No er det ein månad sidan eg kom heim frå Israel. To heile veker fekk eg der i det varme og tørre landet. Midt i blinken å reisa til eit slikt land på hausten og hamstra sol og lys nett før ein ny mørk vinter tek til. Folk flest reiser nok til syden, men eg føretrekkjer Midtausten, og då sjølvsagt dette vesle landet inst i Middelhavet. Ikkje noko anna land kan måla seg med det som Israel kan visa til når det gjeld historien til vår eigen religion.
Denne turen: "Bibelferie i Bibelens land" med 63 deltakarar var min 8. tur til dette spennande og heilt spesielle landet. Me slo oss til i eit koseleg hotell i den fine byen Netanya ved Middelhavet. Fredeleg og godt. Varmt og fint med ein temperatur på omkring 30 grader.
Me brukte Netanya som utgangspunkt for utflukter ca annankvar dag. Då for me av garde kl. 7.00 om morgonen med høgt tempo og mange opplevingar. Så var det tilsvarande rolegare dei dagane me ikkje hadde utflukter.
No har det altså vorte 8 turar. Kanskje den turen i 1994 var den som gjorde mest inntrykk. Sikkert fordi den var den aller første. Den som gav meirsmak og var grunnlaget for alle dei andre. I alle fall er det veldig spesielt å gå i fotefara til Jesus. Etter 8 turar har eg sjølvsagt vore ein del gongar der Han gjekk. Og det har vorte ein del skriftlesing på desse stadene. Og ikkje berre om Jesus, men og om mange av dei andre bibelske personane heilt frå Det Gamle Testamentet si tid.
Denne gongen var me innom "Davids by" som vart bygd for tre tusen år sidan, og som no er ein del av Jerusalem. Der gjekk me gjennom smale tunellar inne i fjellet som viste kvar dei fekk vatnet sitt frå på den tida. Imponerande!
Elles var me på dei kjende stadene som alle turistar besøkjer: Gravkyrkja, gravhagen, Vestmuren, Oljeberget og Holocaustmuseet Yad Vashem. Getsemane vart det ikkje tid til denne gongen. Å vera turist er travle greier. Mykje skal ein innom så det vert ikkje tid til å fordjupa seg i noko.
Eit høgdepunkt var å få vera med i Jerusalemmarsjen, som plar vera i samband med Lauvhyttefesten. Godt å få visa det jødiske folket at dei ikkje er åleine. For Israel har vanskelege og farlege nabostatar på alle kantar, og er stadig mål for terror. Dessverre. Slik har det visst alltid vore.
Elles besøkte me eit vitskapsinstitutt, eit museum under ein kibbuts der dei hadde hemmeleg kuleproduksjon under ein eller annan krig, ein institusjon for mishandla og misbrukte born, eit kloster på Karmelfjellet, tur til Galilea der me var innom diverse kyrkjer og ruinar og ein båttur på Genesaretsjøen,tur til fjellfestninga Masada med si spesielle historie. Bading i Dødehavet vart det og tid til.
Dei dagane me ikkje var på utflukter hadde me bønnesamlingar, bibeltimar og songstunder i møterommet på hotellet. Etterpå tok me det roleg i på byen i Netanya. Der kunne ein rusla omkring, sitja på ein fortauskafe og prata med andre i gruppa eller ta ein tur på stranda. Sjølv tok eg meg rolege stunder på rommet med godt lesestoff. Og så var det sjølvsagt godt med litt epostkontakt med min kjære O. undervegs.
Så det var ein vellukka tur. Men godt å koma heim att var det og. Med i bagasjen hadde eg 390 bilete og ei velfyllt reisedagbok. No skal det verta kjekt å laga fotoalbum av den fine turen.
Dette var min 8. tur til Israel, og det er 8 år sidan sist. Det må ikkje verta 8 år til neste gong. I Israel er det alltid noko nytt å oppleva. Og alltid eit fint fellesskap med andre nordmenn i same ærend.
mandag 25. november 2019
søndag 6. oktober 2019
Berre til låns
Her er den vesle raude hytta i skogen. Ei perle av ein stad som eg har fått låna i 20 år. Ei knøttlita hytte utan naboar og med ein nydeleg utsikt ned mot sjøen. Dette har vore min tilfluktsstad når eg har vore trøytt og lei av jobb og byliv. Her har hundane mine sprunge omkring, rundt hytta og att og fram, i vill glede over å gå lause. Dei første åra var det Leidi, sidan vart det Tanja, og no siste åra, Tinka. Dei to første har og fått gravene sine her.
