Desse snøklokkene fekk eg auge på i går då eg var ute med Tinka. I eit lunt bed ein stad i mitt nærmiljø. I dag måtte eg av garde og fotografera dei. Aldri har eg sett snøklokker så tidleg som i år. Desse yndige hardhausane har det visst travelt med å koma i gang med våren. Dei har nok hatt for lite motstand i vinter, altså for lite
vinter. Då tenkjer dei vel som så at det er like godt å koma seg opp or jorda og starta sesongen.
Det minner om det eg har skrive om i tidlegare innlegg i nær fortid: Om dei som har det så travelt at dei må skunda seg å gå i gang med jula tidleg på hausten, og helst hoppa over adventstida.
Travelhet kan koma til uttrykk på så mange måtar. Her ein dag på ein tur med hunden møtte eg ein sko. Ein ny fin sko i herrestorleik for ein venstrefot. Her er det nokon som har sprunge vel fort, tenkte eg, sette skoen innåt husveggen med ei von om eit mogeleg attersyn mellom sko og eigar.
Ein annan gong eg var ute med Tinka (det er då ting skjer) kom eg over ei truse. Ei herretruse, - midt på turstien. Går det verkeleg an, var det første eg tenkte. Tanke nummer to var at når det gjeld travelhet er det tydelegvis mennene som har det verst.
Ein ting er å springa av seg skorne. Det kan vel enkelte distre folk gjera når dei i sin travelhet skal nå eit eller anna. Men korleis i all verda kan ein springa ut or si eiga truse utan å merka det ?
Det er meg ei gåte......
torsdag 3. januar 2019
mandag 31. desember 2018
Nyttårsafta 2018
Dette er veret på nyttårsafta i år, sett frå stoveglaset. Det var ikkje uventa. Tidlegare i dag kom det ei melding frå straumleverandøren som lydde slik: "Det er varsla sterk kuling til full storm utover kvelden. Uveret kan føra til straumbrot."
Ikkje den koselegaste beskjeden å få på eit nyttårsafta. Men veret rår ein ikkje med.
Elles har det kome mange liknande beskjedar frå vermeldinga. I tillegg til den sterke vinden, truar dei med store nedbørsmengder. Mykje vind og vatn samstundes er kraftige saker, og når det i tillegg skal skytast opp fyrverkeri, er det mykje som kan gå gale. Det får me nok høyra om i morgon.
- Smell og bråk har det vore i mange timar alt, og det aukar på etter som det nærmar seg midnatt. Når det er slik er det godt å halda seg inne. Men før eller sidan må hunden ut. Det er ikkje veg utanom. Tinka-vofsen har vore på vakt i heile dag. Ho spissar øyro ved den minste lyd, og hadde ikkje lyst å oppsøkja bråket. Så det var med ein ekstra spenning me tok i veg med kveldsturen. Som "bestikkelse" tok eg med ein boks med hundesnop. Og den skulle eg få god bruk for. Heilt avgjerande for framdrifta. Elles hadde eg ikkje fått Tinka med meg verken fram eller attende.
Eg har forresten ein mistanke om at ho utnytta situasjonen, for det gjekk med store mengder av det omtalte snopet.
- Kveldsturen på eit nyttårsafta er aldri nokon fornøyelse. Og viss hensikten var å få hunden til å gjera sitt fornødne, så var turen bortkasta. Det var det siste Tinka tenkte på. Ho ville berre heim att.
Noko straumbrot har enno ikkje vist seg sjølv om klokka nærmar seg 22.00.
Men uansett så går me snart over i eit nytt årstal med bulder og brak.
Og eg nyttar høvet til å ønskja mine blogglesarar
GODT NYTT ÅR !
fredag 21. desember 2018
Advent 2018
Ikkje rart at det er mørkt. Det er årets mørkaste dag. Dagen med minst dagslys. No kan det ikkje verta mørkare. Dagane kan ikkje verta kortare. No kan det berre gå ein veg. Oppover. Mot meir lys og lengre dagar.
