Denne blomsterenga er å finna ein stad her i vårt nærmiljø. Gras, engkarse og løvetann i full blomst. Ja, no er det fine dagar. Solskin og opphaldsver har me hatt i fleire veker. Me går turar med Tinka utan regnfrakk og paraply. Herleg!
I naturen livnar alt til etter vinteren. Det vart ein heller mild vinter i år. Vintrane vert meir og meir slik. Det er noko som er i ulage. Men me må berre ta det som det er. Og no er det altså vår. Dei siste dagane har eg kunna gå ut i berre t-skjorta.
Godt å sjå på alt som spirer og gror. I alle fall nesten alt. No er det bjørka eg tenkjer på. Ho spirer og gror i meste laget, med raklar og pollen og alt som høyrer med. Det er dette som valdar meg møye i desse dagar. Bjørkepollenet legg seg inni nasa, nede i halsen og ikkje minst inne på augo. På sistnemnde staden ligg det og klør og svir så det er til å verta galen av. Den einaste trøysta er at det er forbigåande. Eller som reven sa då han vart flådd: Det er ein overgang.
Om nokre veker er det verste over. Då kan ein leva normalt att. Men det er hardt når det står på. Då kunne ein ønskja seg langt vekk. Til bjørkefrie område i verda, kvar no det måtte vera.
Forresten så skal me ut og reisa i morgon, O. og eg. Og det kunne ikkje passa betre. Håpar berre det er ein stad utan bjørk me skal til. Det veit eg ikkje noko om på dette tidspunktet. Får berre venta og sjå.
onsdag 24. april 2019
lørdag 13. april 2019
Min 61-årsdag
Det treng ikkje vera "store" eller "runde" dagar for at me kan feira dei. Her i huset feirer me det meste som går an å feira. Inkludert Tinka sin fødselsdag. Sjølvsagt.
Men i dag var det min tur. Biletet viser det som min kjære O. var ute og kjøpte til meg i dag på min sekstiførste fødselsdag: Roser og marsipankake. Snille mannen min.
Det vart ikkje feiring med lang fin tur som i fjor. I år gjorde me det litt enklare. Me tok ein liten spasertur til hurtigruta som ligg til kai her i vårt nærmiljø. Dagens hurtigrute var MS Nordkapp. Der kjøpte me oss ein god middag, og fekk oss ei koseleg stund medan me kika på turistane som kom ombord og som hadde ei lang fin reise langs kysten føre seg. Eg kjende reiselysten, og skulle gjerne vore med. Men i dag fekk me nøya oss med den gode middagen og ei lita omvisning på det fine nyoppussa skipet.
No i kveldinga forsynte me oss av den gode kaka som O. hadde kjøpt. Ein velsmakande avslutning på ein vellukka dag.
Snart skal me til å feira påske. Endå ei feiring altså. Denne gongen med svært fine vermeldingar.
Ja, våren er verkeleg komen !
søndag 7. april 2019
Ny tid
Dette biletet vart teke i ei snøbyge for ca ein månad sidan.
Min kjære leilighet kan sjåast som nr. 2 frå venstre øvst. Han vart kjøpt for over tretti år sidan eit halvt år etter at eg kom flyttande frå Sogn og Fjordane. I mange år var han min vesle heim fram til eg gifta meg i 2012 og flytta heim til min kjære O. Men leiligheten min forsvant ikkje dermed ut av livet mitt. Heldigvis. Eg såg det som ei grei pengaplassering, ettersom eg ikkje har lån på han, å ikkje selja han, men heller leiga han ut. Det har eg gjort i nokre år, og fekk etter kvart tre leigebuarar (ein om gongen, sjølvsagt) To av dei var greie å ha med å gjera, men ein av dei, ei dame i 40-åra, var nok ikkje heilt god, for å sei det fint. Den tida gjekk eg med høge skuldrer, bekymra for kva ho kunne finna på. Etter den røynsla, bestemte eg meg for å slutta med utleige. Då det var avgjort kunne eg senka skuldrane. No har O. og eg tenkt å bruka han sjølve, i tillegg til heimen vår i byen. Vera litt her og litt der.For berre eit par månader sidan såg huset heilt annleis ut. På grunn av slitasje, vart det sett i gang ei storstillt oppgradering i heile burettslaget. Alle altanane vart glasa inn. Og då vart det altså som vist på biletet. Uvandt, men fint. På ein måte kan det så ut som eit treetasjes drivhus. Men eg ser at det er meir praktisk og ein klar forbedring.
