lørdag 29. februar 2020

Skotårsdag

Det er ikkje ofte eg får høve til å skriva blogginnlegg på ein slik sjeldan dato. Så det må eg nytta no. Om ikkje mange timane går 29.februar over i historien, og då er det fire år til neste gong.

Biletet er frå i går. Det har snøa litt siste dagane, og natta før hadde det kome endå meir. Gårsdagen viste seg med snø og delvis skya frå tidleg morgon. Og slikt er sjeldant her på vestlandet. Dette må nyttast, var den første tanken som slo ned i hovudet mitt, og ikkje lenge etter var eg på veg oppover i terrenget ein stad i utkanten av byen. Tinka var den sjølvsagte turkamerat.

To personar hadde gått føre oss, - ein på ski og ein til fots. I byrjinga var ikkje snøen så djup, men det forandra seg fort. Utruleg fort, faktisk. Tinka og eg hadde ikkje gått lange stykket før me subba framover i høg snø. Det vart sjølvsagt tungt, både for hund og menneske. Tinka, med sin lange pels, fekk snøklumpar i pelsen, og det gav nok ekstra tyngde. I tillegg fekk ho snøklumpar mellom tærne. Det tykte ho var irriterande greier, så då fekk ho potesokkar på, og det hjelpte.

Det vart ikkje nokon langtur. Men like fullt var det herleg å koma ut i sola og snøen. Den snølengtande og lyshungrige Ragnhild  hadde fått ein kjærkomen pause frå det evigvarande regnet. Det var som å få plaster på eit sår.
 Måtte me få fleire slike dagar.

mandag 3. februar 2020

Vårteikn

For nokre dagar sidan kom eg over desse nydelege snøklokkene ein stad i mitt nabolag. Har de sett noko så fint? Dei ser ut til å vera heilt utvaksne, så eg må no lura på kortid dei kom opp or jorda. Vil tru at det er ei stund sidan.

Men det er då midt på vinteren! I alle fall etter kalenderen.
                                  -  -  -

Det skulle vore snø no. Djup snø med skiføre og kuldegrader. Lyst og kvitt. Herleg! Det var slik det skulle vore no.
Men vinteren let venta på seg.

Ein annan ting er om det no brått vert veromslag med kulde. Kva då med desse yndige snøklokkene. Kjem dei til å greia seg?

Elles har eg fått med meg at det er ikkje lenger alle småfuglane som tek seg bryet med å flyga sørover om hausten. Ikkje så rart når me har fått sånne milde vintrar. Får berre håpa for deira skuld at dei ikkje vert overraska av altfor mykje kulde, så småe som dei er.

tirsdag 28. januar 2020

Stripete lestar og kvite tallerkar

Det er ikkje til å koma forbi at det er ein viss aldersforskjell mellom min kjære O. og meg. Medan O. etter kvart har vorte ein godt vaksen mann, ligg eg litt etter i alder. Og med alderen kjem svekka sansar og tempoet er ikkje som før. Men til tross for alderen så er O. fortsatt i arbeid. Litt, av og til. Med sitt vesle einmannsfirma, tek han begravelsar når prestemangelen gjer seg gjeldande. Når det gjeld meg, derimot, er ikkje arbeid å tenkja på. I alle fall ikkje lønna arbeid. Men eg sit ikkje med hendene i fanget heller. Hendene mine har det alltid travelt med eit eller anna. Som brodering eller strikking.

Lestane på biletet har eg strikka for å senda til dei fattige i Russland. Og gjennom gode, trygge kanalar er dei garantert å koma fram. Det har eg sett gjennom mine 4 turar dit med hjelpesending.

Mange av dei eg kjenner veit kva eg driv på med. Og for ei tid sidan fekk eg ein stor berepose med restagarn hjå ei dame i menigheten. Desse små nøstene kunne eg bruka til striper når eg strikkar lestar, meinte ho. Og eg sette i gang med stripestrikking.

Så var det ein kveld O. og eg sat i stova, slik me gjer kvar kveld. Han såg på fjernsyn og eg sat og strikka slike stripete lestar. Me snakka litt om denne strikkinga, og halvt på spøk spurde eg han:
"Vil du ha deg eit par med stripete lestar?"
Så var det dette med alder og svekka sansar då...
Han snudde seg mot meg og spurde: "Kva seier du?  Kvite tallerkar?
Me sat nett attmed kvarandre, men på den vesle avstanden hadde dei stripete lestane vorte til kvite tallerkar.