Einkvar som har vore på botnen, veit at ein kan ikkje koma lenger ned. Går ein ned i nedste kjellaren i eit hus, så kjem ein ikkje lenger ned om ein prøver aldri så mykje.
Så no går det mot lysare tider. Det går nok ei stund til me merkar noko til det. Men berre det å veta at det ligg ein vår der framme ein stad, gjev krefter til nye dagar.
Dessutan er det snart jul. Denne herlege lysfesten midt på svarte vinteren. Og den har me budd oss på lenge. Forventninga har lege der heilt sidan første søndag i advent.
Advent. Tid til å bu seg på det som kjem. Om å minnast at Gud kom til jorda som eit lite barn......
Ventetid.
Men eg registrerer at det er ikkje alle som greier å venta. Som nemnd i førre innlegg, så startar "julehysteriet" tidleg på hausten.
Og for meg ser det ut som om mange, fleire og fleire, hoppar bukk over adventstida og går rett på jula.
- Eg hugsar spesielt kveldsturen med hunden på 1.søndag i advent i år. Det er lett å sjå inn i stovene til folk, og brått såg eg eit fullt pynta juletre i ei like pynta julestove. Sidan har eg sett det same i mange stover kvar dag heile førejulstida . Skremmande.
Greier ikkje folk å venta? Må dei verkeleg gjera som handelsstanden og dra fram juletrea lenge før tida?
For meg vert det heilt feil. Det vert som å eta desserten før hovudretten.
Her i huset held me oss til kalenderen, og det har me tenkt å fortsetja med. Me feirar advent heile advent. Så får jula koma når ho kjem.
Kl. 17.00 på julafta ringjer jula inn. Då er det jul. Ikkje før.
søndag 9. desember 2018
Førejulstid og julehandel
Det er kald, våt og mørk advent. Mørkt er det når eg går kveldstur med Tinka, og like mørkt når me går morgontur. Berre på midt-på-dagen-turen kan me nyta dagslyset.
Hadde me endå hatt snø....så hadde alt vore så mykje lysare.
Ønskjetenking sjølvsagt, men det er lov å drøyma. Og om berre nokre veker er det solsnu.
Ein kan vel sei at det er jammen godt at jula kjem akkurat når det er som mørkast i året. Noko som lyser opp. Noko anna å tenkja på enn mørketid. Ja, det kan vel trengjast. Men det er så mykje med jula som gjer meg betenkt...
Biletet viser julegranen på torgallmenningen. Og elles er det mange slike julatre rundt omkring i byen, både ute og inne. Tidleg på hausten kjem dei og. Tidlegare for kvart år kan det sjå ut som. Det kan virka som om folk har det travelt med å koma i gang med jula.
Ein gong i byrjinga av oktober var eg innom eit gartneri. Og der, nett innom døra stod eit fullt pynta julatre! Då kan ein få jula opp i halsen. Noko vert trykt på ein som ein ikkje er klar for. Eg vart ståande der ved døra og glo på stasen før eg braut ut: "Julatre i oktober?" "Ja, slik er det" kvitra den blide dama bak disken.
Nei, slik er det ikkje, og slik skal det ikkje vera, tenkte eg med meg sjølv, medan eg gjorde det eg skulle og kom meg ut att.
Det er handelsstanden som ligg bak. Det gjeldt å koma fort i gang med julehandelen og få han til å vara frå tidleg haust og heilt fram til jul. Det skal kjøpast og handlast og handlast og kjøpast. No er det snart jul, seiest det, og då må du ha det og det og det.....Elles vert det ikkje skikkeleg jul, visstnok.
Men kvifor skal det kjøpast inn så mykje då? Jula varer då berre nokre dagar. Og denne intense handlinga foregår frå tidleg på hausten. Er det nokon som er redd for at det ikkje skal vera mat i kjøleskapet og klede i kleskapet akkurat dei få dagane jula varer?