Innandørs er det og stor forandring. Eg har brukt heile siste året til oppussing. Etter tretti år utan at eg har gjort noko særleg, var behovet stort. Tømrar A. (broder`n) fekk oppdraget med tømrararbeidet. Elles har eg hatt både rørleggjar, murar, golvleggjar og elektrikar. Og resultatet har vorte så fint, så fint. Nytt bad, nytt kjøkken, og store forandringar på soverom, vaskerom og i stova. Ein grei og fornuftig måte å bruka sparepengane på. No held me på å innreia heimen med litt nye møblar og alt som skal til.
Staden ligg så roleg til, eit stykke unna trafikken. Og eg ser alltid fram til å koma dit, vekk frå byen. Det gjer så godt.
Så det skal verta veldig kjekt å ta den "nye" ekstra heimen i bruk.
søndag 24. februar 2019
Ein trufast ven
Her er ein trufast ven som har følgd meg på mange turar dei siste åra. Ein bruksgjenstand som eg nesten alltid har med meg i handveska eller ryggsekken. På lengre turar i skog og fjell har eg hatt det hengjande rundt halsen, klar til bruk. Mange turminne har eg fanga opp med dette fotoapparatet, for så å laga fotoalbum av bileta i neste omgang. Ser for meg kor viktigt det er å ta vare på gode minne, og ta dei fram og mimra når eg vert skikkeleg gammal. For som eg sikkert har nemnd mange gongar er det å samla minne på denne måten ein av mine viktigaste hobbyar.
Men alt har ein ende. Og mitt forhold til denne viktige tingen, tok ein brå slutt for halvanna veke sidan. Tinka og eg hadde hatt ein liten busstur og hadde nådd målet for turen i sentrum av byen. Mykje folk var det og stor trengsel då alle skulle gå av bussen. Midt oppi dette hadde Tinka oppdaga ein hund som ho straks kom i basketak med. Og eg var ikkje merksam på dette før det var for seint. Det vart eit fæla spetakkel,høgt volum,sinte folk og eg hadde meir enn nok med å halda styr på Tinka. I farten mista eg den vesle ryggsekken.
Det tok litt tid før situasjonen var under kontroll og folk og dyr hadde roa seg. Og eg var temmeleg skjelven då eg endeleg kunne ta hund og ryggsekk og rusla heimover.
Ryggsekken, ja. Han hadde nok fått hardare medfart enn eg først var klar over. Vel heime oppdaga eg at det meste av innhaldet var øydelagd. Lommeboka bar tydeleg preg av hard medfart. Ei banan var heilt most og skvist inn i Bibelen min. Blyantar og pennar var knekte. Hårbørsten leid same lagnaden. Men mest gjekk det ut over fotoapparatet. Det var bulkete på eine sida og knust på den andre.
Heilt ubrukeleg. Øydelagd.
Kva som eigentleg skjedde med ryggsekken der på busstoppet midt i trengselen, har eg ingen oversikt over. Men i virvaret og den oppheta situasjonen må han ha vorte grundigt nedtrakka.
Fotoapparatet var ikkje spesielt gammalt. Men eg har hatt stor glede av det på mine mange turar og elles i kvardagen. Er alltid på jakt etter gode motiv, så dette har vore ein skikkeleg bruksgjenstand for meg.
--- --- --- ---
Trist å sei farvel til ein så, for meg, viktig ting. Men tida står ikkje stille. Ein ny trufast ven har kome inn i livet mitt: Og no ser eg fram til nye turar og nye opplevingar med det nye fotoapparatet, klar til å fanga inn nye motiv på mi ferd inn i framtida.

fredag 1. februar 2019
Over bekken etter vatn
Dette er Tinka, vår kjære firbeinte familiemedlem. Då ho kom til oss, eitt år gammal, var ho ikkje heilt fullvaksen. Vill og full av energi var ho som andre unghundar, og elska å springa omkring med hundevennene sine. No har ho rukke å verta tre og eit halvt år og er dermed å rekna som vaksen. Har roa seg ein del. Men ho gjer framleis sitt beste for å få fart på sine eigarar. Ofte slengjer ho leikane sine rundt seg og ser forventningsfullt på oss. Då er det tid for leik.
Ho har nok knytt seg mest til meg. Det er eg som gjev henne mat og som går dei fleste turane med henne. Og når eg ein sjeldan gong går ut utan henne, ligg ho i gangen og ventar på meg. Når eg går på badet, ligg ho ofte utom badedøra og ventar.
Då ho kom til oss, merka me fort at det var ein klok og intelligent hund me hadde fått i huset. Ho lærer lett og forstår det utrulegaste,
og sjølv gjer ho seg forstått med berre eit blikk. Ho ser på oss på sine forskjellege måtar og er van med at me forstår kva ho vil.
