onsdag 27. januar 2010

Høgt volum på nattbordet


Tanja og eg lever eit roleg liv. Me går ein del turar,men når me er inne,trur eg ikkje det kjem så mange lydar frå denne leiligheten. Ingen har til denne dag kunna klaga oss for husbråk. Det store unnataket er det som skjer på nattbordet. Der kan det vera eit fæla spetakkel i tidlege morgontimar. Problemet var at eg kunne ha vanskeleg for å vakna når eg skulle tidleg på jobb. Då bør eg koma meg opp i 6-tida, og det er ikkje alltid kroppen med på. Difor har eg gått til innkjøp av to store vekkjarklokker. Då eg i tillegg fekk ei endå større type av arten som ei forseinka julegåve,låg planen godt til rette for å koma seg fort ut or drøymeland og over i dagens gjerning. Og planen virkar. Den sist ankomne klokka,som ber namnet "Super Bell", lever opp til namnet sitt. Ringjelyden går gjennom marg og bein, og kunne sikkert få ein sovande stein til å hoppa høgt. Kanskje ein fæl måte å vakna på, men eg kjem meg i alle fall på jobb til rett tid.
Posted by Picasa

søndag 17. januar 2010

Hyttetur i januar

No ein dag gjorde eg noko som eg vanlegvis ikkje gjer på denne tida av året: Eg reiste på hytta. På øynæ er det minst like mykje snø som på fastlandet, så då eg prøvde å gå til fots der i skogen,fann eg fort ut at det var for tungvindt. Skia måtte fram. Heldigvis hadde eg dei før omtala treplankane frå 70-talet med meg i bilen. Med dei på føtene gjekk det greitt å koma seg frå bilen og bort til hytta. Ikkje fullt så greitt for Tanja. Ho seig langt ned i og streva fælt. Dessverre er ikkje ski for hundar oppfunne enno.
- Litt rart var det å koma på hytta på denne tida av året. Så stillt i skogen. Snøen virka lyddempande og fuglekvitter fanst ikkje. Eg plar tenkja på hytta som mitt kjære sommarparadis. Noko det slett ikkje likna på no. Denne gongen vart eg møtt med ein innetemperatur på minus 8,3 !Kulden beit godt i fingrar,tær og nasetipp, og frostrøyken stod ut or munnen på både meg og Tanja. Og sistnemnde ville ikkje roa seg. Ho såg fortvila på meg, og lurte nok på om eg ikkje kunne ordna opp i dette. Å setja på gassomnen ville lite nytta. Det hadde vorte ein lang historie å få varma opp, så eg skreiv berre nokre velvalde ord i hytteboka og gjorde meg klar for heimreis. Skulle eg satsa på overnatting, måtte eg nok først investera i overlevingsdrakt.
- Etter denne turen veit eg i alle fall kvar mitt kjære vinterparadis er: Det er utan tvil heima i den gode,varme leiligheten min.

Posted by Picasa

søndag 10. januar 2010

Kvitt nyttår

Det er ikkje til å tru,men julesnøen er her fortsatt! Han har lagt her samanhengjande utan utskiftning. Den kvite jula gjekk over i kvitt nyttår, og alle gler seg som likar snø og fargen kvit. Sjølv om det er i kaldaste laget, har Tanja og eg hatt nokre flotte skiturar i fjellet. Og sjølvsagt håpar både hund og menneske at dette skal vara lenge. Helst likar me å gå på stader der Tanja kan springa laus. Altså der det er langt mellom andre skigåande og firbeinte. Som på desse bileta. Då kosar me oss!
- I mange år har eg hatt planar om å kjøpa nye ski. Men eg har enno ikkje kome lenger enn til planane. Så eg går fortsatt omkring på mine gamle treplankar som eg har hatt sidan 70-talet. Runde i kantane etter mange års bruk og noko bort imot ustyrlege. Så det er ein stor kontrast mellom meg og andre skigåande. Helst skulle eg vel sendt heile skiutstyret mitt på museum. Men enn så lenge får eg bruka det eg har. Eigentleg har eg ingen brukbar grunn til ikkje å investera i noko nytt. Går vel omkring og ventar på det rette tidspunktet....
- Men naturen er den same, uansett ski. Fotoapparatet tek vare på minnene. Og minnene skal eg kosa meg med seinare, når dei snølause vintrane er attende.
Posted by Picasa

onsdag 30. desember 2009

Kvit jul

I god tid før julafta kom julesnøen. Som eg hadde håpa på og ønskt meg. Stillt og forsiktigt la han seg over nabolaget, byen elles og resten av det vanlegvis så våte og mørke vestlandet. Så godt og så kjærkome ! Regnkleda kunne skiftast ut med vinterjakken, og eg kjenner at berre fargen på snøen virkar stemningshevande. Når den kvite snøen legg seg over alt og alle,kjenner eg at han lyser langt inn i sjela. Mitt håp no er at me må få behalda dette vakre,fine også inn i det nye året 2010 som tek til om berre nokre dagar. I går vart det ein flott skitur Unneland - redningshytta på eit gnistrande føre. Turen ned att i skumring og måneskin, gjorde det til ei heilt spesiell oppleving.

