søndag 27. august 2017

5 års bryllaupsdag

Tenk at no har O. og eg vore gifte i 5 år !  Det har vore 5 gode og innhaldsrike år, fyllt av gode stunder gjennom kvardag og helg, husarbeid og matlaging, turar og opplevingar, diskusjonar og ting me har vore usamde om, kos, kjærleik i mange former, og mange, mange fine samtalar. 
  - I skrivande stund er det 5 år og 2 dagar sidan den forrykande regnversdagen me vart vigde. Regn har me hatt rikeleg av både før og etter, men den væta som kom ned den dagen slo alle rekordar. Så mykje regn kom det på bryllaupsdagen vår at det vart avisskriverier av det. Men regn på ein slik dag skal visst tyda lukke, er det ikkje så ? I vårt tilfelle kan det stemma.
  - På dagen vår var eg ute og kjøpte ein bukett med "brudeslør" (bildet over) Det skulle vel passa bra på ein slik dag. 
Deretter gjekk min kjære O. ut og kjøpte ein bukett med raude roser. Saman med brudesløret tok det seg godt ut,men måtte fordelast i to vasar. 
Og kortet var adressert til oss sjølve frå oss sjølve. 

  - Ut på ettermiddagen pynta me oss for å gå ut og eta. Me gjekk ned til kaien og ombord i ein heilt spesiell båt som i min barndom gjekk i rute inne i ein viss fjord, men som no fungerer som flytande restaurant. Utanpå er båten heilt lik som eg hugsa han frå 60-talet. Men inni fint ombygd til formålet.
Me fekk oss eit bord for to på dekk, og medan båten glei frå kai i solskinet, fekk me forsyna oss av den flotte menyen av sjømat.
Ein og ein halv time i den varme seinsommarsola med den finaste utsikt gav god matlyst. Og dei fine omgjevnadane var ei nydeleg ramme for feiringa vår.

No sit me her i stova vår og nyt synet av dei fine blomane våre og ønskjer oss mange fleire gode år og stunder saman med
-    kvarandre.

mandag 21. august 2017

Moltekrem

 
Her ser mine blogglesarar ei skål med moltekrem. Ser det ikkje freistande ut ? Det er ikkje ofte ein kjem over molter i så store mengder at ein kan laga noko av dei. Sjølv har eg berre oppdaga ei og anna einsleg utgåve av arten på mine vandringar i fjellet. Mange har vel moltestader der dei plukkar kvart år, og som dei sikkert er nøye med å halda hemmeleg frå år til år. Forståeleg nok.
  - Men så var eg så heldig å få eit heilt glas med moltesyltetøy frå ei viss dame i nabofylket. Det har me kost oss med gjennom mange frukostar sidan. Og noko av det vart, som de ser, til moltekrem.
Ein kjempegod dessert til nyting for ganen i fleire dagar her hjå oss.
  - Elles har det vore dårleg med bær denne sommaren som har vore ekstra våt og kald. Har funne litt blåbær og endå mindre bringebær, men ikkje nok til å fylla syltepanna, i alle fall ikkje enno. Leitar litt rundt omkring, men førebels kosar me oss med det me fekk frå nabofylket og sender varme tankar nordover til ho som hadde plukka og sylta og gjeve oss denne gode smaken av sommar. Og syltetøyet skal nytast til siste dråpe. Det same med resten av sommaren og det vesle han gjev oss av sol og varme.


onsdag 9. august 2017

Vandring i fjell

Enno ein gong fekk eg fine dagar i fjellet saman med K. Fire flotte vandringsdagar i Langsua vart det i år. Og for første gong var Tinka med oss. 
  - Føreåt for desse dagane hadde me lang kjøring. Og litt kronglete var det å finna fram. Men då fjellheimen Langsua i Gausdal Vestfjell (austom Jotunheimen) låg føre oss, var det verd all kjøring og leiting. Terrenget var tørt og lettgått, stiane tydelege og godt merkte og veret av beste slag. Ikkje ein regndråpe før me var trygt i mål. I sterk kontrast til det vasstrukne vestlandet.
Bjørk, brakje,myrull og lyng for framom der me gjekk. Friskt og frodigt for dei mange sauaflokkane. Steinete høgfjellterreng var det mindre av. 
  - I møte med sauer hadde Tinka det travelt med få sagt kva ho meinte om dei. Om ho såg på dei som venner eller fiendar, leikekameratar eller byttedyr er ikkje godt å sei. Men interessert var ho. Veldig. Kanskje gjetarinstinktet spelte inn og, halv border collie som ho er. 
  - Elles var fjellvandring rette livet for den firbeinte av oss, som oss andre. Godt å rusla av garde, heile dagane, ofte lange stunder utan at det vart sagt noko. Så koma fram ut på kveldane til hytte med mat og seng. Om nettene låg me på rekkje og rad med ukjente folk av diverse nasjonalitetar. Og Tinka låg fint i buret sjølv om ho ikkje var van med å liggja i bur.
  - Då me ein av dagane gjekk forbi eit av dei mange tjørnene der i Langsua, såg me nokre damer som tok seg eit bad. Det inspirerte meg til å ta ein dukkert sjølv. Eg plukka av meg kleda og labba uti i berre trusa. Der fekk eg meg nokre forfriskande symjeturar medan det heile vart like grundigt fotografert som alt anna.

