søndag 7. juni 2020

Frå telefonkiosk til lesekiosk

Dette var i mange år eit velkjent syn over heile landet. Ein viktig og nødvendig ting frå ei tid då ikkje alle hadde innlagt telefon.
 På det meste var det over 6000 slike små raude rom spreidd over heile landet. No er det berre 100 att.  Kvar har sin eigen historie om ei tid då ein ikkje kunne ta telefonen i lomma.Heldigvis var det ein eller annan som fann ut at desse fortidsminna måtte takast vare på. Så i 2007 vart dei verna som kulturminne.

Summetonen er forlengst vekke, og i mange år berre stod dei der, desse kioskane, tilsynelatande til ingen nytte. Ny teknologi har gjort dei overflødige.

Men så er det noko som heiter gjenbruk. Telenor,som eig kioskane, har i samarbeid med dei lokale biblioteka fyllt dei med bøker.
"Gje ei bok, ta ei bok" står det utanpå. Og slik fungerer det: Ein kan setja frå seg ei bok ein har lese, og ta ei som ein ikkje har lese. Praktisk og nyttigt.  Særleg i ei tid då biblioteka har vore stengt p.g.a. koronaviruset. No har riktignok biblioteka opna att, men desse lesekioskane har kome nærare inn på folk og gjort bøker endå meir tilgjengelege. Her i byen er det fem slike lesekioskar, og alle er i gangavstand frå her eg bur. Og sjølvsagt har eg nytta meg av dei.

Så får me håpa at dette vert nytta slik det var tenkt, og ikkje misbrukt på nokon måte.
 Eg synest det er så triveleg å passera desse "bokstasjonane" på mine daglege turar med hunden.

Bøker er viktige i kvardagen. Det må ein ha.


mandag 18. mai 2020

17.mai 2020

Årets 17.mai, i går, vart av eit heilt anna slag enn det me er vande med. Den alminnelege folkefeiringa med store samanstimlingar måtte sjølvsagt unngåast i år. Reglane med 1-meters avstand gjeld på slike dagar og, og folk flest innrettar seg. Sidan dei fleste 17.mai- tog var avlyste, fann folk andre måtar å feira på. Og det mangla ikkje på kreativitet i den saka, såg eg på dagsrevyen. Mykje av det skjedde digitalt. Godt påfunne, men det vart ikkje det same.

For O., Tinka og meg vart dagen ikkje så heilt ulik andre dagar. Kravet om å halda avstand for ikkje å dra smitte i hus, gjorde at eg gjekk mine tre turar med Tinka, men ikkje noko meir.

 Den offentlege tilrådinga om at ein helst skulle halda seg heime, gjorde at bunaden vart verande i skapet. O. foreslo riktignok at eg kunne ta bunaden på meg og rusla nokre rundar i stova, men eg såg ikkje noko poeng i det. Så det vart ei bunadslaus grunnlovsfeiring
denne gongen.

Sjølv om det ikkje vart vanlege 17.mai-tog, held visse tradisjonar seg ved lag: Medan me sat og åt frukost, kom eit buekorps marsjerande og trommande forbi soveromsvindauga vårt. Dette fenomenet som ikkje finst andre stader i verda, gjorde sitt beste for å laga liv og leven. Biletet er utsikten frå soverommet.

Men sjølv om mykje vart annleis, gjorde me det beste ut av det. Etter andre turen med Tinka, åt me rjommagraut med spikjekjøt attåt. Og seinare måtte me ta oss dagens dose med is. Ingen 17.mai utan det.

No lengtar eg, og sikkert dei fleste andre, etter normale tilstander i samfunnet. Og den neste grunnlovsfeiringa, om eit år, håpar eg vert av det normale slaget, slik me alle kjenner det.
Det ser eg fram til.




søndag 3. mai 2020

Ein vellukka dag

For nokre dagar sidan, torsdag den 30. april, skjedde det noko heilt uvanleg. Det er ikkje kvar dag eg vaknar opp ved sida av ein 80-åring. Men det gjorde eg altså den dagen.
Til tross for restriksjonar av mange slag i samfunnet, hadde eg bestemt meg for at dagen skulle feirast så godt det let seg gjera. Og det begynte eg med straks.
     Eg hoppa ut or senga så snart søvnen hadde sloppe taket og fann klarinetten min. Så spelte eg "Happy birthday" rett inn i øyra på den sovande mannen. Og han vakna til live i same stund, som rimeleg var.  Dermed var dagen og feiringa i gang. Fotoapparatet fekk det travelt. Alt måtte forevigast, til og med då jubilanten stod i dusjen.

På dagens første hundeluftingstur, stakk eg innom Baker Brun i same bygningen og kjøpte med meg nokre ferske, varme rundstykke for å ha til frukosten.

Min kjære O. hadde forlengst sagt i frå om at han vile ikkje ha gåver til dagen sin. Men dei som kjenner meg veit at det er ikkje alltid eg gjer som folk seier. Så gåver vart det.