Til O. sitt forsvar må eg leggja til at eg er ikkje så mykje betre sjølv. Det hender at eg høyrer noko heilt anna enn det som vert sagt. Ikkje fordi eg høyrer dårleg, men fordi eg ofte har tankane heilt andre stader. Men me lever så tett at me finn fort ut av mistydingane.

Når antal stripete lestar er høgt nok, sender eg dei til Russland og håpar dei varmar kalde føter i det fattige landet. Det får vera det viktigaste. Så får det så vera at dei er stripete og laga av restagarn.

onsdag 22. januar 2020

Første fjelltur i 2020

No har det regna og regna i noko som kjennest ut som uminnelege tider. Nokon julesnø vart det heller ikkje denne siste julefeiringa. Berre regn. Og juleregnet gjekk over i nyttårsregn. Sidan har det halde på. Når sola ein sjeldan gong viser sitt blide ansikt, er det ei hending som går fort over i historien.

Ja, me er så rikeleg "velsigna" med det våte element at eg skulle ønskja me kunne dela med dei som har for lite. Stakkars dei som bur i Australia, dei som strevar med så mange øydeleggjande brannar. Og alle dei som lever i land med mykje ørken.  Dei skulle så gjerne fått ein del av det regnet som me har her.  Hadde det berre gått an....

Men det hender at sola viser seg her og. Gårsdagen var ei slik sjeldan hending. Då me vakna skein sola frå klår himmel. Humøret steig fleire hakk og eg tenkte at dette må ein nytta seg av.
"Vil du vera med på fjelltur, Tinka?" spurde eg. Tinka er ikkje tungbeden når ein spør om slikt. Ho spratt opp av senga og var klar i same stund.

Så bar det oppover mot eit av byens sju fjell. Terrenget var vått og sleipt, så det gjaldt å gå forsiktig. Stiane minna meir om bekker.
Etter nokre timar vart ein del av vatnet bytt ut med tynn is. Ei lita påminning om at det faktisk er vinter.

Biletet viser siste stykket opp mot toppen. Tinka og eg kom opp frå skuggesida, så sola kan så vidt sjåast. Men då me endeleg var på toppen, kunne me nyta sola i fulle drag og den fine utsikten i alle retningar. Dette kunne me gjort oftare om berre godveret hadde gjesta oss litt oftare.

Då Tinka og eg kom heim, kjende i alle fall eg at denne første fjellturen i 2020 hadde gjort meg godt.

Dette var i går. I dag er veret attende til "normalen",  -  vått og grått.
Eg håpar sjølvsagt at det vert mange fleire slike dagsturar som i går, så no kjem eg til å følgja godt med på vermeldingane. Nokre solgløtt, så er Tinka og eg klare for nye turar på byfjella.


torsdag 2. januar 2020

Dagen derpå

Me er komne to dagar inn i det nye året 2020. Det skjedde med bulder og brak - som vanleg. Lydnivået steig til dei store høgder, ikkje berre rundt midnatt, men i mange timar på førehand.

Då eg gjekk ut på dagens første hundelufting 1.nyttårsdag, var det ein kar som heldt på å samla saman etterlatenskapane etter det som hadde føregått om natta. Nokon må ordna opp etter festen, mumla han medan han samla skrotet opp i ei trillebår.

"Festen" undrast eg då eg gjekk vidare. Visst er det fint med fyrverkeri, men alt det som følgjer med er ein uting: Bråk, spetakkel, fyll, skader etter rakettoppskyting og millionar av kroner som går opp i røyk. Eg skjønar ikkje kva det er som er så festleg med det.
Og det er så visst ikkje ein fest for alle.

 Nyttårshelga er ei stor og unødvendig liding for våre firbeinte venner. Hundeeigarar veit ein del om det. Vår vanlegvis så livsglade hund, Tinka, vert forvandla til eit ristande, skjelvande nervevrak kvar gong me går inn i eit nytt år. Dyra forstår ikkje kva som er på ferde, og det nyttar sjølvsagt ikkje å forklara dei det. Dei er berre livredde! Redselen lyser ut or augo deira!

Hadde det vore noko tak i desse politikarane våre, så hadde dei sett eit forbod mot fyrverkeri.        I alle fall for privat bruk.

