torsdag 30. august 2012

Seinsommarbrur

  - Så har det skjedd, det heilt store. Tanja si matmor gjekk opp kyrkjegolvet og fekk sin kjære O. Seint på sommaren og seint i livet. Frøkna vart fru og mannen fekk seg kone. Så vart det bryllaupsfest med alt som høyrer med.  Etterfølgd av bryllaupsnatt heima i B.myra. Ja, det er utruleg kva ein overlever.......

fredag 17. august 2012

Hjorten, den skurken


Slik såg rosebedet ut ein dag me kom på hytta tidlegare i sommar.  Rosegreinene hadde rikeleg med blad, men i toppen var det tomt. Roseknoppane som skulle bløma seinare på sommaren var rett og slett vekke. Ikkje vanskeleg å tenkja seg kven som hadde vore på ferde. Hjortebestanden har auka på øynæ dei seinare åra, og det skal eg sei at me merkar. Hjorten, den skurken, hadde ikkje nok med roseknoppane. Han hadde og forsynt seg med nokre løkar som O. hadde planta ved sida av skytja. Måtte vel ha litt dessert før han labba til skogs att. Ting tyder også på at han går omkring hytta nattestider,  medan me ligg inne og søv. Kva vert det neste ?
  - Kanskje me må få hytta nærare byen for å få fred... Likevel veit eg at at slike firbeinte kan vera eit problem også i meir urbane strøk.  På ein viss kyrkjegard i byen hadde ein hjortegjeng for vane å koma ned frå liene om natta, hoppa over gjerdet til gravplassen og forsynte seg grovt av blomstrane på gravene som eg  og andre kyrkjegardsarbeidarar hadde brukt dagavis på å planta. Der var det stemorsblomstrane som var yndlingsretten.
  - Ikkje godt å veta kva som hjelper mot slikt. Ein må berre innsjå at det vert ikkje noko rosebløming på hytta i år. Men kanskje neste år..? Då vert det i alle fall mindre skog kring hytta for skurken å gøyma seg i.
Posted by Picasa

søndag 22. juli 2012

Kamp for livet

  
Stakkars hagen min og alt som er der. Ikkje godt å vera der på ein dag som denne. Stiv og til dels sterk kuling frå sør gjer livet til ein kamp for blomar og poteplantar som er så "uheldig" å veksa tre etasjar over bakkenivå. Den kraftige vinden riv og slit, pustar og bles med alt han har av krefter og energi. Og når ein er nøydd til å leva utandørs, må ein berre stå striden ut og håpar at ein kjem frå det med liv og helse i behald.
Hadde det berre vore betre ver i sikte... Men så vel er det ikkje. Store nedbørsmengder og kraftig vind er det me kan venta oss no dei næraste dagane. Poteplantane har lagt seg heilt på skrå, og blomane vert hardt medfarne. Den som strevar mest er ei nydeleg rosebuske med kvite roser. Sjølv om eg har støtta henne opp med pinnar, er det ikkje godt å veta kva som vert utfallet av kampen.

Dramatikken på altanen minner litt om datoen i dag: 22.juli. Eittårsmarkeringa for ein annan og langt meir krevande kamp  -   med ufattelege konsekvensar for dei som vart råka. For oss andre gjeldt det å leva og gleda seg over livet her og no. Framtida veit me ingenting om. Heldigvis.  Posted by Picasa

fredag 6. juli 2012

Ubeden gjest


Denne sleipe skapningen kom i min veg no ein dag då eg skulle ut. Eit godt stykke oppe på inngangsdøra nede i 1.etasje, litt ovanfor handtaket hadde han snigla seg oppover.  Enkelte skyr ingen midlar når det gjeldt å koma seg opp og fram her i livet. Og denne karen hadde tydelegvis høge mål. Kor høge veit eg ikkje, då eg ikkje hadde interesse av å finna ut kvar han hadde tenkt seg.  Håpar berre at han vart oppdaga og sendt i retur før han nådde opp til meg i 3.etasje !



Posted by Picasa

lørdag 30. juni 2012

Klesskap frå Ikea.

