onsdag 12. april 2017

Utflukta i Honningsvåg

No har det gått over ein månad sidan me kom heim frå den fine vinterturen til Nord-Norge. Det var godt å koma nordover til all den fine snøen. Det gjorde godt for ein snøhungrig vestlending. Berre synet av snø la seg som eit plaster over mitt regnvåte sinn. Og enno tviheldt eg på vinteren med å sjå på bilda frå turen mot nord. For det vart vanskeleg å gje slepp på vinteren i år sidan me ikkje har hatt nokon skikkeleg vinter. Det har berre regna og regna og regna, og det vesle som kom av snø, smelta nesten med ein gong.
Ikkje ein einaste skitur !!   Hmm...

Tidlegare har eg fortalt om den fine hundesledeutflukta i Kirkenes. Veldig kjekt. Men eg hadde ei anna utflukt på turen og, då eg kom til Honningsvåg,  som var mindre planlagt. Og bakgrunnen for den "utflukta" tok til heima i stova eit par dagar før me sette oss på hurtigruta:

Eg hadde nett støvsugd, og var i ferd med å setja støvsugaren på plass att då han brått glapp ut or hendene mine og datt ned på eine foten min. Det var storetåa på høgre foten som måtte ta støyten. Det var grueleg vondt, eg hylte og Tinka kom springande for å trøysta. Men det hjelpte lite på den dundrande smerta.
Min kjære O. hadde vondt i foten i frå før, og no var han ikkje lenger åleine om den saka.
Jaja, tenkte eg for min eigen del, det går vel over. Ei vond tå kan vel ikkje vera så gale. Så då avreisedagen kom, sette me oss på hurtigruta og for av garde.

Men siste ord var ikkje sagt, for tåa. Ho verkte meir og meir for kvar dag, så etter kvart fekk eg problem med å føta meg. Då forstod eg at det var ikkje veg utanom;  Eg måtte til lege. I mellomtida hadde me kome til Finnmark. Så langt nord som ein kan koma i dette landet.
 Er det noko helsevesen så langt nord då, tenkte eg. Og det var det altså. Då MS Lofoten la til kai i Honningsvåg hadde eg alt fått time på Norges nordlegaste legekontor. Ein drosje frakta meg dit, ein fin tur gjennom ei vinterkledd gate. og eg fekk snart erfara at folk der oppi nord heldt seg friske: Eg var einaste pasient, i alle fall på det tidspunktet. Tåa fekk diagnosen betennelse, og eg fekk både antibiotika og smertestillande. Etterpå vart det drosjetur attende same vegen, først innom eit apotek der det heller ikkje var nokon kø, så ombord att på hurtigruta.  Drosjesjåføren høyrde tålmodigt på meg då eg klaga meg over det evigvarande regnet i Bergen, og det enda med at han sa at neste gong veret gjorde det uuthaldeleg i Bergen, så var eg velkomen til å flytta til Honningsvåg.  Greitt å vita.

Dette var den uvanlege utflukta. Då dei andre passasjerane for med bussen til Nordkapp-platået, hadde eg mi eiga utflukt. Veldig kjekt å koma i kontakt med lokalbefolkninga på den måten.
 Og heima att i Bergen har eg eit handfast minne: Kvitteringa frå Nordkapp Legekontor i Honningsvåg, verdas nordlegaste by.
 Det skal eg ha som souvenir.

søndag 26. februar 2017

Ut på dei kvite viddene

  - Eit av høgdepunktene på denne turen var den fine hundesledeturen eg fekk vera med på i Kirkenes.
Medan O. var att på båten med sin vonde fot, tok eg buss til ein stad litt utanfor sjølve Kirkenes der eg møtte ein stor flokk med hundar. Alle hadde sitt eige vesle hundehus. Ein kan undra seg korleis dei greier kulden vinterstid i dei enkle hundehusa, men det er dei vel skapte til, reknar eg med. 
Der var ikkje berre reinrasa huskyhundar, men og blandingar med collie, border collie eller shæfer. Så dei såg overraskande ulike ut. Og alle var snille,kosete og godlynte, og let seg villeg helsa på.
  - Sjølve hundekjøringa var ei spesiell oppleving.Åtte hundar til kvar slede, to personar og føraren. Eg fekk ein slede for meg sjølv, - og eit teppe over meg. Så bar det ut på dei kvite viddene. 
Det vart ein frisk tur. Eg koste meg og det gjorde hundane og. Akkurat som andre hundar likte dei å koma seg ut på tur. Og sjølvsagt tok eg mange bilde undervegs.