Den vesle hytta har eit indre mål på berre 10,4 m2, og har ein standard som ligg langt under det som er vanleg i 2019. Ho har dessutan vore veglaus heilt fram til i år. Det er ikkje innlagt vatn, og heller ikkje straum. Me har hatt eit slikt do som ein må tømma, men det har me ikkje brukt dei siste åra. Det var så bale å tømma det. Det vart mykje enklare å berre gå bakom skytja når behovet melde seg, eller grava eit hol i jorda ein stad borte i skogen. Men standarden har ikkje plaga verken meg, O. eller hundane mine. Tvert i mot. Det har vore ein del av sjarmen. Og det går så greitt når ein ikkje har naboar.
Men alt har si tid. Hytta er ikkje mi, og eg har heile tida visst at ein dag var det slutt. Det har lenge vore store planar om hytter her i skogen. Mange hytter. Idyllen kjem nok til å forsvinna. Grunneigarane skal tena pengar. Og det vesle hytta må vekk. Altså rivast. Han som i si tid bygde hytta, gjorde ein god og nøyaktig jobb. Men det er ingen i 2019 utan O. og eg som ser verdien i det den mannen gjorde. Dessverre er det slik.
Ryktene om forandring har gått lenge, men eg hadde håpa å få ha hytta til neste år. Slik gjekk det ikkje. For nokre veker sidan kom beskjeden om at no var salet av tomten der hytta står, nært foreståande Ei kontrakt skulle skrivast den veka og etter det kunne kva som helst skje. Beskjeden var tydeleg nok. Det var berre å gå i gang med det uunngåelege. Brått, fort og brutalt.
No er hytta tømt for alle våre personlege ting. Berre skalet står att. Det vart ein tårevåt avskjed sist torsdag. Nesten ufatteleg at det ikkje vert fleire hytteturar. Dei mest nærliggjande orda er sorg og tap. Den vesle, enkle hytta hadde, og har, ein stor plass i hjarta mitt. Men her heime har eg to velfyllte hyttebøker med mykje god hyttedagboklitteratur gjennom 20 år. Dessutan har eg hundrevis av bilete frå denne vakre staden. Eg er svært takksam fordi eg fekk bruka denne hytta alle desse åra. Og sit att med uendeleg mange gode minne som eg skal ta godt vare på i komande år.

søndag 29. september 2019
Bærhaust 2019
Det vart sylting i år og. Då varmen endeleg slo gjennom skydekket sette det fart i modningsprosessen og då gjekk det fort. Store mengder med gode, søte, ville bringebær vart plukka i nærmiljøet her ved leiligheten min i utkanten av byen. I tillegg fekk eg litt rips frå ei viss dame i nær familie. Til saman fire glas ripssyltetøy og resten bringebærsyltetøy av det som visest på biletet her.
- Eg trudde ikkje det var meir sylting i år, men så oppdaga me to plommetre på ei viss øy som stod fulle av plommer. Uvanleg mykje. Det resulterte i 32 glas som vist her på det andre biletet. Så no har me rikeleg syltetøy i tillegg til det me har frå tidlegare år. Mykje godt for ganen i mørke haust- og vinterdagar.
Det er vel ikkje mange som syltar lenger. Dei fleste synest vel det er greiare å gå i butikken når dei vil ha syltetøy. Og enklare er det sjølvsagt. Men det er noko eige med det som er heimalaga. Og så veit ein kva det er laga av. Garantert fritt for uønskte tilsetningar.
Så denne dama kjem til å fortsetja med sylting, så sant det er tilgang på råvarene. Det er litt forskjelleg frå år til år. Men i 2019 vart det god fangst!
søndag 22. september 2019
7 års bryllaupsdag.
Det har vorte lite skriving i den seinare tid. Det er ikkje mangel på stoff. Ting skjer heile tida. Eg har nevane fulle til ei kvar tid og tida går stadig fortare, synest eg.