- -Innandørs kosar me oss, Tanja og eg, på julevis. med det vesle juletreet, raude dukar og julepynt i alle krokar. Eg kjenner at det er godt å leva. Ei logrande Tanja ser på meg med sine store,brune hundeauger, og eg er ikkje i tvil om at ho er heilt einig. Posted by Picasa

torsdag 10. desember 2009

God-dag-mann-øksaskaft

Det var no ein dag eg hadde meg ein tur på Haukeland Sjukehus der mor er beinbrotpasient no.
I kiosken der kjøpte eg ein bukett med roser som eg tok med til henne. Då eg kom opp på ort.avd. i 7.etasje der ho låg, spurde eg ein sjukepleiar om dei hadde ein vase. Sjukepleiaren fann fram papira sine og studerte dei nøye. Etter ei stund rista ho på hovudet og sa: "Nei dessverre, me har ikkje nokon som heiter det."
- Det må leggjast til at denne sjukepleiaren var svensk...
Posted by Picasa

tirsdag 8. desember 2009

Det vesle landet med det store hjarta



"Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Herren din Guds auga kviler alltid på det, frå året byrjar og til det tek ende." 5.Mos. 11.12.

Dette landet har eg fått lov å vera gjest i, ikkje berre ein gong, men heile 6 gongar. Det er ikkje meir enn nokre månader sidan sist. Det er ikkje noko stort og ruvande land. På verdenskartet er det berre som ein liten prikk,og knapt nok det. Men dei som kjenner Gud, veit at Han valde seg ut det som var lite for å gjera til skamme det som såg stort ut.

- I oktober i år fekk eg endå ein gong reisa gjennom dette landet som inneheldt så mykje bibelsk historie, og så mange arkeologiske funn frå gammal tid, som viser jødisk nærvær gjennom 3-4 tusen år. Lenge før det fanst arabarar der (såkalla "palestinarar") og endå lenger sidan det var noko som heitte islam. Landet kan kanskje sjå lite ut, men når ein reiser omkring ser ein at det er endå plass til fleire. Og landet sine innbyggjarar tek stadig imot sine eigne, frå alle kantar av verda. Dei kjem attende til landet sitt etter fleire tusen år slik det står om i Skrifta. Der er både hjarterom og husrom. Korleis dei greier å integrera alle desse folka som kjem kvart år, er ei gåte. Men det skjer og dei greier det. Løftene står fast og sjølvaste Gud står midt oppi det. Alt dette gjer at det er eit heilt spesielt land å koma til som turist, og som kristen.
Posted by Picasa

fredag 13. november 2009

Tanja i badekaret

Det er ikkje ofte det skjer, men stundom må det til. Ho er flink til å halda seg rein,men det hender at det ikkje er veg utanom.
Det er min bestevenn det gjeldt og staden er heimen til Tanja og meg. Denne heimen vår inneheldt eit badekar og det er ein ting eg ikkje ville unnvera. Men Tanja er nok ikkje fullt så begeistra. For badekar betyr bading, noko ho helst vil sleppa. Men ingen kan gå gjennom livet utan å vaska seg,heller ikkje ein bestevenn som Tanja. Hundar skal visst ikkje bada så ofte,seiest det, men når det har gått så lenge sidan sist at me har gløymt kor tid det var,så er det på tide.
Eg byrja å førebu badinga med å rydda plass på badet, og håpa at hovudpersonen ikkje ville leggja merke til kva som var i gjære. Men Tanja er ikkje dum. Eg slengde eit blikk inn i stova, og såg at ho hadde lagt seg bort i ein krok, og såg svært så slukøyrd ut. Då eg nærma meg faretruande, prøvde ho å rygga. Og då eg greip tak i halsbandet hennar,var det full stopp. Ho sette seg på bakføtene og nekta blankt. Det enda med at eg måtte dra henne med meg og bera henne det siste stykket til badekaret. Men Tanja er ein snill hund. Når ho først er komen i badekaret,plar det gå forholdsvis greitt. Også denne gongen. På ein hund er det mykje hår å vaska,og det tek sin tid. Men Tanja stod fint og let seg villig såpa inn. Skyllinga gjekk og greitt. Den store kunsten er å hindra at ho ristar seg! I alle fall innandørs. Det får ho gjera på altanen. Men vegen kan vera lang frå badekaret og ut på altanen, særleg når ein er klissvåt hund og har veldig lyst å rista seg. Så det skjer med sprut og skvett. Ein må rekna med litt reingjering i stova etterpå.
På altanen fekk ho rista seg av hjartans lyst. Og du verda for ein forvandling etter ei slik behandling! Ho vart så rein som ein engel og dufta såpe så det kjennest lang veg. I alle fall nesten. Ein kunne verta freista til å foreslå bading oftare, men det trur eg ikkje ho er med på.
Etter Tanja si bading var det bildekka som måtte i badekaret. Dei trong ein grundig reingjering før eg sette dei vekk. Og sistemann i badekaret vart underteikna. Var nøydd til det. Ein vert alt anna enn rein av å bada hundar og bildekk.
Kan ikkje la vera å tenkja på korleis det var før i tida. Då dei bada ein gong i året. Fram i mot jul tok dei fram stampen, fyllte han med vatn og så var badinga i gong. Først husbonden,så kona og alle ungane og til sist tenestefolket. Alle i same vatnet.
Det var nesten som her hjå oss. Først Tanja, så bildekka og til slutt meg. Men det har skjedd ei utvikling sidan gamle dagar: No badar me langt oftare, og har dessutan råd til å skifta vatn mellom kvar som badar. Heldigvis.
Posted by Picasa