Etter frukost sneik eg meg ut og kom attende med ei marsipankake som eg hadde bestelt i god tid, og ein stor fin blomebukett.
Etter som dagen gjekk, strøymde det på med gratulasjonar på telefonen hans. I lange stunder vart han sitjande i telefonen, og det var tydeleg at han synest det var kjekt.

Opprinneleg hadde me tenkt å samla O. sine born og barneborn og feira skikkeleg. Men i desse koronatider gjekk ikkje det. Han er tross alt i risikogruppa for den smitten. Så det måtte tenkjast i andre baner.

Tidleg om morgonen på den store dagen, fekk eg ein sms frå ei av døtrene hans. Med streng beskjed om at det var hemmeleg, fekk eg vita at dei fleste av desse etterkomarane hans ville overraska han til eit visst klokkeslett ut på ettermiddagen. Og at eg måtte leggja til rette for det.

Etter middagen var eg redd for at han skulle gå å leggja seg, slik han ofte gjer. Det hadde passa dårleg. Men heldigvis vart han "hefta" av telefonsamtalar og gratulasjonar.

Då avtalt tidspunkt endeleg kom, fekk han det travelt med noko han hadde gløymt. Men då sa eg nei.
"No skal me ut på altanen" sa eg. O. syntest det var merkeleg. men eg fekk heldigvis overtalt han,
Og då forstod han. For der nede på bakkenivå stod alle tre borna hans og dei fleste av barneborna med flagg og plakatar der det stod "Gratulerer med dagen", medan han stod på den vesle altanen sin i 4.etasje og tok i mot den store overraskinga. Uventa og veldig kjekt for han.
   Sjølvsagt hadde me lyst å be dei inn, men det gjekk ikkje. Likevel, me skal ta det att når me har lagt koronakrisa i god avstand bak oss. Kanskje ut på hausten.

Etterpå fekk han gåve frå meg, ein løpar i hardangersaum som eg hadde brodert bak hans rygg. Og ei stor fin bok om Bergen i gamle dagar.  Den var det mine sysken og deira ektefellar som hadde sendt han.
Desse tinga kan sjåast på biletet.

Til tross for den spesielle tida me er inne i, vart det ein vellukka dag og eit godt minne for O.  I ettertid har han sagt at det var overraskinga han fekk sjå frå altanen som var høgdepunktet.
 Så skal me koma attende til ei skikkeleg feiring når alt har vorte normalt att.







mandag 27. april 2020

Koronastengt

I sist veke var me så heldige, me vestlendingar, at me fekk besøk av eit uvanleg fint ver. Strålande sol og varme i fleire dagar, som om det skulle vore midtsommar. Det er ikkje kvardagskost her vest. Og slike sjeldne hendingar må nyttast. Eg er ikkje tungbeden når det gjeldt å koma seg til fjells. Men no i desse koronatider, for å unngå trengsel, fann eg det klokast å koma meg ut or sentrum mot ein av nabobydelane før eg steig i høgden.

Eg lengta meg vekk frå koronaprat og virusrestriksjonar og sette av garde mot ein av byens toppar. Eg tenkte at der måtte eg vel møta eit glimt av normale tilstandar, vekke frå skremslene frå nyheitene
som fyller sinn og tankar i denne tida.

Ja, det var godt med ein skikkeleg fjelltur. Herleg å kunna gå i berre t-skjorta og nyta den fine dagen. På toppen var det vindstille og skikkeleg varmt. Utsikten kunne nytast i alle retningar, og den gode gamle varden som har møtt meg der så mange gongar, stod der like traust som før.

Av gammal vane gjekk eg straks bort til varden for å skriva meg inn i boka som låg i postkassen der.
Men kva var det? Postkassen var dekt med plast og utanpå stod det STENGT med store bokstavar, etterfølgd av eit utropsteikn.
Oj, tenkte eg. Er verkeleg restriksjonane i låglandet kome så høgt i terrenget ?  Og eg som trudde eg kunne røma ifrå dei...
Då er det vel nokon som tenkjer at koronaviruset ligg og breier seg  inne i boka i postkassen der 486 m.o.h. Ja, kanskje det til og med formerer seg mellom linjene. Kven veit?

Skal ein kobla inn fornuften så er det vel små sjansar for smitte på ein slik stad, men er det likevel nokon som føler seg trua, så er det vel like greitt å stengja heile greia, for å vera heilt sikker.

Så eg gjorde sjølvsagt ikkje noko forsøk på å bryta meg inn i postkassen. Eg reknar med at det kjem ei tid etter koronaviruset. Normale tider.

I staden sette eg meg ned for å nyta varmen og solstrålane, -  og nista mi.
 Heldigvis er det fortsatt lov å gå fjellturar.






søndag 12. april 2020

Annleis-påska

Ja, det vart ein litt annan type påske i år. Det har me fått merka på så mange måtar. Litt rart å ikkje kunna gå i kyrkje og bedehus i ei så viktig høgtid. For der er det stengt som så mange andre stader. Sjølvsagt. Folk må nøya seg med radio- og fjernsynsgudstenester i desse dagar. Litt løye å sjå på den fjernsynoverførte gudstenesta i dag på 1. påskedag. Berre prest, organist og nokre songarar var til stades. I kyrkjebenkene var det tomt. For kyrkjelydane sit heime i stovene sine. Korleis må det vera for ein prest å snakka til tomme benker?

