjøpt julegåve til Tinka, og då vart det hundegodt på henne. Det sette ho STOR pris på. Berre eg knitrar litt med hundegodtpapiret, kjem ho som eit lyn og vil ha. Til saman fekk ho 4 hundegodt-posar, men dei er alle oppetne no. Så i romjula måtte eg ut og kjøpa meir. Tinka må sjølvsagt få sin del av godsakene....

Som tradisjonen er har eg laga smultringar, + ei lita sjokoladekake.  Og så fekk me litt julabakst av eine dottera til O. Det hadde me på eit fat på salongbordet. Men ein dag eg var ute med bosset og O. var på badet, hadde Tinka gått opp på bordet og forsynt med krumkaker og småkaker. Ho tok dei med seg på golvet og leika med dei, før ho åt dei.  Luringen...

Jaja, no er me altså komne til nyttårsafta.  Det er verste dagen i året for vår firbeinte venn. Det har med fyrverkeri og denslags smell og spetakkel å gjera. For nokre timar sidan var eg ute med henne, og då hadde smellinga teke til. Det er alltid nokon som tjuvstartar på nyttårsfeiringa. 
Eg tvilar på om det vert nokon kveldstur med Tinka i kveld. Trur ikkje det nyttar å prøva ein gong. 
Når skot og smell aukar på legg ho seg under eit bord borte i ein krok.  Og der vert ho liggjande og pesa, så stressa at det er ikkje måte på. 

Ja, det er nok mange av våre elles så harmoniske firbeinte som vert forvandla til skjelvande nervevrak på ein kveld som denne.Men me får ta det som det kjem og gjera det beste ut av det. 

I morgon er me i eit nytt år og då skal me på julabesøk på øynæ, hjå mi 63 år gamle litlasøsta m/mann og det vert sikkert kjekt. Ulempa er at dei har ein katt, og då får me gjera vårt beste for at det ikkje vert eit fæla spetakkel mellom katten og Tinka. Det vert vel katten som må forvisast til eit anna rom for anledningen. Me får sjå...

torsdag 21. desember 2023

Årets julabad


 Eg har i det siste trua Tinka med at ho må i dusjen før jul og i dag skjedde det. Då eg nemnde det for henne såg ho fortvila på meg, men ho forstod at det var ingen veg utanom, og følgde meg motvillig inn på badet. Det ana meg at det kom til å verta ein kamp, og det vart det. Berre det å halda den firbeinte dama inne i dusjen var vanskeleg nok, på grunn av stadige fluktforsøk. Men det gjekk på eit vis. På biletet har ho fått kroppen såpa inn, og så var det å prøva å få denne byskiten ut av pelsen. Det tok si tid, for ho var dugeleg skiten. Har ikkje vaska seg på uminnelege tider. Blikket ho sendte meg seier vel noko om at no må eg sjå til å verta ferdig med dette tullet. 

Likevel fann ho seg i det. Etter å ha massert skiten ut av pelsen var det å skylja ut såpa, og det tok si tid fordi den firbeinte  tøtta var svært lite samarbeidsvilleg. Og rista seg gjorde ho i tide og utide. 

Etter litt tørking ropte eg på O. og fekk han til å opna altandøra for å få "badeengelen" ut for å rista seg. Etter ein god del risting, kunne me endeleg sleppa henne inn att i heimen. 

No går ho omkring og luktar så godt at det er ein fryd. Så no kan jula koma....

onsdag 20. desember 2023

Førejulstid


 No nærmar det seg jul endå ein gong. Om fire dagar er det julafta, då må eg ha kome i hamn med alle gjeremål før høgtida. Eg ligg i grunnen godt an der. Gjer ikkje så mykje ut av det i grunnen, men litt vert det i alle fall. Biletet viser årets heimalaga julakort som eg sender omkring til slekt og venner. Her ligg det oppå adventsløparen på salongbordet.  Det er desse korta eg har site og skrive den siste veka. Men den jobben er så og sei gjort no. Pinnakjøtet er kjøpt inn og så har eg begynt å baka litt, særleg smultringar. Det er tradisjon.  Og så litt anna.

Ein ting må eg få gjort før jul: Tinka må i dusjen. Ho er så inderleg full av byskit, at det er ikkje veg utanom. Det er noko ho ikkje kan fordra. Og det kan verta ein kamp, har eg erfaring med. Må berre få det gjort i morgon den dag.

