søndag 15. april 2018

Halvvegs til 120

For to dagar sidan skjedde det noko her på heimebane: Underteikna gjekk over i 60-åra. Med tida som framkomstmiddel måtte det verta slik.  Sjølv sit eg att med ei merkeleg kjense av kor udramatisk og smertefritt det var/er. Og det undrar meg at alt er som før. Kroppen kjennest fortsatt ung og sinnet endå yngre. Men sanninga er at denne personen har levd i 60 år. Det er lenge, det. Likevel, når eg skal tenkja framover, er det berre halvvegs til 120. Ikkje det at det er eit mål å verta så gammal.

Overgangen til dei neste 60 åra måtte sjølvsagt feirast. Medan andre feirer slike milepælar med mykje folk og svære etegilde, ville eg det annleis.  Eg tenkjer her på eit visdomsord den danske forfattaren H.C.Andersen etterlet seg:  "Å reisa er å leva". Eg vil snu litt på det og seia: Å leva er å reisa. Og på 60-årsdagen ville eg leva fullt ut. Difor vart det ei feiring med ei reise.

Tidleg om morgonen la me av garde med toget, jubilanten føre med gubben på slep. Ville han vera saman med meg den dagen så måtte han berre følgja med. Vår firbeinte familiemedlem vart att heime. Er det nokon av mine blogglesarar som kjenner til turen som kallast: "Norge i eit nøtteskal" så veit de gjerne kva me gjekk i gang med.
 På Voss hoppa me av og gjekk over på buss til Gudvangen der bildet over er teke.
I den stupbratte bygda vart me skyssa ombord på denne fine turistbåten og fekk ein nydeleg tur først på Nærøyfjorden og så Aurlandsfjorden. Me hadde med oss det finaste ver som tenkjast kunne. Og reisefølgjet vårt bestod av folk frå mange kantar av verda. Eg trur O. og eg var dei einaste nordmennene. Tydelegvis ein populær tur for utlendingar.
  - Etter den flotte båtturen hamna me i Flåm. Først innom Flåmsbanemuseet, så ein liten spasertur i sentrum. Medan me gjekk der, kom det ein sms frå niese M. som fortalde at no hadde ho hatt ein lang,fin tur med den firbeinte der heime, som avtalt. Godt å veta at Tinka vart teken hand om.
Neste post på programmet var ein tur med Flåmsbana. Det var den brattaste og finaste togturen eg har opplevd. Litt ekstra dramatikk då toget måtte stoppa pga ei isblokk som som hadde rasa ned og lagt seg midt i jernbana. Det vart ein pause på 10-15 minutt før me kunne reisa vidare. Til lenger opp me kom vart det meir og meir snø og is og dei fleste fossane var frosne. Og då Myrdal var nådd var det full vinter. Lenge til vår der.
 Så bar det heimover med Bergensbana.

I 18.00-tida kom me heim trøtte og fulle av inntrykk.
60-årsdagen min vart akkurat så flott som eg hadde sett føre meg. Ein slik dag ville eg ikkje hatt annleis.
Dagen etterlet seg 54 foto og mange gode minne.



søndag 14. januar 2018

Tjuande dag jul

 I går var det tjuande dag jul som markerer slutten på jula for denne gongen. Dermed vart alt som minner om jul pakka ned og lagt vekk. Alt frå dei raude juladukane til det vesle julatreet i plast som eg har hatt i mange år. Sistnemnde har forresten teke til å dryssa. Eg visste ikkje at kunstige julatre dreiv med slikt. Men vert dei gamle nok så gjer dei vel det likevel.

  - Det vart ein del minne frå jula denne gongen og. Bildet viser eit av dei. Det er frå den tradisjonelle torskemiddagen her hjå oss 1.juledag. Det er alltid eit vellukka treff som samlar min kjære O.  sine næraste til eit fiskemåltid av beste slag. Og Tinka fekk nyta restane. Ho fekk servert godsakene i skåla si på kjøkkenet som vanleg, og jafsa i seg av all kraft, vill i augo etter å få maten i seg fortast mogeleg. Ikkje snakk om å nyta måltidet. Det skulle gjerast fort,  - på hundevis. Skåla for dansande bort etter kjøkkengolvet, innunder ein stol og heilt bort til veggen. Tinka etter. Det vart etter kvart eit liggjande måltid.

