søndag 17. april 2011

Gamle slitarar


Dette er mine gamle, velbrukte fjellsko. Dei vart kjøpte i 1997 nett før eg la ut på tur frå hytte til hytte i Jotunheimen der Galdhøpiggen var hovudmålet. Sidan har dei følgd meg på mange liknande turar: Til saman 3 gongar i Jotunheimen, og elles på Hardangervidda, i Breheimen, Trollheimen, Sylane og mange, mange dagsturar her omkring by'dn og på øynæ. På slike turar veit eg kor viktigt det er å vera godt skodd. Det gjer turane så mykje lettare. Og skorne har halde mål. I alt slags ver og i mange slags terreng. Men no ein dag, etter å ha vore mykje brukt i 14 år, trekte dei sitt siste sukk. Det var på eit fjell ikkje langt unna eg oppdaga at det hadde laga seg djupe holer inni/under solane. Dei heldt på å gå i oppløysing innanfrå! Så eg måtte berre innsjå at mine trufaste,kjempegode fjellsko hadde gjort si gjerning.

- Men ein stad, på ein eller anna sportsbutikk, står det eit par nye fjellsko og ventar på at eg skal koma og kjøpa dei og ta fatt på nye fjellturar der framme i framtida....Gler meg!



Posted by Picasa

lørdag 16. april 2011

torsdag 31. mars 2011

Verdens finaste øy



Våren er komen og ein ny vår/sommar-sesong er i emning. Nydeleg natur og fint ver gjer at ein ser framover til nye turar i skog og fjell. Hund og menneske gler seg til å sjå nye stader og bestiga nye toppar. Dagane vert stadig lengre, og planar er klare. Det klør i armar og føter etter å ta fatt. Ikkje er det vanskeleg å finna reisemål og turmål heller med så lett tilgang til verdens finaste øy. For denne øya stiller med det meste: Fjordar og fjell, skogar og dalar. Naturperler i mengder. Det er berre å finna fjellskorne.


- Vinteren som nett har vore, var ikkje så verst. Men det kunne vore meir snø og kulde. Fleire skiturar stod høgt på ønskjelista. Særleg etter at eg endeleg investerte i nye ski. Men det vart ikkje meir enn eit par slike turar. Så ein får ta det ein får. Det vert vel nye vintrar...


- Den firbeinte av oss har forlengst kome seg etter den store operasjonen ho var igjennom i romjula. Lenge gjekk ho omkring med glattbarbert mage, men den saka har ordna seg, så det 20 cm lange arret på magen er ikkje lenger så synleg. Og hunden sjølv er attende i same gode formen.


- Ja, eg ser fram til nye opplevingar i skog og fjell med mi kjære Tanja. Og kanskje greier me å få med oss nokre fleire.....? Det hadde vore ekstra kjekt.

torsdag 10. mars 2011

Frå tanke til handling

No har det endeleg skjedd. Eg har kjøpt meg nye ski ! Dei gamle treplankane frå 1970-talet, produsert på øynæ, har tent meg trufast i alle desse åra. Tidas tann har slipt dei grundigt ned. Vasstrukne og runde i kantane har dei vorte og dermed bort imot ustyrlege. I nedoverbakke lever dei sitt eige liv. Likevel har dei vorte ein del av vinteropplevingane mine både i fjellet og i låglandet. Og mange gode minne sit eg att med. Men etter som åra har gått har skiturar foregått med aukande forsiktighet, særleg i unnabakke. Ein skal helst koma frå det med liv og helse i behald.
- Men alt har si tid. Og tida for ski-utskiftning er komen for lenge sidan. Faktisk har eg tenkt på det i 20 - 30 år. Så dette er ikkje noko spontanhandling, men eit av langtidsprosjekta mine. Ein kan vel kalla det ei storhending i mitt snart 53-årige liv. Ein milepæl. Det har sanneleg vore eit godt stykke frå tanke til handling. ...Det som ligg framføre no er eit nytt liv i skisporet.
- Dette var i går. I dag har eg vore og prøvekjørt dei nye skia. Og glien er rikeleg til stades. Både framover og bakover. Det siste reknar eg med finst hjelp for. Alt i alt er det eit stort steg framover.
Kva som skjer med gamle-skia er litt usikkert. Men selja dei kjem ikkje på tale(det er vel neppe nokon som vil ha dei). Dei høyrer vel meir heime på eit museum, tenkjer eg.
Posted by Picasa