Biletet ovanfor viser ein nytingsfull augneblink som ligg nesten ein månad bak i tid. Min kjære O. og eg var ute og feirde vår 7.bryllaupsdag med eit ekstra godt måltid på ein restaurant i vårt nærmiljø. Faktisk var det så nært at det var i eit av nabohusa, nede på gateplan. Forresten var me der på same datoen i fjor og, i same ærend. Og åt same retten: Sprøsteikt and. Nydeleg !
Kven veit, kanskje me hamnar der neste år og ?
Uansett har me hatt sju gode år i lag. Kor mange år me har framføre oss veit ingen, men me tek den tida me får. Og takkar for kvar dag.
Komande veke har det meldt så fint ver, så då tek me oss ein tur på hytta. Der skal me kosa oss med vedhogst, utsiktsnyting og liknande fritidssysler.
Men me må ta det i forsiktige former. Tinka passar på oss. Ho likar ikkje at me har for mykje nærkontakt. Då kjem ho og pressar seg mellom oss. Ho høyrer til i familien og seier tydeleg i frå om det.
mandag 12. august 2019
Fjellvandring 2019
Så vart det fjellvandring i år og. Denne gongen i nærleiken av der me var i fjor, men som biletet viser, i eit heilt anna ver. I fjor fekk me urimeleg mykje regn. I år betrakteleg betre, i alle fall i byrjinga av turen.
Biletet viser Hardangervidda vest i strålande sol på flotte stiar. Det kunne ikkje vore betre. Når det er slik er det fantastisk å gå i fjellet. Men dette er glansbiletet av fjellvandring. Fjellvandrarar veit at brått kan veret slå om til skikkeleg ruskaver, og det er vel kanskje det mest vanlege. Så det gjeldt alltid å nyta kvar solstråle og elles ta det som det kjem.
Dei raude T-ane viste vegen og dagane var lange og lyse. Ryggsekkane var pakka for alle slags eventualitetar angåande ver og temperatur. Og det må dei vera. Fjellet kan visa andre sider enn dette glansbiletet sjølv om det er sommarstid.
Etter nokre dagars vandring kom me til denne brua. Ho viste seg å verta ei stor hindring for å koma vidare. Altfor stor. Hengjebruer møter ein ofte i fjellet, men denne var smal og usikra, utan netting på sidene. Dessutan måtte ein opp ein stige på 5-6 trinn for å koma opp på sjølve brua. Me tobeinte hadde vel greidd det, men for mi kjære Tinka vart det umogeleg. Hundar går ikkje i stige. Det var ikkje å tenkja på, og elva var for stri til å vassa over. Dermed måtte me berre snu og klekkja ut ein plan B.
Etter å ha vandra attende til utgangspunktet, og kjørt i ein litt annan retning, hamna me på denne vakre staden, ei DNT-hytte i fjellområdet Stølsheimen. Der slo me oss til nokre dagar.
Dei siste tre kvartera før me nådde dit, sette det brått inn med intenst regn, så me fekk eit vått førsteinntrykk av staden.
Men dagen etter møtte oss med strålande sol heilt frå morgonen av. Dei to bygningane + eit utedo låg så fint til mellom to vatn, og alt var blikkstillt. Eg bestemte meg for å ta eit bad. Og eg kunne ikkje finna meg ein finare stad til det. Mine to turvenninner sat på land medan eg sumde omkring i det reine og tempererte fjellvatnet - lenge...Eit godt minne frå ei perle av ein stad.
Etterpå trekte me innandørs, og etter nokre timar var det slutt på godveret. Me høyrde buldring av torden i det fjerne, og det skulle halda på lenge; fem timar med lyn, torden og påfølgjande regn, medan me sat inne og hadde det tørt, trygt og godt.
I ettertid fekk me vita om dei svære rasa som hadde gått medan me sat der i hytta. Det vart for mykje vatn enkelte stader, og det tok med seg store mengder av natur, verdiar og eit menneske. Det er fortsatt i nyhetssendingane.
No er me forlengst heime att. Med ferske inntrykk og gode minne. Me fekk oppleva fjellet sine lunefulle svingningar. Men let oss sjølvsagt ikkje skremma av vekslande ver. Det må ein ta med. Det er berre slik.