Men ho har sine vanar og. Ein vane me undrar oss litt over er at når ho vil drikka, går ho ut på altanen og drikk or blomsterpottene, endå ho har ei skål med vatn ståande på kjøkkenet. Me har nok prøvd å få henne til å drikka på kjøkkenet, men har ikkje lukkast med det enno. Etter kvart sette me ein liten plastbalje med vatn der ute på altanen, slik at blomane får ha vatnet sitt i fred. Og det vart godteke. Maten sin et ho på kjøkkenet, men vasskåla som står nett attmed, går ho galant forbi og ut på altanen og drikk der. Ho går rett og slett over bekken etter vatn.
Dette går vanlegvis greitt. Verre vert det når det som no vert vinter og vatnet hennar frys til is og gjerne med snø oppå. Då må ho vel kunna drikka på kjøkkenet, tenkte me. Men nei. Då grev ho fortvila gjennom snø og is slik som på biletet over. Og lukkast ikkje det så ventar ho til neste tur og forsyner seg av sølepyttar o.l. langs vegen. Heller det enn å drikka på kjøkkenet.
Ein kan undra seg over kva som skjer i eit lite hundehovud. Men så lenge Tinka synest det er greitt, får det berre stå til. Så får me sjå om ho kjem på andre tankar i framtida.

torsdag 3. januar 2019
Travelhet
Desse snøklokkene fekk eg auge på i går då eg var ute med Tinka. I eit lunt bed ein stad i mitt nærmiljø. I dag måtte eg av garde og fotografera dei. Aldri har eg sett snøklokker så tidleg som i år. Desse yndige hardhausane har det visst travelt med å koma i gang med våren. Dei har nok hatt for lite motstand i vinter, altså for lite
vinter. Då tenkjer dei vel som så at det er like godt å koma seg opp or jorda og starta sesongen.
Det minner om det eg har skrive om i tidlegare innlegg i nær fortid: Om dei som har det så travelt at dei må skunda seg å gå i gang med jula tidleg på hausten, og helst hoppa over adventstida.
Travelhet kan koma til uttrykk på så mange måtar. Her ein dag på ein tur med hunden møtte eg ein sko. Ein ny fin sko i herrestorleik for ein venstrefot. Her er det nokon som har sprunge vel fort, tenkte eg, sette skoen innåt husveggen med ei von om eit mogeleg attersyn mellom sko og eigar.
Ein annan gong eg var ute med Tinka (det er då ting skjer) kom eg over ei truse. Ei herretruse, - midt på turstien. Går det verkeleg an, var det første eg tenkte. Tanke nummer to var at når det gjeld travelhet er det tydelegvis mennene som har det verst.
Ein ting er å springa av seg skorne. Det kan vel enkelte distre folk gjera når dei i sin travelhet skal nå eit eller anna. Men korleis i all verda kan ein springa ut or si eiga truse utan å merka det ?
Det er meg ei gåte......

mandag 31. desember 2018
Nyttårsafta 2018
Dette er veret på nyttårsafta i år, sett frå stoveglaset. Det var ikkje uventa. Tidlegare i dag kom det ei melding frå straumleverandøren som lydde slik: "Det er varsla sterk kuling til full storm utover kvelden. Uveret kan føra til straumbrot."
Ikkje den koselegaste beskjeden å få på eit nyttårsafta. Men veret rår ein ikkje med.
Elles har det kome mange liknande beskjedar frå vermeldinga. I tillegg til den sterke vinden, truar dei med store nedbørsmengder. Mykje vind og vatn samstundes er kraftige saker, og når det i tillegg skal skytast opp fyrverkeri, er det mykje som kan gå gale. Det får me nok høyra om i morgon.
- Smell og bråk har det vore i mange timar alt, og det aukar på etter som det nærmar seg midnatt. Når det er slik er det godt å halda seg inne. Men før eller sidan må hunden ut. Det er ikkje veg utanom. Tinka-vofsen har vore på vakt i heile dag. Ho spissar øyro ved den minste lyd, og hadde ikkje lyst å oppsøkja bråket. Så det var med ein ekstra spenning me tok i veg med kveldsturen. Som "bestikkelse" tok eg med ein boks med hundesnop. Og den skulle eg få god bruk for. Heilt avgjerande for framdrifta. Elles hadde eg ikkje fått Tinka med meg verken fram eller attende.
Eg har forresten ein mistanke om at ho utnytta situasjonen, for det gjekk med store mengder av det omtalte snopet.
- Kveldsturen på eit nyttårsafta er aldri nokon fornøyelse. Og viss hensikten var å få hunden til å gjera sitt fornødne, så var turen bortkasta. Det var det siste Tinka tenkte på. Ho ville berre heim att.
Noko straumbrot har enno ikkje vist seg sjølv om klokka nærmar seg 22.00.
Men uansett så går me snart over i eit nytt årstal med bulder og brak.
Og eg nyttar høvet til å ønskja mine blogglesarar
GODT NYTT ÅR !
Abonner på:
Innlegg (Atom)