tirsdag 19. januar 2016

Grip dagen

Her er eit typisk bilde som får stemningsleiet til å stiga betrakteleg for meg. Det er så utruleg flott å sjå når snøen legg seg over den vanlegvis så vasstrukne jorda. Då går ein liksom inn i ei heilt anna verd. Tek på seg heilt andre klede og opplever noko heilt anna enn regnver på tvers og vrengde paraplyar. 
  - Dei siste innlegga har vore prega av frustrasjon over evigvarande regn. Så dette veret her bør eg vel sjå på som eit slags bønnesvar då. Eg heldt pusten og kan mest ikkje tru det. For kjem det til å vara ? Sikkert ikkje, for skumle vermeldingar truar i bakgrunnen. Dei gjer alltid det. Men då må ein berre lukka sansane for slikt og gjera som det står i eit visdomsord: GRIP DAGEN !!  
 Hiv deg rundt, Ragnhild ! Få på deg skikleda og kom deg ut i skisporet !
  - Og det var det eg gjorde i dag. Nytte kvart sekund av dagen og kvar meter av skiløypa. Dette er drivstoffet som heldt meg gåande når regnbygene er attende.

mandag 11. januar 2016

Julelitteratur

I mitt førre innlegg var det noko som fekk "begeret til å flyta over" for meg når det gjaldt dette overdrivne regnveret her på vestlandet. Eg var så lei av regn at eg kunne emigrert til heilt andre breiddegrader på flekken!!  Dei meiningane har eg  enno, men temperamentet har lagt seg noko. Mennesket er ein tilpasningsdyktig skapning, og kan ein ikkje leva ute så fekk ein finna seg eit meiningsfyllt inneliv. Riktignok
vart me foræra fleire dagar i romjula med snøver ! Den vidunderlege snøen la seg så fint over byen, og vart liggjande i to heile døgn. Dermed steig humøret til dei store høgder for meg. Men då dei to døgna var over, overtok regnet att, og stemningsleiet seig ned att på sitt vanlege nivå.
  - Det er då det gjeldt å gjera det beste ut av situasjonen: Min kjære O. ønskte seg julehefte til jul. Han fekk seg eit par stykker, men det var liksom ikkje nok. Så ein dag i romjula tok han saka i eigne hender og gjekk på nærbutikken og skaffa seg det han synest mangla. Og her på bildet ser ein resultatet av handleturen. I ettertid følgde mang ei hyggjeleg lesestund med denne koselege og tradisjonelle julelitteraturen.

fredag 25. desember 2015

Jul 2015

Tidleg i haust tok eg til å forhandla med den Allmektige om ei kvit jul og ein snørik vinter. Eg la det fram for Han og begrunna det godt og grundigt. Så var det berre å venta. Men etter som det lei utover hausten, såg det meir og meir svart ut når det gjaldt bønnesvaret. Mørkret og spesielt regnet seig innover vestlandet i uante mengder. Dei fuktige naturkreftene har gått langt utover sine grenser. I desse dagar snakkast det om nedbørsrekord. Og mang ein vestlending har fått sjø og elvar inn i stovene sine. Ein kan riva seg i håret og hyla i protest, men det hjelper berre så sørgeleg lite. Frustrasjonen auka i takt med dei dystre vermeldingane. Kvifor i all verda skulle eg verta fødd som vestlending ? Kunne eg ikkje like gjerne kome til verda i det indre av austlandet eller ein snørik stad i nord-norge ? Sjølvsagt går det an å flytta, men så var det dette med røtene. Oftast hamnar vel folk i nærleiken av heimtraktene sine, i alle fall etter ei tid.
Slik kan ein tenkja når det vert i meste laget med drittver. "Men når vårsol i bakkane blenkte...." som det står i ein song, så vert ein verande der ein er. Sjølv om det er lenge til vårsola.
  - Vel vel, kontakten med høgare makter førte ikkje til det eg ønskte og håpa på. Det er vel ikkje så greitt å gjera alle til lags. Kanskje det er like håplaust å be om snø på vestlandet som det er å be om regn når vinden kjem frå nord. Uansett så kan ein ikkje gjera noko med veret. Får heller satsa på eit liv innandørs.
  - Men kva har dette verpratet med bildet å gjera ?  Ikkje godt å sjå kva det er med det same, men går ein litt nærare, kan ein sjå at dette er opphengte huer forma som eit juletre. Og dette finn ein i "Barnas Katedral" i verdas våtaste by. Kanskje eit innsamlingsprosjekt som skal vidare til dei trengjande...? Og dette fekk me med oss på sjølvaste julafta, gudstenesta der. Flott påfunn, tenkte eg då me gjekk derifrå i det fæle regnveret som skulle vore snø....

