mandag 30. desember 2019

Brillefin

Er det berre me menneske som treng briller? Det har eg av og til lurt på. Så her ein dag plasserte eg brillene mine på den lange nasa til vår kjære Tinka. Ho tykte nok ikkje særleg om det, og forstod vel heller ikkje vitsen. Ikkje trur eg ho har bruk for det heller. Med sine fire år har ho enno syn til å sjå det nødvendigaste. Som kattar, hundar, fuglar og andre skapningar som ho ikkje likar. Kattane ser ho på lang avstand, ofte før meg, sjølv om eg har briller og ikkje ho.

Men den første hunden eg hadde i vaksen alder, fekk nok problem med synet på sine gamle dagar. Ho hadde same uvanen som Tinka med å gøy på andre firbeinte. Og ofte såg ho ikkje forskjell på folk med hundar og folk med trillekoffertar. Det var mange koffertar som fekk "kjeft" av henne. Så ho kunne trengja briller.

Men dyr brukar sjølvsagt ikkje slikt, og det kan me vera glade for. For dei brillene hadde ikkje vart lenge. Ein kostbar affære hadde det vorte.

Sjølv har eg 51 år med brilleerfaring. Mine første briller fekk eg som tiåring. Då var eg einaste brillebrukar på heile den vesle skulen. Året etter fekk ei jente i nær familie og briller, så då var me to på skulen med den lagnaden.
Litt brilleknusing har det vorte gjennom åra. Særleg då me var små. Det er ikkje til å unngå for aktive born. I oppveksten ønskte eg meg briller med vindaugsviskarar. Det hadde vore så praktisk når det regna. Men merkeleg nok har det enno ikkje i mitt brilleliv vorte oppfunne.

 Gardiner på brillene hadde og vore gode greier. Då kunne eg berre trekkja føre om kvelden når eg legg meg i staden for å ta brillene av.

Det beste hadde vore og greidd seg utan briller. Men når det no er   slik at det er noko som heiter dårleg syn,  så er det jammen godt at det finst noko som hjelper. Elles hadde det vore mykje me brillebrukarar hadde gått glipp av her i livet.

lørdag 7. desember 2019

Ny nabo

Sist veke kom ein ny og velduftande nabo inn i livet til O. og meg.
Me hadde lenge høyrt rykte om at han var i kjømda. Sjølve lokalet har vore tildekka med brunt papir i lang tid, men innanfor det brune papiret har det vore hektisk aktivitet. Det har me forstått på alle dei folka som har gått inn og ut, med eller utan alle slags saker og ting.

Mykje skal ordnast når nye naboar skal i hus, og denne naboen hadde mykje å stabla på plass før det brune papiret kunne fjernast, og heile herlegdomen kunne openberrast for naboar, forbipasserande og elles alle dei som kjem og går her i vårt nærmiljø.

Då den store dagen for opninga endeleg kom, hang det ein liten papirpose på dørhandtaket vårt i 4.etasje. Oppi der låg litt av kvart: Ein pose med nokre nybakte godsaker: Eit rundstykke, ein kakemann og ei hjarteforma kake med rosa glasur. I tillegg ein stor svart handlepose, eit rabattkort på kaffi og eit hyggjeleg brev frå vår nye nabo, som altså er Baker Brun.

Kvar morgon når eg opnar inngangsdøra vår i 4.etasje eg skal ut på dagens første hundelufting, vert eg møtt med ei herleg bakelukt som kitlar meg langt inn i naseborene. Då er det berre å følgja lukta ned alle 4 etasjane, ut hovuddøra, opp nokre trappetrinn og så  stiga inn i bakeriet i same bygningen og kjøpa med seg noko godt til frukosten,  - om ein vil.

Desse åra eg har budd her, har det vore fleire omgongar med frisørdrift i dette lokalet. Og før den tid, elektrisitetsforetning og så bokhandel. Går ein lenger attende i tid, kan ein sikkert finna andre verksemder som har prøvd seg.

Men no er det altså Baker Brun. Håpar han får drifta til å lønna seg slik at han vert verande. Då kan eg, og andre i nærmiljøet, sjå fram til eit langt og velduftande naboskap.




lørdag 30. november 2019

Amalie Skram - til evig tid

Kvar einaste dag dei siste sju åra har eg gått forbi deg på mi vandring med hunden. Du står der så strak og verdig og ser utover med eit litt fjernt blikk.
Kva tenkjer du der du står, Amalie? Kva tykkjer du om alle desse folka som ser på deg når dei går framom?

Som småjente sprang du nok omkring her i nærleiken sidan barndomsheimen din ligg berre nokre steinkast unna. Korleis var det å vera deg då, Amalie? Tenkte du nokon gong at du skulle verta ein kjend og berømt forfattar?

Livsverket ditt finn me på biblioteket og sikkert i mange heimar omkring i landet.
 Eg ser deg for meg der du sit og skriv i lange stunder. Det må ha vore mange timar med blyanten, Amalie.
Men resultatet er imponerande. Og det vert enno lagt ned kransar ved sokkelen din, og eg har og sett at du har fått blomekransar kring halsen. Eg tvilar ikkje på at det er fortent.