Og så vert det nokre julabesøk hjå O. si slekt. Og eit julabesøk hjå den 63 år gamle litlasøstå på øynæ på første nyttårsdag.

Elles tek me sikte på ei roleg julafeiring her i heimen for O. meg og Tinka-vofsen. 

Veret kunne vore betre. Eg har lyst på ei kvit jul, men slik ser det ikkje ut til å verta på desse kantar av landet. Så ein får berre ta det ein får og gjera det beste ut av det. Og hyggja oss så godt me kan i drittveret. 

søndag 3. desember 2023

Den første snøen i 2023


 Slik såg det ut utanfor inngangen i går tidleg då eg skulle ut på dagens første tur med Tinka. Det hadde snøa ein del om natta, og det lyser opp no på den mørkaste tida av året. Dermed var sesongens første snømåking i gang, men påfølgjande strøing og ikkje minst den overdrivne saltinga som dei driv med her i denne byen.

Det vart ingen blogg-skriving i verken september, oktober eller november. Men no er eg i siget att. Har vore så oppteken av lesing. Eg går i fast rute til og frå biblioteket nesten heile tida. Har lese 76 bøker så langt i dette året. Så får me sjå om eg greier å slå rekorden frå fjoråret. Då vart det 82 bøker for heile 2022.  Periodane med slik sprenglesing varierer. Men så har eg periodar med strikking og brodering. 

Snøen som kom i går natt blanda seg fort med salt og regn og vart etter kvart ei slapsete blanding som fort forsvant. Men no i denne stund snøar det det tett utanfor vindaugo her. Kan eg håpa på skiføre ? Det er nokre år sidan skia var i bruk...  Får sjå...

No har me så vidt teke til med advent, og då er det den tradisjonelle julepostskrivinga. Og det ser eg fram til. Veldig kjekt!


tirsdag 15. august 2023

Regnjakke til Tinka-vofsen

 

Det er ikkje til å koma ifrå at det er mykje regn her på Vestlandet.  Og denne sommaren har det vore i meste laget. Austlandet har vel fått meir enn rikeleg no i det siste i og med dette uveret "Hans". Så gale har det ikkje vore her omkring. Likevel kan det til tider verta i meste laget. 

Tinka må ha sine daglege 3 turar. Og får ho ikkje det, så set ho seg ned og stirer på meg til ho får det som ho vil. Eg prøver å styra unna dei verste regnbygene, men veret kan ingen styra. Ofte må me ut om det regnar aldri så mykje. 

Her ein dag såg det så fint ut då eg gjekk ut. Så eg tok sjansen på å gå ut utan regnjakke og paraply. Det skulle eg få angra. Midt under turen kom det ei forferdeleg regnbyge. Det plaska i bakken med stor styrke. Tinka og eg vart sjølvsagt våte til skinnet. Då eg kom inn måtte eg skifta alt av klede. og Tinka såg ut som ein drukna katt. Vel kan eg skifta klede, men det kan ikkje Tinka. Så det tek timesvis før pelsen hennar er tørr.    Ein gong surra eg ein gammal regnjakke rundt Tinka før turen. Det fungerte dårleg. Etter kvart har eg vorte temmeleg lei av våt hundepels...

Sjølvsagt har eg sett mange hundar med hunderegnjakke. Kanskje det hadde vore noko...?  Som tenkt så gjort. I dag tok eg turen til næraste dyrebutikk. Og der hadde dei stort utval av hunderegnjakkar. Tinka fekk prøva både den eine og den andre, og me bestemte oss for ein rosa/burgunder som hadde rette storleiken. Resultatet kan sjåast på biletet. Eg var litt spent på om den firbeinte ville godta dette plagget, men det såg ut til å gå bra. Og ho vart ikkje på langt nær så våt som ho plar verta i regnver.  Så eg har godt håp om at dette var eit godt val.

Elles har eg no fått att kjøretillatelsen. Det var i sist veke. Eg vart så glad at eg heldt på å hoppa i taket.
I går fekk eg tak i veghjelp som fekk liv i den daude bilen. Hadde lenge hatt mistanke om at bilbatteriet burde skiftast, sidan dette har vore ei plage i lang tid. Så då bilen hadde livna til, kjørte eg strake vegen og fekk det gjort. Så no framover har eg håp om at bilen vert meir påliteleg, og kjører når han skal. 

Og  Tinka, - ho går tørrare dagar i møte...