  - Det første folk ser når dei kjem til meg er dette skapet. Det er flunkande nytt og står her i gangen min og lyser opp som den finaste sommardag. Det gamle skapet som stod der, var så prega av alder og slitasje, at det var modent for utskiftning. Det har det eigentleg vore lenge, men dei som kjenner meg veit at eg rir ikkje alltid den dagen eg salar. Korgene inne i skapet skulle liksom hengja så fint, men det er det lenge sidan dei har gjort. Stadig oftare datt dei ned, i takt med min aukande frustrasjon. Berre eg kom så vidt bort i dei, eller viss eg skulle vera så uheldig å pusta på dei, ramla dei ned på botnen,alle saman og vart liggjande der. Med innhald. Då var det ikkje særleg gøy å leita etter ting når ein trong dei.
  - Men når nauda er stor er hjelpa nærast, heiter det. Og no når nye, store Ikea har kome nesten inn i mitt nærmiljø, treng ein ikkje fara så langt etter det som må skiftast ut.
  - Me fann snart ut at skal ein dit, bør ein vera god til beins og ha rikeleg tid. Vel innanfor veggane, fekk eg kjensla av å ha kome inn på ein internasjonal flyplass. Svære rom, lange gangar,  og eit enormt utval av nær sagt alle ting. Høgtalaren gjorde og sitt til at det var omtrent som om eg skulle ut å reisa. Men O. og eg skulle altså berre ha eit skap. Etter ein solid marsj på kryss og tvers fannn me endeleg skapa, og bestemte oss for eit som eg trudde skulle passa bra hjå meg.  Det utvalde skapet var 2,36 meter høgt, og med ei slik diger sak er det ikkje greitt å kjøra Nissan Micra sjølv om skapet var flatpakka.  Men det er utruleg kva som går. Etter mykje tenkjing og jobbing hamna skapet til slutt i min vesle heim.
  - Å montera Ikea-møblar plar vera ei grei sak.  Men eit skap viste seg å vera ei større utfordring enn   bokhyller og kommodar som eg hadde sett saman før. Både O. og eg måtte leggja hjernane våre i bløt i fleire dagar. Reine intelligenstesten. Men etter 3-4 dagar stod skapet der så fint.  Og der håpar eg det får stå i mange år og gjera nytten sin. Posted by Picasa

lørdag 14. april 2012

Å fylla 54

  Det var i går overgangen skjedde: Då gjekk eg over grensa frå å vera 53-åring til å verta 54-åring. Fint og forsiktig gjekk det.   Merka ingen drastisk forandring frå den eine dagen til den andre. (Ikkje av det negative slaget heller, sidan det skjedde på fredag den trettande.)  Åra glir over i kvarandre slik dei alltid har gjort. Men eg registrerer at eg nærmar med hundreårsdagen!  Det har eg vel eigentleg allltid gjort. Men avstanden er kortare enn nokon gong.
  - Planar har eg no som alltid. Ein av langtidsplanane er at når L. og eg når hundreårsdagane våre  (det skjer omtrent samstundes) går førarkorta våre ut på dato, så då har me ein jobb med å fornya dei. Men det får me heller ta når tida nærmar seg...
Førebels har eg 54-årsdagen i friskt minne. Han vart feira med eit godt måltid på kinesisk restaurant i lag med min kjære O. Etterfølgd av ein innhaldsrik kveld heima hjå han. Hm...
   - Ei av dagens høgdepunkter var dei tre rosene eg fekk av min kjære. Tre nydelege roser. Men etter ein litt ublid kjøretur mista den eine rosa "hovudet" sitt. Så buketten vart redusert til tre stilkar og to rosehovud. Litt dumt, men i staden for å sørgja over den rosa som forsvant, vil eg heller gleda meg over dei to rosene som eg fortsatt har. Håpar og ønskjer å ta med meg den same haldninga vidare i livet med det som møter meg i framtida. Det er i alle fall noko å strekkja seg etter.

mandag 26. mars 2012

Gåte


Til dei som likar å lesa bloggen min, har eg denne gåta:
Kva hadde O og eg til middag den 14.mars 2012?
Den første som kjem med rette svaret her på bloggen min, kan venta seg ein bokpremie. 
Posted by Picasa