Men no ein dag såg eg noko anna. Nokon hadde sett frå seg eit par fjellsko ved sokkelen din, som vist på biletet.

Kva tenkte du då? Kunne det tenkjast at du ville stiga ned, ta på deg skorne og vandra til fjells? Sjå på utsikten over byen din, kjenna fjell-lufta ned i lungene og vinden i håret.                                           Får du ikkje lyst, Amalie?

Men tida har gått og det er lenge sidan det rann blod i årene dine. Etter ditt jordeliv fekk du plass på denne sokkelen. Her i mitt nærmiljø. Her som livet ditt tok til.
Og her vert du ståande og sjå utover byen, med ditt fjerne blikk.  Til evig tid.




mandag 25. november 2019

Tur til Israel

No er det ein månad sidan eg kom heim frå Israel. To heile veker fekk eg der i det varme og tørre landet. Midt i blinken å reisa til eit slikt land på hausten  og hamstra sol og lys nett før ein ny mørk vinter tek til. Folk flest reiser nok til syden, men eg føretrekkjer Midtausten, og då sjølvsagt  dette vesle landet inst i Middelhavet. Ikkje noko anna land kan måla seg med det som Israel kan visa til når det gjeld historien til vår eigen religion.

Denne turen: "Bibelferie i Bibelens land" med 63 deltakarar var min 8. tur til dette spennande og heilt spesielle landet. Me slo oss til i eit koseleg hotell i den fine byen Netanya ved Middelhavet. Fredeleg og godt. Varmt og fint med ein temperatur på omkring 30 grader.
Me brukte Netanya som utgangspunkt for utflukter ca annankvar dag. Då for me av garde kl. 7.00  om morgonen med høgt tempo og mange opplevingar. Så var det tilsvarande rolegare dei dagane me ikkje hadde utflukter.

No har det altså vorte 8 turar. Kanskje den turen i 1994 var den som gjorde mest inntrykk. Sikkert fordi den var den aller første. Den som gav meirsmak og var grunnlaget for alle dei andre.  I alle fall er det veldig spesielt å gå i fotefara til Jesus. Etter 8 turar har eg sjølvsagt vore ein del gongar der Han gjekk. Og det har vorte ein del skriftlesing på desse stadene. Og ikkje berre om Jesus, men og om mange av dei andre bibelske personane heilt frå Det Gamle Testamentet si tid.

Denne gongen var me innom "Davids by" som vart bygd for tre tusen år sidan, og som no er ein del av Jerusalem. Der gjekk me gjennom smale tunellar inne i fjellet som viste kvar dei fekk vatnet sitt frå på den tida. Imponerande!
Elles var me på dei kjende stadene som alle turistar besøkjer:  Gravkyrkja, gravhagen, Vestmuren, Oljeberget og Holocaustmuseet Yad Vashem. Getsemane vart det ikkje tid til denne gongen. Å vera turist er travle greier. Mykje skal ein innom så det vert ikkje tid til å fordjupa seg i noko.

Eit høgdepunkt var å få vera med i Jerusalemmarsjen, som plar vera i samband med Lauvhyttefesten.  Godt å få visa det jødiske folket at dei ikkje er åleine. For Israel har vanskelege og farlege nabostatar på alle kantar, og er stadig mål for terror. Dessverre. Slik har det visst alltid vore.

Elles besøkte me eit vitskapsinstitutt, eit museum under ein kibbuts der dei hadde hemmeleg kuleproduksjon under ein eller annan krig, ein institusjon for mishandla og misbrukte born, eit kloster på Karmelfjellet, tur til Galilea der me var innom diverse kyrkjer og ruinar og ein båttur på Genesaretsjøen,tur til fjellfestninga Masada med si spesielle historie. Bading i Dødehavet vart det og tid til.

Dei dagane me ikkje var på utflukter hadde me bønnesamlingar, bibeltimar og songstunder i møterommet på hotellet. Etterpå tok me det roleg i på byen i Netanya. Der kunne ein rusla omkring, sitja på ein fortauskafe og prata med andre i gruppa eller ta ein tur på stranda. Sjølv tok eg meg rolege stunder på rommet med godt lesestoff. Og så var det sjølvsagt godt med litt epostkontakt med min kjære O. undervegs.

Så det var ein vellukka tur. Men godt å koma heim att var det og. Med i bagasjen hadde eg 390 bilete og ei velfyllt reisedagbok. No skal det verta kjekt å laga fotoalbum av den fine turen.

Dette var min 8. tur til Israel, og det er 8 år sidan sist. Det må ikkje verta 8 år til neste gong. I Israel er det alltid noko nytt å oppleva. Og alltid eit fint fellesskap med andre nordmenn i same ærend.




søndag 6. oktober 2019

Berre til låns

Her er den vesle raude hytta i skogen. Ei perle av ein stad som eg har fått låna i  20 år. Ei knøttlita hytte utan naboar og med ein nydeleg utsikt ned mot sjøen. Dette har vore min tilfluktsstad når eg har vore trøytt og lei av jobb og byliv. Her har hundane mine sprunge omkring, rundt hytta og att og fram, i vill glede over å gå lause. Dei første åra var det Leidi, sidan vart det Tanja, og no siste åra, Tinka. Dei to første har og fått gravene sine her.

