søndag 31. desember 2023
Jul 2023 og nytt år 2024
torsdag 21. desember 2023
Årets julabad
Eg har i det siste trua Tinka med at ho må i dusjen før jul og i dag skjedde det. Då eg nemnde det for henne såg ho fortvila på meg, men ho forstod at det var ingen veg utanom, og følgde meg motvillig inn på badet. Det ana meg at det kom til å verta ein kamp, og det vart det. Berre det å halda den firbeinte dama inne i dusjen var vanskeleg nok, på grunn av stadige fluktforsøk. Men det gjekk på eit vis. På biletet har ho fått kroppen såpa inn, og så var det å prøva å få denne byskiten ut av pelsen. Det tok si tid, for ho var dugeleg skiten. Har ikkje vaska seg på uminnelege tider. Blikket ho sendte meg seier vel noko om at no må eg sjå til å verta ferdig med dette tullet.
Likevel fann ho seg i det. Etter å ha massert skiten ut av pelsen var det å skylja ut såpa, og det tok si tid fordi den firbeinte tøtta var svært lite samarbeidsvilleg. Og rista seg gjorde ho i tide og utide.
Etter litt tørking ropte eg på O. og fekk han til å opna altandøra for å få "badeengelen" ut for å rista seg. Etter ein god del risting, kunne me endeleg sleppa henne inn att i heimen.
No går ho omkring og luktar så godt at det er ein fryd. Så no kan jula koma....
onsdag 20. desember 2023
Førejulstid
No nærmar det seg jul endå ein gong. Om fire dagar er det julafta, då må eg ha kome i hamn med alle gjeremål før høgtida. Eg ligg i grunnen godt an der. Gjer ikkje så mykje ut av det i grunnen, men litt vert det i alle fall. Biletet viser årets heimalaga julakort som eg sender omkring til slekt og venner. Her ligg det oppå adventsløparen på salongbordet. Det er desse korta eg har site og skrive den siste veka. Men den jobben er så og sei gjort no. Pinnakjøtet er kjøpt inn og så har eg begynt å baka litt, særleg smultringar. Det er tradisjon. Og så litt anna.
Ein ting må eg få gjort før jul: Tinka må i dusjen. Ho er så inderleg full av byskit, at det er ikkje veg utanom. Det er noko ho ikkje kan fordra. Og det kan verta ein kamp, har eg erfaring med. Må berre få det gjort i morgon den dag.
Og så vert det nokre julabesøk hjå O. si slekt. Og eit julabesøk hjå den 63 år gamle litlasøstå på øynæ på første nyttårsdag.
Elles tek me sikte på ei roleg julafeiring her i heimen for O. meg og Tinka-vofsen.
Veret kunne vore betre. Eg har lyst på ei kvit jul, men slik ser det ikkje ut til å verta på desse kantar av landet. Så ein får berre ta det ein får og gjera det beste ut av det. Og hyggja oss så godt me kan i drittveret.
søndag 3. desember 2023
Den første snøen i 2023
Slik såg det ut utanfor inngangen i går tidleg då eg skulle ut på dagens første tur med Tinka. Det hadde snøa ein del om natta, og det lyser opp no på den mørkaste tida av året. Dermed var sesongens første snømåking i gang, men påfølgjande strøing og ikkje minst den overdrivne saltinga som dei driv med her i denne byen.
Det vart ingen blogg-skriving i verken september, oktober eller november. Men no er eg i siget att. Har vore så oppteken av lesing. Eg går i fast rute til og frå biblioteket nesten heile tida. Har lese 76 bøker så langt i dette året. Så får me sjå om eg greier å slå rekorden frå fjoråret. Då vart det 82 bøker for heile 2022. Periodane med slik sprenglesing varierer. Men så har eg periodar med strikking og brodering.
Snøen som kom i går natt blanda seg fort med salt og regn og vart etter kvart ei slapsete blanding som fort forsvant. Men no i denne stund snøar det det tett utanfor vindaugo her. Kan eg håpa på skiføre ? Det er nokre år sidan skia var i bruk... Får sjå...
No har me så vidt teke til med advent, og då er det den tradisjonelle julepostskrivinga. Og det ser eg fram til. Veldig kjekt!
tirsdag 15. august 2023
Regnjakke til Tinka-vofsen
Det er ikkje til å koma ifrå at det er mykje regn her på Vestlandet. Og denne sommaren har det vore i meste laget. Austlandet har vel fått meir enn rikeleg no i det siste i og med dette uveret "Hans". Så gale har det ikkje vore her omkring. Likevel kan det til tider verta i meste laget.
onsdag 2. august 2023
Tinka 8 år !!
mandag 31. juli 2023
Ein spesiell sommar.
Denne sommaren vart ikkje det eg hadde håpa på. Grunnen er at eg fortsatt ikkje har nokon kjøretillatelse etter augeskaden eg fekk i fjor haust. Då fekk eg eit halvt års kjøreforbod. Vanleg prosedyre ved augeskader. Men no har det gått mykje meir enn eit halvt år, og tålmodet er heller tynnslite. Så lenge ein ikkje kan kjøra bil, nyttar det ikkje å planleggja. Eigentleg skulle eg vore på fjellvandring for lengst, men det det går ikkje utan bil. Dermed kjem eg meg heller ikkje fjellturar på øynæ og andre stader der ein ikkje kjem til med buss.
Sist veke måtte eg gjennom ei kjørevurdering hjå Statens Vegvesen, for å finna ut om eg duger til det. Det gjekk i grunnen greitt og sensoren skulle skriva ei god vurdering og senda vidare i systemet. Så er det berre å venta att. Men kor lenge? Er alvorleg lei av å venta....
Dermed vart det ikkje nokon sommartur, og i morgon er me i august. Men O. og eg fekk med oss ein nydeleg tur i april-mai. Då var me på vår tredje tur med hurtigruta, heile runden til Kirkenes og heim att. Der opplevde me mykje fint.
Biletet viser eit fyrtårn ein stad på Sunnmøre. Me hadde eit langt stopp i Ålesund, og derifrå vart det utflukt med buss til ei lita bygd ute ved havet. Der var altså dette fyrtårnet. Ein del av oss klatra opp i dette tårnet og fekk nyta den fine utsikten. Eg var ein av dei. O. prøvde seg og, men han måtte gje seg før han kom heilt opp. Dagen etter fekk han gangsperre av klatringa. Klatring i bratte trapper er ikkje for folk som har passert 80.
Det vart mange fine opplevingar langs den lange fine kysten vår. Når sommaren vart som han vart, er eg glad for at me fekk denne fine turen med hurtigruta saman.

