Vanlegvis lever me vårt rolege kvardagsliv her i heimen vår, - O., Tinka og eg. Me sit her ofte med kvar si bok, eller for min del vert det ofte strikking eller brodering. Litt husarbeid må me gjera og. Og så må Tinka få sine tre daglege turar.
onsdag 24. august 2022
Hotell Haraldsplass
Vanlegvis lever me vårt rolege kvardagsliv her i heimen vår, - O., Tinka og eg. Me sit her ofte med kvar si bok, eller for min del vert det ofte strikking eller brodering. Litt husarbeid må me gjera og. Og så må Tinka få sine tre daglege turar.
tirsdag 23. august 2022
Ei kulturhistorisk vandring
Sommaren 2022 går mot slutten. Men sjølv om det vart ein heller våt sommar, sit eg att med mange gode minne. K. og eg fekk nokre fine turar i fjellet også denne sommaren. Denne gongen med leiligheten min som utgangspunkt. Den første turen var den lengste og mest strabasiøse. Der gjekk me på steinete underlag i timesvis, og skodda følgde oss heilt til topps.
mandag 1. august 2022
Tinka 7 år!
Vår kjære Tinka fyller 7 år i dag. Og no er det 6 år sidan ho kom til oss. Ho vart fort ein kjær medlem av vår vesle familie. Den gongen var ho knapt eitt år gammal, vill, barnsleg og nesten ustyrleg. No er ho roa seg ein del og forlengst vorte ein vaksen og litt meir fornuftig hund.
fredag 15. juli 2022
På fjelltur i skodda
Så vart det fjellturar med K. i år og. Ho kom reisande med buss frå det høge Nordfjord for å halda meg og Tinka med selskap på fjelltoppane her i Bergensområdet. Den første turen var den mest strevsame. Me gjekk og gjekk i time etter time med vekslande ver. Det verste var skodda som kom og gjekk heile tida. Men me hadde store, flotte vardar som viste oss vegen heilt til topps. Når skodda vart litt for tjukk, stoppa me og venta til ho hadde letna. På veg opp møtte me nokre karar som fortalde at dei hadde greidd å få seg vill, men dei hadde tydelegvis kome på rett spor att. Så den dagen kunne me gått oss vill me og om me ikkje hadde passa på. Men det gjekk greitt, og me kom oss til topps utan større problem. Så mykje utsikt var det ikkje der oppe, berre litt av og til når skodda flytta litt på seg. Likevel var det flott og ha greidd det.
På toppen møtte me ein gjeng med damer som hadde kome opp ein annan veg. Dei tok nokre bilete av oss der oppe. Greitt å få dokumentert kvar me hadde vore. - Etter ein god mat- og kvilepause gjekk me i gang med nedstigninga. Det gjekk lettare nedover for då hadde me ikkje skodda å vera redd for. Vel er me begge damer i sekstiåra, men me er enno ikkje for gamle til å gje oss i kast med lange strabasiøse fjellturar. Men den sprekaste av oss er Tinka. Ingen tvil om det.
Me kom heim til leiligheten min seint på kveld til middag og seng, for så å lada opp att til ein ny fin tur neste dag.
Her var dagens mål:
søndag 5. juni 2022
Ubeden gjest
For nokre dagar sidan oppdaga O. og eg at me hadde fått ein gjest av dei sjeldne. Gjesten hadde sett seg fast oppe i taket i stova. Det er ikkje lett å sjå kva biletet viser, men det er altså ein snigel, med hus og det heile. Kor lenge han har stått der, veit me ikkje, men då O. heva blikket ein dag vart den ubedne gjesten oppdaga. Skal sei me vart overaska! Det er interessant med dyr av forskjelleg slag, men dette slaget kan eg styra mi begeistring for. Eller rettare sagt: Eg har eit svært anstrengt forhold til sniglar og makkar og liknande. Så denne ekle skapningen ville eg aldeles ikkje dela heimen min med.
Eg har ein vane (eller uvane) med å fotografera det meste som eg møter på min veg, og det gjorde eg denne gongen og. Då fotograferinga var unnagjort, gjorde eg kort prosess: Tok tak i snigelen og kasta han ut altandøra. Best å få det gjort før min blauthjarta ektemann skulle finna på å tilby "gjesten" permanent opphald med kost og losji og det heile. I motsetning til meg synest han det er svært interessant med slike skapningar, av ein eller annan merkeleg grunn.
Korleis snigelen har komen inn til oss er meg ei gåte. Me bur tross alt i 4. etasje. Har han verkeleg klatra opp etter husveggen og snikt seg inn altandøra eller kva? Det får me nok aldri vita, for no har eg , som sagt, kasta han ut. Det skulle ikkje forundra meg om han tek same turen ein gong til opp etter husveggen, men då vert han sendt i retur endå ein gong. Det skal eg syta for.
torsdag 19. mai 2022
Hurra for 17. mai !
Ja, det vart mange "HURRA" på årets 17. mai for to dagar sidan. Ein må attende til 2019 for å oppleva noko liknande. Folk møtte opp i store mengder for å feira denne tradisjonsrike folkefesten. Jubelen stod til himmels her i sentrum av byen mellom dei sju fjell. Uendeleg godt å få feira normalt etter desse åra med korona-pest.
O. og eg var og ute og såg på livet. Han i dress og eg i bunad. Og så fekk me så fint ver! Berre det heva stemningen. Det var 17. mai-tog i lange baner. Mykje fint å sjå. Korpsmusikk og buekorps var rikeleg til stades. Det ljoma lang veg. Det er vel ingen som er så flinke til å feira nasjonaldagen som oss nordmenn.
Nytt av året er at eg har fått konebelte til bunaden min. Det var jammen på tid no når O. og eg har vore gifte i nesten 10 år. Har tenkt på det lenge. Men det er ofte slik med denne dama, at det kan vera eit godt stykke frå tanke til handling. Og beltet vart så fint, så fint. Sjå berre på biletet! Men no er det gjort og beltet passa så godt saman med resten av den fine bunaden min som kjem frå mine heimtrakter.
Etter ein tur på byen, tok eg meg ein tur med Tinka nordover til den parken me plar gå til. Med bunad må ein rekna med å få merksemd på ein slik dag. Turistar, og særleg utlendingar, likar norske bunader, noko dei gjev tydeleg uttrykk for. Då må ein finna seg i å verta fotografert.
Heldige oss som har eit fritt demokratisk land å bu i. Håpar inderleg at det krigsherja Ukraina får attende fridomen sin snart, og at dei kan nyta livet slik som oss. Og så får me håpa at slutten på korona-tida er nådd slik at me kan leva normalt att på alle måtar.
mandag 2. mai 2022
Farvel korona ?
I ca to år har det stått ein stor grå bygning godt synleg i sentrum av byen. Den staden folk gjekk til når dei skulle korona-testa seg. Ein bygning som minna stygt om denne pandemien som har herja over store deler av kloden vår, og som har etterlate seg eit stort antal alvorleg sjuke og døde. Sjølv har eg vore der tre gongar for å utelukka smitte.