Ein dag dei siste vekene kom den første snøen. Berre litt. Nokre dagar seinare kom det betrakteleg meir. Då såg det slik ut utanfor inngangsdøra her hjå oss. Tinka vart hoppande glad og tok straks til å rulla seg i snøen slik ho plar gjera. På biletet ser det ut som at nokon har drege ein kjelke frå døra og bortover. Kanskje ei mor eller ein far som har drege eit barn eller to på veg til barnehage eller skule. Etter dette kom det endå litt meir snø, så no har brøytebilane hatt det travelt. Slikt ver kunne me gjerne hatt lenge viss det var opp til meg og Tinka.
søndag 18. desember 2022
Snø - til glede og besvær
Ein dag dei siste vekene kom den første snøen. Berre litt. Nokre dagar seinare kom det betrakteleg meir. Då såg det slik ut utanfor inngangsdøra her hjå oss. Tinka vart hoppande glad og tok straks til å rulla seg i snøen slik ho plar gjera. På biletet ser det ut som at nokon har drege ein kjelke frå døra og bortover. Kanskje ei mor eller ein far som har drege eit barn eller to på veg til barnehage eller skule. Etter dette kom det endå litt meir snø, så no har brøytebilane hatt det travelt. Slikt ver kunne me gjerne hatt lenge viss det var opp til meg og Tinka.
torsdag 8. desember 2022
Den første snøen
Me er komne inn i første vintermånaden, og no har det vore ein del kulde dei siste vekene. Eg merkar at det har vorte skikkeleg vinter. Og i natt kom altså den første snøen. Dette biletet er teke på dagens første tur med Tinka. Før det hadde vorte skikkeleg lyst.
Eg likar snø. Det høyrer vinteren til. Og for min del kan det godt koma mykje meir. Tinka er heilt einig. Når ho ser snø, går ho straks i gang med å rulla seg i snøen. Det er visst veldig gøy.Når det gjeldt min kjære O. så er så har han ei heilt anna meining. Han vil ha snøen vekk fortsatt mogeleg. Så i vår vesle familie så er det damene mot mannen.
Mest sannsynleg får me vel ein våt og mild vinter. Det har vorte meir og meir slik. Men me får ta det som det kjem. Tinka og eg skal i alle fall nyta dei kalde og snøfyllte dagane fullt ut.
Men om snøen skulle forsvinna like fort som han kom, så får me gjera det beste ut av det no i førejulstida, med inneaktivitetar som juleførebuingar som litt baking. Og ikkje minst julekorrespondansen. Veldig kjekt å skriva julapost, og minst like kjekt å få brev frå folk og få vita kva dei har opplevd sidan sist.
Til dei som les dette sender eg ønskje om ei fin og god adventstid og håpar på at det vert ei triveleg julafeiring for alle når så langt kjem.
søndag 27. november 2022
Løpetid
Tinka og eg går mange turar, - tre for dagen. Det er fast opplegg her i huset. Og Tinka veit akkurat kor tid det er tid for tur. Ein kan trygt sei at ho er tidsinnstillt. Viss eg ventar litt for lenge med å gå ut, så set ho seg framfor meg og stirer meg inn i augo til ho får det som ho vil. På våre turar langs vegar og fortau er det kattane som er den store interessa for den firbeinte. Ho leitar opp kvar einaste katt i nærmiljøet og ho veit så vel kvar dei bur. Og når ho har funne dei, er levenet i gang. Då skal kattane kjeftast på, skremmast og helst jagast over haug og hamrar. Eg har aldri forstått kva som er så gøy med det, men ein må vel vera hund for å forstå det.
søndag 6. november 2022
Fru Bukselaus ?
I det siste har eg slite ut den eine buksa etter den andre. Det har vel noko å gjera med at eg har lenge hatt ein del gamle og godt brukte bukser. Ei bukse held ei stund, men ho varer ikkje evig. Tida er så avgjort komen til å fornya seg i buksevegen. Det er berre så kviafullt. Eg går ikkje og kjøper meg klede før eg må, men no må eg. Behovet har meldt seg med full styrke.
mandag 24. oktober 2022
Sommarminne 2022
tirsdag 20. september 2022
Attåtnæring
Dette biletet er teke på søndag, for to dagar sidan. Tinka og eg var ute og gjekk, - som vanleg. Denne dagen tok me turen til bryggja i byen, eller "bryggen" som dei innfødde kallar det. Der står ein av byens 5 telefonkioskar som er omgjorte til lesekioskar. Sjølvsagt måtte eg innom der og kika på bøkene. Kanskje der var noko interessant... Tinka var med inn og vart straks veldig interessert i noko som låg under nedste hylla. Ho har vel funne noko etande då, tenkte eg. Og det hadde ho. Litt etter fekk ho tak i det ho ville ha, som viste seg å vera ein stor god bolle. Den ville Tinka ha. Det hadde ho tydelegvis bestemt seg for. Av erfaring veit eg at det nyttar ikkje å diskutera med henne i slike situasjonar. Og bollen var visst grådig god. Ho glefste han i seg på rekordtid. Ikkje ein einaste smule gjekk til spille.
At det ligg mat på gater og fortau der me går, er ikkje noko nytt. Folk slengjer frå seg det utrulegaste. Og Tinka finn det, og forsyner seg. Det ho ikkje ser det snusar ho seg fram til.
Fleire gongar har ho vist stor interesse for diverse hekkar som me går forbi. Då vert ho ståande og snusa og ser bedande på meg. Då treng ho hjelp til å finna godsakene. Og ho går ikkje derifrå før eg har funne det som luktar så godt.
Tinka får alt ho treng av mat heime, men ho tek gjerne i mot meir. Særleg når det luktar godt. Favorittane hennar er pizza og pølser. Det vert det ein del av etter folk som har grilla.
Eg får sjå det slik at det er godt at den overflødige maten som folk kastar, kjem til nytte. Og Tinka kjem heilt sikkert til å fortsetja å nytta seg av mat som ho finn på sine mange turar rundt omkring der me går. Ho seier ikkje nei takk til litt attåtnæring.
torsdag 15. september 2022
Vår tiande bryllaupsdag
I dag er det torsdag, og det er akkurat tre veker sidan O. og eg kunne feira vår 10. bryllaupsdag. Tenk at me har fått ha kvarandre så lenge. Når eg tenkjer attende har det eigentleg gått fort. Hugsar godt den dagen me gifta oss. Det regna noko voldsomt. No er ikkje regn noko uvanleg her på vestlandet, men akkurat den dagen fossa regnet ned i svære mengder. Men gifte vart me, på den uvanleg blaute store dagen vår.
Den dagen me gifta oss hadde eg ein bukett med raude roser. Sidan har me hatt som tradisjon å kjøpa raude roser både til bryllaupsdagane våre og elles. Ein annan tradisjon er å gå ut og få oss ein ekstra god middag. Dei siste fem åra har det vorte på ein koseleg liten vietnamesisk restaurant her i vårt nærmiljø.
Men i år gjorde eg noko ekstra: Eg gjekk ut og kjøpte denne boka om Nordnes, her som me har budd desse åra. Det er ei kjempestor bok som kom ut i vår. Ho inneheld mykje interessant historie om denne delen av byens sentrum der me bur. Midt i blinken for min kjære O. som er så interessert i historie.
Boka er ein diger koloss som ikkje eignar seg til lesing på senga. Må helst ha eit heilt bord til å breia seg på når me skal lesa i den. Eg gler meg til å få litt meir historiekunnskap om dette området som eg går og luftar hunden i tre gongar pr dag, og som eg kjenner så godt. Det skal verta interessant.