Tinka-vofsen og eg sender nokre tankar til ei viss dame i nabofylket i nord og takkar for fint samver på endå ei flott vandring i fjellet.

søndag 21. juli 2019
Sommar 2019
Lange lyse dagar, fint ver, hyttetur og gode, søte, saftige jordbær. Nam-nam... Slike stunder må ein ta vare på, halda fast på og ta fram att og minnast når dagar og tider skifter. Det gjeld å få slike minne til å vara, få stor plass i livet så ein er budd når vonde minne strøymer på og prøver å få overtaket.
Naturen er god medisin for eit godt livsmot. Å ferdast i skaparverket gjev krefter. Det er som søte jordbær for godtesjuk gane. Som lindrande pleie for djupe sår. Der hentar ein styrke for vidare livsvandring.
Årets fjellvandring er under planlegging. Me satsar på same fjellområdet som i fjor. Men den vidda er stor og vid. Der vert ein ikkje lokalkjend med det første. Stiane ligg framføre. Det same gjer sommardagane i 2019. Eg gler meg.

fredag 28. juni 2019
Rosene mine
Er det nokon som lurer på kva dette er? Det kan kanskje sjå ut som eit månelandskap. Eller eit Europa-kart. I alle fall ei samanblanding av fine fargar. Då eg spurde min kjære O. kva han meinte det var tippa han på ein matrett, kanskje eggerøre.
Men svaret er eit heilt anna. Det hadde seg slik at me var sju halvgamle damer i sin beste alder som var ute på restaurant for å ha oss eit betre måltid. Me hadde funne oss eit bord, og rigga oss til der. Stemningen var god, og me prata i veg om alt og ingenting, sommarplanar, siste nytt og elles alt mogeleg mellom himmel og jord som damer skravlar om når dei kjem saman.
For å bestilla maten måtte me gå ned ei trapp. Det burde vera enkelt nok, men ting går ikkje alltid etter planen. Kva som så skjedde, har eg ikkje heilt klårt føre meg, for det gjekk så fort. Kanskje eg steig skeivt, eller glei. I alle fall for eg på hovudet der i trappa og rulla eit godt stykke nedover.
Bleik og fortumla fann eg meg sjølv att nedst i trappa. Ein tilsett kom springande og ville tilkalla ambulanse, men det fekk eg avverga. Har vore ute i hardt ver før, så dette måtte eg vel greia.
Dei andre damene tok seg av meg, og det mangla ikkje på omsorg.
Etter å ha teke det med ro litt, og fått att ansiktsfargen, måtte eg no kjenna etter om min 61 år gamle kropp var like heil, noko han var. Men eg hadde fått ein diger kull i panna, og eg følte meg temmeleg møyrbanka. Brillene hadde fare sin eigen veg og var dugeleg skeive. Dei tilsette synest at etter eit slikt fall ville dei spandera gratis middag på meg. Imponerande fint gjort av dei.
Om litt fekk eg støtta meg opp trappa att,sjølv om eg hadde vondt både her og der.
Trappa var lang og hard, med metall ytst på kvart trinn. Så eg hadde fått skikkeleg bank. I ettertid oppdaga eg kular og blåmerke over store delar på kroppen i tillegg til nokre skrubbsår.
Og det er ei av desse "rosene" mine som er avbilda her.
No er det fleire veker sidan dette skjedde og kroppsfargen nærmar seg det normale. Eit legebesøk i ettertid bekrefta mistanken om brist i eit sidebein. Men det ordnar naturen, med litt tid.
Brillene derimot har sagt takk for seg. Dei må skiftast ut ved første anledning. Det var berre så vidt dei hang i hop etter den ville ferda i trappa, og no i dag då eg stod på badet med brillene i hendene datt brått eine glaset ut og rett i do. Så det er ikkje måte på uflaks.
Men eg har hatt flaks og. Hadde eg vore beinskjør, hadde trappefallet fått heilt andre konsekvensar.
Forresten er det heile litt pinleg og. Eg som går i fjellet til stadighet, i all slags kupert terreng, og så greier eg ikkje føta meg i ei trapp...

Abonner på:
Innlegg (Atom)