Sett frå utsida ser det temmeleg desperat ut. Det hender eg stoppar opp og betraktar galskapen. Då er det godt å ha byfjella i nærleiken. Då dreg eg til fjells, og kjem ikkje ned att til byen før eg har gått av meg frustrasjonen og den indre harmonien er gjenoppretta.

onsdag 14. november 2018
Våte vandringsdagar på Hardangervidda vest.
Me fekk ein uvanleg fin sommar i år. Månad etter månad med solskin og varme, og utan regn. Det var ei tid eg ser attende på med glede. Det ein har lite av veit ein å setja pris på. Det var berre å nyta det i fulle drag, for brått kunne det vera over. Så det vart turar i fjellet og bading i sjøen. Meir enn elles. Veldig godt.
- Men varmebølgja varde ved og ville ingen ende ta. Heilt uvanleg. Det var nesten som om ein tok til å sakna regnet. Naturen vart knusktørr og brannfarleg, og bøndene fekk problem med gardsdrifta då væta ovanfrå uteblei. Det virka etter kvart som om ver og klima var heilt ute av lage.
- Årets fjellvandring frå hytte til hytta var under planleggjing. Men K. og eg kom oss ikkje av garde i juli slik me plar. Eg hadde ein annan tur å ta, og K. hadde ein 60-årsdag å feira. Så fjellvandringa vart utsett til august. Greitt nok. Det var berre det at då var godveret over og regnet attende med full styrke. Godt var det, får ein vel sei, for då trong me verkeleg vatn. Dessutan hadde det vore uvanleg fullt på DNT-hyttene under varmebølgja.
Uansett for me av garde til Hardangervidda eit stykke ut i august. Vermeldingane var ikkje av dei beste, men det fekk så vera.
Hardangervidda vest var ukjend og uopplevd for meg. Men terrenget var villt og variert og godt var det å endeleg få kjenna fjellufta ned i lungene og nyta det frie livet.
Den første overnattingsstaden, ei privat betjent hytte, møtte oss med gjestfridom og god mat. Neste dag la me i veg mot ei DNT-hytte langt inne i fjellheimen. Det vart ein lang dagsetappe, men dess betre å koma fram. Regnet hadde auka på i løpet av dagen.
Og slik skulle det fortsetja. Dagen etter vart temmeleg blaut. Og etter to netter der, vart det bestemt å gå attende til den første hytta.
Etter fleire dagar med nesten konstant regn, hadde bekker, elver og naturen elles vorte temmeleg vassrik. Det vart verre å koma seg over dei strie elvane. Den første elva vassa me over utan sko, men seinare tok me ikkje bryet med å ta av oss skorne. Me var så våte likevel. Så me levde eit friskt liv, får me sei. Eg koste meg, og det håpar eg K. gjorde og. Tinka synest det var heilt topp. For den tre år gamle hunden var dette eit liv som ho kunne tenkt seg meir av.
Årets fjellvandring var ei realistisk hending. Det er no ein gong slik her vest at det er ruskeveret det er mest av. Og skulle ein få litt godver så er det ein bonus.
Tinka og eg sender ein takk nordover til K. for godt samvær og fine, våte vandringsdagar på årets fjellvandring på Hardangervidda vest.

mandag 22. oktober 2018
Færøyane
Det er haust. Regnet siler ned. Sist månad var det noko så vanleg som nedbørsrekord her på vestlandet. Har inntrykk av at slike rekordar som gjeldt veret, stadig overgår kvarandre. Veret vert stadig meir ekstremt i alle retningar: Væte. varme, vind osv.
Ver og klima på ville vegar, kan det sjå ut som. Menneskeskapt ? Kanskje - kanskje ikkje. Uansett ser det ut til å vera noko som ein berre må leva med.