Desse dagane i Langsua gjorde godt, slik fjellturar alltid gjer. Planar om nye opplevingar i fjellet neste år er alt i emning.
Så får me håpa at helsa heldt.
Takk for turen !



søndag 16. juli 2017

Sommar i byen

   
Sola sprengjer seg gjennom skydekket stadig oftare og temperaturen nærmar seg 20. Me er komne midt i feriemånaden juli og det er sommar i byen. I alle fall kan ein ana noko slikt innimellom alle regnbygene. Men regnet gjer godt det og. Det gjer  kvar grøn flekk i byen så frodig at det er ikkje måte på. Ville vekstar tyt opp gjennom asfalten og ut or murar. Næring er det lite av på slike stader. Men med litt vatn ovanfrå ser det ut til at dei har det dei treng. Det kan læra ein litt om nøysemd.

Med sommaren følgjer det turistar. I store mengder. Svære turistskip av det slaget ein ser bakrast på bildet, legg til kai og fyller byen med besøkjande frå alle kantar av verda.  Ofte kjennest det som å gå i kø, i alle fall her i sentrum. Men det er sikkert ei kjærkomen inntektskjelde for byen.

Tinka og eg har hatt nokre flotte turar på hytta. Der er det ingen som går i kø. Hytta har me hatt som utgangspunkt for mange fjellturar, også denne sommaren. Noko som er ein av mine viktigaste hobbyar. For mi helse fungerer det og som medisin.

Snart skal me ut på ei lengre reise til fjells. Då kan den store fjellheimen venta seg besøk av Tinka og to damer på 59.
Det ser me fram til.

søndag 18. juni 2017

Båttur som i gamle dagar

Andre pinsedag var me på båttur, min kjære O., Tinka og eg. På ein gammal båt i gammal stil. Til saman fire gamle fjordabåtar var med på ferda. Og målet var landsbyen ute i havet, Fedje. På bildet kan ein sjå tre av dei fire båtane. Den fjerde og siste var me ombord i og tok bildet. Ein av desse flotte framkomstmidla var ein gammal kjenning frå barndommen. Han frakta oss mang ein gong då me skulle ut mot havet og besøkja bestemor der ute. Den gongen var det ei dagsreis å fara heimafrå og ut dit. No er det landfast og kjøreturen tek litt over ein time.
  - Men dagens tur, til Fedje, var mykje lengre. Fire timar kvar veg. Det vesle samfunnet auka folketalet betrakteleg då fire fulle båtar med folk la til kai.  Først hadde me oss ein velsmakande kvalkjøtmiddag på kafeen der på kaien. Så fekk me nyta synet av den fine kvite kyrkja som låg så lagleg til oppå ein haug.
Då gav Tinka uttrykk for at det var på tid med meir "action". Og det fine veret lokka Tinka og meg til ein lengre tur på denne flotte staden. Der var  utruleg grøderikt til å vera heilt ute i havgapet. Og   godt samband med fastlandet. Ferja gjekk jamnt og trutt heile tida, såg eg.
Då me kom attende til O., hadde han vore og kjøpt fleire kg kvalkjøt med håp om gode kvalkjøtmiddagar heime når me kom heim att til byen. Det vert spennande å prøva.
  - Etter tre timar var det tid for heimreis. Og me kunne nyta ei koseleg og nostalgisk tur attende til byen med servering av betasupa og vaflar. Og sjølvsagt tok eg ein masse med bilde slik eg alltid gjer når eg er ute og ferdast. Det var dette med å ta vare på minnene...

lørdag 17. juni 2017

17.mai - fjelltur

No er det så lenge sidan som over to månader sidan det skjedde noko her på bloggen. Det siste innlegget var om hurtigruteturen i februar og om manglande vinter og snø. Sidan det har mykje skjedd. Vinteren har
gått over i vår og sommar. Og eg har forlengst sleppt taket i det vesle som var av vinter.
Det var ingen snø som måtte smelta, så våren kom tidleg. Først snøklokker, så krokus, påskeliljer og kvitveis. Så følgde årets nye grøne gras og sjølvsagt løvetann. Det var som om me kunne sjå forandring frå dag til dag her me bur, til tross for at me bur i sentrum av Norges nest største by.
Dei mange grøntareala i området hjelper på trivselen for denne utflytta striladama.