Og korleis må det vera for dei som har hytter som dei ikkje får bruka denne påska? Dei må nok tenkja intenst på at det kjem ei anna tid. Best å ikkje bryta dette hytteforbodet, elles ventar det saftige bøter, har det vist seg. Sjølv har eg ikkje hytte lenger. Og hadde eg hatt det, hadde det vore for kaldt å reisa dit no.

Så O. og eg sit inne og tek det heilt med ro. Det nyttar ikkje å ergra seg eller bekymra seg. Ein kan like godt ta det heilt roleg og gjera det beste ut av det.

Og det gjer me. O. sit med ei bok, som vanleg. og eg finn meg eit handarbeid elles noko lesestoff. Og så har eg dei vanlege lufteturane med Tinka. Så det går greitt.

Ein annan ting er at me har begge fødselsdagane våre i denne månaden, eg i morgon og O. i slutten av månaden. Då plar me gå ut og kjøpa oss middag. Oftast har me gjort det på hurtigruta. Det er berre ein 5-minutts spasertur herifrå. Slik vert det ikkje i år. Så eg gjekk på nærbutikken i byrjinga av denne veka og kjøpte ei lita kake, som vist på biletet. Det er ei knøttlita marsipankake med ein diameter på berre 17 cm. Men det held for oss to. Det får vera årets fødselsdagsfeiring for oss begge.

Likevel, me har eit håp om ei større feiring for O. etter kvart, sidan han har "stor dag". Men det får verta når koronaviruset har rast ifrå seg.
I mellomtida får me ta det som det kjem, gleda oss over sola som skin og det at påskebodskapen er den same uansett korleis det går.

Ønskjer GOD PÅSKE til alle som les dette.





mandag 30. mars 2020

Norge på vent

Norge er verkeleg sett på vent. Det meste har stoppa opp. Alt som kan stengjast er stengt. Berre det mest nødvendige held fram. Helsevesen og matbutikkar. Tiltaka er dei mest omfattande sidan 2.verdenskrig, seiest det. Og no har det vorte forlenga til over påske. Eg har sterk mistanke at det vert forlenga mange gongar enno. Det vert vel slik eit godt stykke inn i framtida.

Hurtigruta som plar koma i to halv-tre tida kvar dag,  er eit vanleg innslag i kvardagen vår. No ser me henne ikkje lenger. I desse tider går ho berre i Nord-Norge.

Matbutikkane møter oss med krav om anti-bac og handvask. Og det er bra. Folk flest innrettar seg.

Når ein slår på fjernsynet, er det mest virusprat. Kor mange som er smitta, og kor mange som har døydd. Og virusprogramma held på frå tidleg til seint. Alle er, naturleg nok, opptekne av dette. Men eg kjenner at det kan verta i meste laget. Trur me må verna oss litt mot all denne informasjonen. Det kan verta for mykje.

Merkeleg korleis alt har forandra seg den siste tida. Me lever med ein usynleg fiende. Veit aldri kor tid og kvar koronaviruset slår til.
Ingen veit kva som vert utgangen på dette.


Og så lever me vidare midt oppi det.

 Underlege tider...

mandag 23. mars 2020

Unntakstilstand

Slik ser det visst ut, i følgje google, dette uhyggjelege viruset som herjar over store deler av verda i desse dagar.
Det tok til i Kina, og spreidde seg fort til det eine landet etter det andre. Folk reiser mykje i våre dagar, og har tydelegvis teke med seg viruset.
 Heilt utruleg korleis alt har vorte forandra dei siste vekene.  Store deler av vårt vanlegvis trygge samfunn er sett til sides og sett på vent.  Skular og barnehagar er stengde. Det same med mange butikkar, kafear og andre verksemder. Tryggleiken er bytt om med utryggleik og frykt for framtida.

Eg står på sidelinja og betraktar det heile. Kjenner ikkje att min eigen kvardag. Uverkeleg. Kva vert det neste?

Koronaviruset har forlengst nådd Norge. Det er til og med nordmenn som har døydd av det. Likevel er me ikkje så hardt råka som mange andre land. Men kven veit kva som skjuler i den nære framtid.
Hygienetiltaka er mange, og folk held avstand. Me vaskar oss på hendene som aldri før, men er det nok til å halda viruset på avstand?
Ein bør vel helst halda seg inne, seiest det. Men hunden må ut, og då lyt eg berre følgja med. Dessutan må eg på butikken av og til. Noko som fell på meg. Min kjære O. som er i risikogruppa, skal sleppa det.

Skikkeleg unntakstilstand er det, på ein måte me aldri har opplevd før. Kor lenge det varer veit ingen. Kan ikkje gjera noko med det.
Mellom hundeluftingsturane sit eg inne og broderer hardangersaum. Noko må ein hengja fingrane i medan tida går.
Så får me sjå kva som møter oss bak neste sving.