mandag 31. januar 2011

Hålkeføre

Det er midtvinters og eg går enno og ventar på skiføre. Ventar og ventar. Minnast dei flotte skiturane sist vinter, og ventar. Lengtar til skogs og til fjells, men som biletet viser er der knapt råd å føta seg. Ja, det er mykje hålkeføre rundt omkring no, og det har det vore lenge. På søndagsturar og andre turar må ein sko seg godt, elles er vegen kort til legevakt og sjukehus med brotne bein og det som verre er. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: I desse dagar er det skobutikkar og andre som sel broddar som trekkjer det lengste strået. Endeleg er turen komen til dei. Salet av broddar går kraftigt opp i slike tider, og me andre får unna dei det. Så får eg og andre som drøymer om skiføre, trøysta oss med at det kjem alltid eit veromslag. Og skal me vera riktig optimistiske kan skiturane vera nærare enn me anar. Det er enno lenge til våren.
Posted by Picasa

torsdag 20. januar 2011

Tanja i underbuksa


I lange stunder kan min firbeinte venn liggja her i sofaen sin. Det er hennar plass og der føler ho seg trygg. På dette biletet ligg ho med halve kroppen utanfor sofaen, men like trygt ligg ho. Det er som om tilliten til matmora lyser ut or dei gode hundeaugene. Og blikket hennar er oftest festa på meg, i alle fall den tida ho ikkje søv.
Påkledningen er eit kapittel for seg: Den kan minna om ei slags sparkebukse, eller kanskje eg skal sei ei god gammal makkounderbukse av det slaget som bestemødrene brukte i min barndom. Eit unødvendigt plagg for ein hund vanlegvis, men i dette tilfellet tener det ei god og viktig hensikt: For 3-4 veker sidan måtte Tanja under kniven. Ho hadde vore sjuk i jula og nokre dagar før. Slapp og trøytt og utan matlyst. Altså heilt ulik seg sjølv. Ein tur til dyrlegen i romjula bekrefta at ho hadde ein stor livmorbetennelse. Ho vart innlagt på flekken og operert same dag. Det viste seg at betennelsen gjorde at livmora hadde vakse til 1200 gram, medan 100 gram er det normale. Ikkje rart ho hadde vore dårleg.
Etter ei natt hjå dyredoktoren fekk eg henne heim og rekonvalesensen tok til. Dei første dagane klaga ho seg ein del. Hadde sikkert vondt.
Den første tida gjekk det på smertestillande og antibiotika. Og ho fekk ikkje lov å gå tur. Berre utom døra og gjera det mest nødvendige og så inn att. Dessutan kvidde ho seg for å gå i trappa, særleg nedover.
Men ho kom seg utruleg fort. No er ho nesten heilt i orden att. Ho kan forlengst gå turar att, og no rasar ho ned trappene nett som før. Det einaste me ikkje har prøvt enno er fjellturar. Men det skal det verta ei råd med i nær framtid, håpar me.
Posted by Picasa

mandag 27. desember 2010

Gå varleg


Gå varleg fram mot Betlehem.
Far stillt på fot når fram du kjem.
Stig inn i dette helga rom.
Kom stillt som fyrste gong du kom.

Trø varleg fram til krubba, bror.
Smyg av deg skorne for Guds Ord.
Stig fram til han med stille steg,
og vit at Barnet skapte deg.

Knel audmjukt ned i halmen, ven,
Skod inn i sjølve himmelen.
Sjå fingrane som spente ut
og skapte himmelen. Sjå Gud.

Bøyg hovud,ven, og sjå di von.
Lyft auge, bror, og sjå Guds son.
Sjå han som bøter våre brot.
Høyr gledebod i barnegråt.

Skreve av Hans Johan Sagrusten i 1995.

Posted by Picasa