  - Så kom 17.mai, - den første saman med Tinka. Ho fekk på seg 17.mai-sløyfa og var så fin , så fin. Eigentleg skulle eg kledd meg i bunad slik eg plar på den dagen, men ikkje i år.  I staden tok eg på meg treningsdrakta og labba til fjells. Saman med Tinka, sjølvsagt.
 I byrjinga hadde eg ikkje noko spesielt mål. Det viktigaste var å få vera ute i det fine varme veret. 
Det enda med at eg gjekk over vidda. Og det var forbausande mange som var ute i same ærendet på nasjonaldagen. 
  - Det var dette eg hadde behov for på årets 17.mai. Ein skikkeleg fjelltur. Så reknar eg med at neste år stiller eg i bunad på nasjonaldagen med feiring på meir tradisjonelt vis.



onsdag 12. april 2017

Utflukta i Honningsvåg

No har det gått over ein månad sidan me kom heim frå den fine vinterturen til Nord-Norge. Det var godt å koma nordover til all den fine snøen. Det gjorde godt for ein snøhungrig vestlending. Berre synet av snø la seg som eit plaster over mitt regnvåte sinn. Og enno tviheldt eg på vinteren med å sjå på bilda frå turen mot nord. For det vart vanskeleg å gje slepp på vinteren i år sidan me ikkje har hatt nokon skikkeleg vinter. Det har berre regna og regna og regna, og det vesle som kom av snø, smelta nesten med ein gong.
Ikkje ein einaste skitur !!   Hmm...

Tidlegare har eg fortalt om den fine hundesledeutflukta i Kirkenes. Veldig kjekt. Men eg hadde ei anna utflukt på turen og, då eg kom til Honningsvåg,  som var mindre planlagt. Og bakgrunnen for den "utflukta" tok til heima i stova eit par dagar før me sette oss på hurtigruta:

Eg hadde nett støvsugd, og var i ferd med å setja støvsugaren på plass att då han brått glapp ut or hendene mine og datt ned på eine foten min. Det var storetåa på høgre foten som måtte ta støyten. Det var grueleg vondt, eg hylte og Tinka kom springande for å trøysta. Men det hjelpte lite på den dundrande smerta.
Min kjære O. hadde vondt i foten i frå før, og no var han ikkje lenger åleine om den saka.
Jaja, tenkte eg for min eigen del, det går vel over. Ei vond tå kan vel ikkje vera så gale. Så då avreisedagen kom, sette me oss på hurtigruta og for av garde.

Men siste ord var ikkje sagt, for tåa. Ho verkte meir og meir for kvar dag, så etter kvart fekk eg problem med å føta meg. Då forstod eg at det var ikkje veg utanom;  Eg måtte til lege. I mellomtida hadde me kome til Finnmark. Så langt nord som ein kan koma i dette landet.
 Er det noko helsevesen så langt nord då, tenkte eg. Og det var det altså. Då MS Lofoten la til kai i Honningsvåg hadde eg alt fått time på Norges nordlegaste legekontor. Ein drosje frakta meg dit, ein fin tur gjennom ei vinterkledd gate. og eg fekk snart erfara at folk der oppi nord heldt seg friske: Eg var einaste pasient, i alle fall på det tidspunktet. Tåa fekk diagnosen betennelse, og eg fekk både antibiotika og smertestillande. Etterpå vart det drosjetur attende same vegen, først innom eit apotek der det heller ikkje var nokon kø, så ombord att på hurtigruta.  Drosjesjåføren høyrde tålmodigt på meg då eg klaga meg over det evigvarande regnet i Bergen, og det enda med at han sa at neste gong veret gjorde det uuthaldeleg i Bergen, så var eg velkomen til å flytta til Honningsvåg.  Greitt å vita.

Dette var den uvanlege utflukta. Då dei andre passasjerane for med bussen til Nordkapp-platået, hadde eg mi eiga utflukt. Veldig kjekt å koma i kontakt med lokalbefolkninga på den måten.
 Og heima att i Bergen har eg eit handfast minne: Kvitteringa frå Nordkapp Legekontor i Honningsvåg, verdas nordlegaste by.
 Det skal eg ha som souvenir.