Eg har ein draum om ei roleg nyttårsafta. Om å få gå over i eit nytt år med stilla og ettertanke. Tenk om det hadde gått an. Det hadde vore noko å strekkja seg etter.

mandag 30. desember 2019

Brillefin

Er det berre me menneske som treng briller? Det har eg av og til lurt på. Så her ein dag plasserte eg brillene mine på den lange nasa til vår kjære Tinka. Ho tykte nok ikkje særleg om det, og forstod vel heller ikkje vitsen. Ikkje trur eg ho har bruk for det heller. Med sine fire år har ho enno syn til å sjå det nødvendigaste. Som kattar, hundar, fuglar og andre skapningar som ho ikkje likar. Kattane ser ho på lang avstand, ofte før meg, sjølv om eg har briller og ikkje ho.

Men den første hunden eg hadde i vaksen alder, fekk nok problem med synet på sine gamle dagar. Ho hadde same uvanen som Tinka med å gøy på andre firbeinte. Og ofte såg ho ikkje forskjell på folk med hundar og folk med trillekoffertar. Det var mange koffertar som fekk "kjeft" av henne. Så ho kunne trengja briller.

Men dyr brukar sjølvsagt ikkje slikt, og det kan me vera glade for. For dei brillene hadde ikkje vart lenge. Ein kostbar affære hadde det vorte.

Sjølv har eg 51 år med brilleerfaring. Mine første briller fekk eg som tiåring. Då var eg einaste brillebrukar på heile den vesle skulen. Året etter fekk ei jente i nær familie og briller, så då var me to på skulen med den lagnaden.
Litt brilleknusing har det vorte gjennom åra. Særleg då me var små. Det er ikkje til å unngå for aktive born. I oppveksten ønskte eg meg briller med vindaugsviskarar. Det hadde vore så praktisk når det regna. Men merkeleg nok har det enno ikkje i mitt brilleliv vorte oppfunne.

 Gardiner på brillene hadde og vore gode greier. Då kunne eg berre trekkja føre om kvelden når eg legg meg i staden for å ta brillene av.

Det beste hadde vore og greidd seg utan briller. Men når det no er   slik at det er noko som heiter dårleg syn,  så er det jammen godt at det finst noko som hjelper. Elles hadde det vore mykje me brillebrukarar hadde gått glipp av her i livet.

lørdag 7. desember 2019

Ny nabo

Sist veke kom ein ny og velduftande nabo inn i livet til O. og meg.
Me hadde lenge høyrt rykte om at han var i kjømda. Sjølve lokalet har vore tildekka med brunt papir i lang tid, men innanfor det brune papiret har det vore hektisk aktivitet. Det har me forstått på alle dei folka som har gått inn og ut, med eller utan alle slags saker og ting.

Mykje skal ordnast når nye naboar skal i hus, og denne naboen hadde mykje å stabla på plass før det brune papiret kunne fjernast, og heile herlegdomen kunne openberrast for naboar, forbipasserande og elles alle dei som kjem og går her i vårt nærmiljø.

Då den store dagen for opninga endeleg kom, hang det ein liten papirpose på dørhandtaket vårt i 4.etasje. Oppi der låg litt av kvart: Ein pose med nokre nybakte godsaker: Eit rundstykke, ein kakemann og ei hjarteforma kake med rosa glasur. I tillegg ein stor svart handlepose, eit rabattkort på kaffi og eit hyggjeleg brev frå vår nye nabo, som altså er Baker Brun.

Kvar morgon når eg opnar inngangsdøra vår i 4.etasje eg skal ut på dagens første hundelufting, vert eg møtt med ei herleg bakelukt som kitlar meg langt inn i naseborene. Då er det berre å følgja lukta ned alle 4 etasjane, ut hovuddøra, opp nokre trappetrinn og så  stiga inn i bakeriet i same bygningen og kjøpa med seg noko godt til frukosten,  - om ein vil.

Desse åra eg har budd her, har det vore fleire omgongar med frisørdrift i dette lokalet. Og før den tid, elektrisitetsforetning og så bokhandel. Går ein lenger attende i tid, kan ein sikkert finna andre verksemder som har prøvd seg.

Men no er det altså Baker Brun. Håpar han får drifta til å lønna seg slik at han vert verande. Då kan eg, og andre i nærmiljøet, sjå fram til eit langt og velduftande naboskap.