  - No er me på god veg inn i eit nytt år. 2018 er alt to veker gammalt. Og eg undrar meg på kva det nye året kjem til å innehalda. Det manglar ikkje på planar. Så får me sjå kva som kjem ut av planane.

Til dei som kjem til å lesa dette, ønskjer eg GODT NYTT ÅR !

tirsdag 26. desember 2017

Jul 2017

  - Så vart det jul i år og. Den regnvåte hausten gjekk over i ei minst like regnvåt jul. Meteorologane trua med ekstremver og nedbørsrekord her i landets våtaste by, og vått vart det, no som elles. Tinka og eg kjenner det på kroppen, på våre tre daglege turar.
Slik er det å ha hund. Ut må ein uansett ver. Men me har så godt av det.  Min kjære O. ser på veret når det er spørsmål om tur. Det kan ikkje Tinka og eg gjera. Eg har forlengst investert i paraply med stålspilar. Noko anna nyttar ikkje når nordavinden (og andre vindar) er med i bildet. Regnklede og paraply kunne like gjerne vore nasjonaldrakta her på vestlandet. Men me lir ikkje av tørke som så mange andre stader i verda. Veldig godt !

  - Men jul vart det altså likevel. I går samla me O. sine etterkomarar til den tradisjonelle juletorskmiddagen. Alle fekk metta seg med førsteklasses kokt torsk, dessert og julekaker.

  -  Så følgde gåveutdeling. Og alle fekk gåver som passa for kvar enkelt. Om ei snelle til fiskestong(bildet) passar til denne dama, får tida visa. Men det var noko eg hadde ønskt meg.
 O. har hatt ei lita, gammal fiskestong utan snelle ståande som han ikkje har planar om å bruka meir, sidan han har ei anna større som han likar betre. Først spurde eg om eg kunne kjøpa den gamle av han. Så vart det litt diskusjon som enda med at eg kunne overta henne og ønskja meg ei ny snelle til jul. Og slik vart det.

  - No  drøymer eg om sommardagar der me står på kaien ved hytta med kvar si fiskestong og hentar opp fisk til hyttemiddagen...

tirsdag 12. desember 2017

Eit streif av vinter

Endeleg kom regnet ned i fast form og la sitt kvite teppe over alt og alle. No ein dag då me var ute på dagens kveldstur, møtte me denne snømannen. Han stod der og lyste så kvit og fin. Akkurat den fargen som eg hungrar så etter på denne tida av året.  
Eg trur Tinka og eg tenkjer likt når det gjeldt snø. Ho jublar på sin måte når ho kjem ut og oppdagar snøen. Då er det å rulla seg og rasa omkring. Det ser ut som om ho og får meir energi av lyset (som om ho ikkje har nok av det frå før) Kanskje me to snøelskarar skal unna oss nokre dagar på fjellet og få utløp for turlyster i snøen... Eg kan no bruka litt av førejulstida til å drøyma litt i den retning. For i morgon er veret attende til det "normale", grått og vått. 
Men no står jula for døra, så eg får drøyma enno ei stund. Og enn så lenge kosa meg inne, med julebrevskriving, smultringbakst og andre adventsysler. 
  

søndag 3. desember 2017

Alt er ein overgang.

Det har ikkje vorte mykje bloggskriving no i haust. Ikkje det at eg har så mykje å gjera. Har alltid noko som opptek meg. Sit aldri med hendene i fanget. Og stadig er planane mange. Men uansett så går tida skrekkeleg fort!
 Dagane har vorte så korte at mange av mine planar har vorte med tanken. Mørkret ruver over den regnvåte byen, og i det siste har eg vore trøttare enn elles. Eg vel å skulda på årstida.
  -  Sist veke kom det likevel eit lyspunkt frå Det Meteorologiske Institutt: Det var snø i vente! Og mitt barnlege hjarta gledde seg stort. Men då tida var inne, kom snøen som regn,  -  som vanleg.
  - Så no sit eg her og prøver å halda motet oppe med eit lite sommarminne frå årets hyttesesong: To blømande rosebusker(bildet)  Det var så kjekt å koma på hyttetur og sjå så mange roser. Men også her vart gleda kortvarig. Den neste hytteturen møtte meg med tomme rosestilkar. Berre greinene stod att. Ingen tvil om kven som hadde vore der. Hjortebestanden spør ikkje om lov når dei vil ha noko.
Så følgde fleire roselause månader der ved hytta.  Men så, på ein dagstur dit den 31.oktober  stod det brått ein knopp i rosebedet. Han stod der og lyste så frimodigt i dei kalde, våte omgjevnadene.
Det skulle ikkje meir til for at stemningsleiet mitt steig nokre hakk.
Men på neste hyttedagstur var han vekke. Det vart hjortamat av den knoppen og.
Så alt er ein overgang, som reven sa då han vart flådd.