Den vesle hytta har eit indre mål på berre 10,4 m2, og har ein standard som ligg langt under det som er vanleg i 2019. Ho har dessutan vore veglaus heilt fram til i år. Det er ikkje innlagt vatn, og heller ikkje straum. Me har hatt eit slikt do som ein må tømma, men det har me ikkje brukt dei siste åra. Det var så bale å tømma det. Det vart mykje enklare å berre gå bakom skytja når behovet melde seg, eller grava eit hol i jorda ein stad borte i skogen. Men standarden har ikkje plaga verken meg, O. eller hundane mine. Tvert i mot. Det har vore ein del av sjarmen. Og det går så greitt når ein ikkje har naboar.

Men alt har si tid. Hytta er ikkje mi, og eg har heile tida visst at ein dag var det slutt. Det har lenge vore store planar om hytter her i skogen. Mange hytter. Idyllen kjem nok til å forsvinna. Grunneigarane skal tena pengar. Og det vesle hytta må vekk. Altså rivast. Han som i si tid bygde hytta, gjorde ein god og nøyaktig jobb. Men det er ingen i 2019 utan O. og eg som ser verdien i det den mannen gjorde. Dessverre er det slik.

Ryktene om forandring har gått lenge, men eg hadde håpa å få ha hytta til neste år. Slik gjekk det ikkje. For nokre veker sidan kom beskjeden om at no var salet av tomten der hytta står, nært foreståande Ei kontrakt skulle skrivast den veka og etter det kunne kva som helst skje. Beskjeden var tydeleg nok. Det var berre å gå i gang med det uunngåelege. Brått, fort og brutalt.

No er hytta tømt for alle våre personlege ting. Berre skalet står att.  Det vart ein tårevåt avskjed sist torsdag. Nesten ufatteleg at det ikkje vert fleire hytteturar. Dei mest nærliggjande orda er sorg og tap. Den vesle, enkle hytta hadde, og har, ein stor plass i hjarta mitt. Men her heime har eg to velfyllte hyttebøker med mykje god hyttedagboklitteratur gjennom 20 år. Dessutan har eg hundrevis av bilete frå denne vakre staden. Eg er svært takksam fordi eg fekk bruka denne hytta alle desse åra. Og sit att med uendeleg mange gode minne som eg skal ta godt vare på i komande år.


søndag 29. september 2019

Bærhaust 2019

  • Det vart sylting i år og. Då varmen endeleg slo gjennom skydekket sette det fart i modningsprosessen og då gjekk det fort. Store mengder med gode, søte, ville bringebær vart plukka i nærmiljøet her ved leiligheten min i utkanten av byen. I tillegg fekk eg litt rips frå ei viss dame i nær familie. Til saman fire glas ripssyltetøy og resten bringebærsyltetøy av det som visest på biletet her.

  • Eg trudde ikkje det var meir sylting i år, men så oppdaga me to plommetre på ei viss øy som stod fulle av plommer. Uvanleg mykje. Det resulterte i 32 glas som vist her på det andre biletet. Så no har me rikeleg syltetøy i tillegg til det me har frå tidlegare år. Mykje godt for ganen i mørke haust- og vinterdagar.

Det er vel ikkje mange som syltar lenger. Dei fleste synest vel det er greiare å gå i butikken når dei vil ha syltetøy. Og enklare er det sjølvsagt. Men det er noko eige med det som er heimalaga. Og så veit ein kva det er laga av. Garantert fritt for uønskte tilsetningar.
Så denne dama kjem til å fortsetja med sylting, så sant det er tilgang på råvarene. Det er litt forskjelleg frå år til år. Men i 2019 vart det god fangst!

søndag 22. september 2019

7 års bryllaupsdag.

Det har vorte lite skriving i den seinare tid. Det er ikkje mangel på stoff. Ting skjer heile tida. Eg har nevane fulle til ei kvar tid og tida går stadig fortare, synest eg. 

Biletet ovanfor viser ein nytingsfull augneblink som ligg nesten ein månad bak i tid. Min kjære O. og eg var ute og feirde vår 7.bryllaupsdag med eit ekstra godt måltid på ein restaurant i vårt nærmiljø. Faktisk var det så nært at det var i eit av nabohusa, nede på gateplan. Forresten var me der på same datoen i fjor og, i same ærend. Og åt same retten: Sprøsteikt and. Nydeleg ! 
Kven veit, kanskje me hamnar der neste år og ?

Uansett har me hatt sju gode år i lag. Kor mange år me har framføre oss veit ingen, men me tek den tida me får. Og takkar for kvar dag.

Komande veke har det meldt så fint ver, så då tek me oss ein tur på hytta. Der skal me kosa oss med vedhogst, utsiktsnyting og liknande fritidssysler. 
Men me må ta det i forsiktige former. Tinka passar på oss. Ho likar ikkje at me har for mykje nærkontakt. Då kjem ho og pressar seg mellom oss. Ho høyrer til i familien og seier tydeleg i frå om det.