Ovanfor kan ein sjå ei bygd på Færøyane. Medan mange andre nordmenn oppsøkjer sol og varme når dei skal ut å reisa, kan det sjå ut som om denne dama gjer det motsatte. Sydenturar er ikkje aktuelt for meg. Derimot har eg fått sansen for desse fine grøne øyane vest i havet. Og der er veret minst like vått og friskt som her heime.
Det byrja med ein tur til Shetland i 1993. Og etter at min kjære O. kom inn i biletet, har det vorte turar til Orknøyane, Hebridane, Island og i år Færøyane. Og der har det vore utruleg mykje interessant å oppleva ! Natur, kultur, språk og historie. Færøyingane har norsk og keltisk avstamming. Så me har mykje felles historie med dei der vest i havet.
Færøyane møtte meg med sin knallgrøne vegetasjon, flotte høgreiste fjell, nydelege fjordar og fargerike hus. Dei idylliske bygdene ligg fint til nede med sjøen, alltid med ei lita kyrkje som sentrum.
Færøyane består av 18 øyar av vulkansk opphav, som er graskledde med mykje villblomar og utan naturleg trevekst. Klimaet er mildt og vått med milde vintrar og kalde somrar. Og regn og skodde er det mykje av.
Færøyane betyr fårøyane eller saueøyane. For der bur 70 000 sauer og dessutan 50 000 menneske. Sauene er altså i fleirtal, og der lever dei sine gode saualiv utan å måtta bekymra seg for ville dyr som ulv, bjørn og rev. For det finst ikkje.
Nasjonalfuglen er tjelden. Eller tjaldur som han heiter på færøyisk. Tjelden har sin eigen dag, 12.mars som vert feira kvart år.
Språket færøyisk liknar på islandsk, men ligg litt nærare norsk. Likevel heilt umogeleg å forstå, men dansk er andrespråket. Det kan alle, så då kan ein berre snakka norsk med dei utan å gå vegen om engelsk. Veldig greitt.
Ja, her sit eg og mimrar om denne fine veka i juli då eg fekk denne flotte turen mot vest. Min kjære O. var dessverre ikkje med. Men eg har eit ønskje om å få lokka han med meg dit ein gong. Det trur eg han hadde likt.

torsdag 11. oktober 2018
Haust ved hytta 2018
No er det lenge sidan det har skjedd noko her på bloggen min. Altfor lenge sidan. Men det betyr ikkje at det ikkje skjer noko i livet mitt. Livet går sin vante gang. Ingen dag er lik ein annan.
Vel er det så at tida går. Men tida kjem og. Den eine minutten og timen glir over i ny tid - framtid.
Då er det godt å verta minna på Jes. 43.18.
"Tenk ikkje på det som hende før. Gjev ikkje akt på det som ein gong var. Sjå, eg skapar noko nytt!"
Det er det som hender heile tida. Me får tida og framtida som gåve kvar einaste dag. Og så er det godt å tenkja på at me ikkje treng å bruka meir tid å energi på det som ligg bak. Vanskeleg fortid med sjukdom og vonde ting har det vore nok av. Men den ligg bak. Heldigvis. Framføre ligg framtida, ny og ubrukt kvar ny dag.
Og biletet viser ein stad der eg finn nye krefter til nye dagar i livet mitt. Den vesle raude hytta i skogen. Mitt sommarparadis. Der eg kan rusla omkring i skogen eller sitja og sjå ned mot sjøen.
Der det er så inderleg stillt og godt å koma når ein er lei av byen.
Der Tinka-vofsen kan springa laus så mykje ho vil.
Ja, på denne staden har eg og hundane mine hatt mange gode stunder gjennom etter kvart mange år.
Og hytta står der like traust og trygt som før. Verre er det med skytja. Ho står nok for fall. og det er nærmest eit under for kvar vinter ho overlever. Eg får stella godt med henne no før vinteren set inn. Banka spikrane godt inn (dei er på veg ut) og kanskje dekkja taket med endå ein ny presenning. Så kanskje det vert nye dagar og ny framtid også for den vesle skytja her på denne staden som betyr så mykje for meg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)