  - Livet her vest er full av regnbyger, men det har aldri hendt at dei ikkje har letta. Eg er glad for kvar regnbyge som gjev meg den ære å forsvinna, og for kvar den solstråle som unner meg litt varme.
Her gjeldt det å finna lyspunktene.

lørdag 14. oktober 2017

Som hund og katt

Til alle tider har hundar og kattar vore i konflikt med kvarandre. Hundar jagar kattar og kattane kjem seg unna. Slik har det alltid vore og slik kjem det vel alltid til å vera.
Tinka er ikkje noko unnatak. Ho leitar opp kvart einaste kattabeist i nærmiljøet og gjer sitt beste for gjera ende på stakkaren. Som her på bildet. Katten har søkt tilflukt oppå ein bil medan Tinka sender han nokre saftige hundegloser med volumet på full styrke ! Det hjelper berre sånn passeleg. Som kattar flest sit han der med is i magen og eit dødeleg blikk. Han veit han er trygg for hunden går i band og sjølv kan han berre sitja der utan å verta nådd. Skulle ein hund gå laus, er det berre å springa å koma seg oppi eit tre. Han har forlengst skjønt at hundar klatrar ikkje i tre. Og det trur eg me skal vera glade for, elles hadde det vorte mangt eit basketak oppi trea.

  - Likevel kan det verta nærkampar på bakkenivå og. Som den gongen ho rykkte til så kraftigt då ho såg ein katt at bandet slitna. Ho for av garde mot katten og fekk kjenna kva nærkontakt med kattar kan vera. Katten verja seg ved å senda henne sine kvasse klør, som traff henne på snuten så blodet rann. Det var ein blodig hund eg kom heim med den dagen.
  Eg håpa på at ho hadde lært av episoden. Men nei. Neste gong me møtte ein katt var det same sjauen. Og slik har det vore sidan. Så dette med "hund og katt"-fiendskap ligg vel i genane. Eg har ikkje funne anna forklaring.
I alle fall har eg så langt ikkje greidd å læra henne å elska sine fiendar. Der har me tydelegvis ein lang veg å gå.

tirsdag 3. oktober 2017

Plommesyltetøy 2017

  - Dette er årets plommefangst, etter syltinga. Råvarene kjem frå eit gammalt plommetre på heimlege trakter på ei viss øy. Det er ikkje kvart år det vert så mykje plommer som i år, men no har me sikkert syltetøy på skiva i fleire år framover.  I fjor vart det ingenting. Treet var riktignok full av plommer kort tid før plukking, men då plukkedagen kom, hadde dei forsvunne på mystisk vis. 

Det stakkars vanstelte plommetreet står utsett til i ei brekke attmed ein veg, og kunne trengja litt pleie og omsorg, inkludert næring og beskjering. Så det får me ha i tankane som takk for årets gode avkastning. 
Plukkinga var ikkje utan problem. Dei aller fleste plommene kunne ikkje nåast frå bakkenivå. Og med stige er det vanskeleg i bratt terreng. Så det vart litt klatring, og med riva til hjelp nådde eg dei fleste. Resten fekk berre hengja, - til plommetjuvar med ekstra lange armar eller til fuglane. 

No har me teke syltetøyet i bruk. Og det smakar som heimalaga syltetøy skal smaka, til glede for både oss og andre. For me reknar med å dela litt, - gje vekk som enkle velsmakande gåver  til dei som stikk innom no utover hausten og vinteren.
 Ein smak av sommaren som var.