onsdag 9. desember 2015

Våt vinter i vest

Dette bildet er teke nett utanfor heimen til O. og meg.
Sporvane på bildet her er ikkje så lett å få augo på. Dei er så små og går nesten i eitt med det gråbrune treet
dei sit i. Sjølv ønskjer eg meg skikkeleg vinter med kulde og snø. Men desse skapningane ser nok helst at dei slepp det. Utfordringane med å overleva vinteren er vanskeleg nok om bakken er berr.
Uansett virkar det som om dei set pris på litt menneskeleg hjelp til å fylla dei små magane sine i desse kalde og våte tider. Håpar dei får det dei treng for å overleva den lange vinteren, og at dei har eit lite krypinn der dei kan gå inn og varma seg.

søndag 29. november 2015

Mor sitt bidrag



- Det er i slutten av november, den mørkaste og tyngste tida på året.
 -Dei fleste lauva på trea har sleppt taket og hamna på bakken der dei ligg i  haugar for å gå attende til naturen, eller verta kosta vekk og fjerna på annan måte. Attende heng dei nakne greinene og minner meir om død enn liv. Men det har ikkje vore så mykje høve til å fundera noko særleg over det. For hausten har vore uvanleg travel. Det tek si tid til å rydda opp etter folk som har gått bort.
  - På bildet ser ein  33 av dei 35 banankortangane med klede som mor etterlet seg, som no er sendt til Russland til dei som treng det der. Uvanleg mykje klede etter eitt menneske, Men dess meir å gje vekk. Kleda skal koma vel med. Dei skal varma kalde kroppar i det store landet i aust.
Dette vart mor sitt store bidrag til dei fattige.

onsdag 2. september 2015

Uvanleg sommar

  

Nyt dette bildet. Det er min tradisjonelle sommarhytteutsikt. Kvar sommar i mange år har eg kunna nyta denne utsikten frå mai til september. Med tilhøyrande fuglekvitter og skogens ro. Alltid har det vore godt å koma hit frå byliv og ein stressande arbeidssituasjon. Nokre dagar på denne staden og med denne utsikten har gjort hund og menneske i stand til å koma attende til kvardagen med fornya krefter. Slik har det vore i mange år, og slik håpar eg det vert i mange år framover. Med eit stort unnatak: Denne sommaren, som vart så heilt annleis enn andre somrar. 
  - Det var mor sin sjukdom og bortgang som snudde opp-ned på alle sommarplanar. Brått hadde me ein leilighet/ ein heim som skulle avviklast. Og det driv me fortsatt med. Mykje arbeid. Vasking og ordning, i tillegg til det å venja seg til at ein person er vekke. 
  - Så får det heller vera med årets hyttesesong. Hytta står der og det vil ho mest sannsynleg halda fram med. For tida stoppar ikkje opp om me møter store endringar i livet. Klokka tikkar vidare og me må hengja med.
Nye hyttesesongar vil koma, og det har eg begynt å gle meg til.





onsdag 26. august 2015

3 års bryllaupsdag

I går var det ein stor dag for O. og meg. Me har vore gifte i 3 år !
Det har vorte ein tradisjon å feira bryllaupsdagar på eksotiske stader. Gårsdagens feiring gjekk føre seg på thailandsk restaurant her i vår eigen by. På menyen var som bildet viser; steikt blekksprut. Med begrensa krydder smakte det utruleg godt!
  - Eg er heldig som har min kjære O. Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer den tanken. Me skal nyta tida i lag, og håpar det vert lenge, lenge.