Etterpå fekk eg og dei andre helsa på kvelpane og dei halvvaksne hundane som enno ikkje hadde begynt å dra slede. Alle kosete og kontaktsøkjande.
 Ein gong vert det deira tur å dra slede ut på dei kvite viddene.

tirsdag 21. februar 2017

Mot vinterlandet

Det er 4.dagen på turen vår mot nord. Det vert kaldare og meir snø til lenger nord me kjem. Hurtigruta går sin vante gang frå Bergen mot Kirkenes, og no er me komne til Vesterålen. Utflukter er det mange av langs leia. Men me har ikkje vore med på nokon så langt. O.har ein vond fot og eg har ei vond tå, så me held oss mest på båten. Særleg han med den vonde foten. Eg har hatt nokre småturar i land her og der. Men synest det er godt å vera i ro på båten og.
  I føremiddag hadde me besøk av kong Neptun då me passerte polarsirkelen. Han kom med to store skåler med isvatn som han auste ned i nakkane på folk. Isvatnet rann nedover ryggane på dei frivillige mottakarane.Det foregjekk med hyl og skrik. Og så fekk dei ein dram etterpå. Merkeleg tradisjon.Eg heldt meg laaaangt unna. Men dette ville dei ha med seg alle desse utlendingane som reiser med hurtigruta.
 For det er mest utlendingar her ombord.  Danskar,tyskarar,franskmenn,skottar,engelskmenn og folk frå Amerika og Australia. Nordmenn er det lite av. Berre O. og meg.

fredag 17. februar 2017

Vintertur mot nord

O. og eg har hatt mange fine turar i lag. Og no skal me ut å lufta vengjene att. Eller rettare sagt, me skal  til sjøs.  I morgon kveld skifter me ut stova til fordel for denne båten; MS Lofoten som er det minste og eldste av hurtigruteskipa. Og så ber det nordover vår langstrakte og nydelege kyst mot det høge nord. 
  - Det er ca fire og eit halvt år sidan bryllaupsreisa som gjekk same vegen, med eit av dei andre hurtigruteskipa. Det var ei overveldande oppleving.  Det vert det sikkert denne gongen og. Men dette vert altså ein vintertur. Håpar verkeleg å oppleva litt snø og vinter. Det har det vore smått med denne vinteren.
  - Det triste er at me må levera Tinka ifrå oss denne perioden. Og eg veit at eg kjem til å sakna henne. Men har tru på at ho får det godt der ho skal vera. Ho skal få med seg senga si og ballane, så då går det sikkert bra. 
  - No er koffertane pakka med alt som skal til for elleve dagar heimafrå.  Me gler oss.


torsdag 9. februar 2017

Nytt bad, vaskesjau og kviledag

Nytt bad:
Slik ser det ut, vårt nye bad, etter renoveringa. Bildet er teke mot skapet og dusjen. Speglane i skapet speglar det som eg ikkje fekk med på bildet.  
Så fint vart det altså!  Ei skikkeleg ansiktsløftning på badet. No har me eit godt badliv i vente.  Det skal me nytta oss av i komande dagar og år.  Berre nokre detaljar att, så er prosjektet fullført.
Dette gler me oss over, og snart nærmar det seg tid for å flytta attende til heimen.

Vaskesjau:
Baksida av medaljen er alt det betongstøvet som har lagt seg over heimen. Eit finkorna støv som kjem til på dei utrulegaste stader, og som denne dama har teke opp kampen mot. Soverommet og roterommet (O. sitt arbeidsrom) har vore avstengde, så dei har unngått støvet, men resten av heimen må få ein grundig overhaling med støvsugar,dampvaskar og vaskefiller frå tak til golv + alle krokar i møblar og skap. Eit tungt og tidkrevande arbeid, men med eit forhåpentlegvis godt resultat i nær framtid.

Kviledag:
Dette etterarbeidet har foregått no nokre dagar, frå morgon til kveld. Det har teke på. Særleg takvasking er tunge greier. Så i dag melde det seg eit behov for ein kviledag. Men i morgon er det i gang att.
No ser me fram til å få støvet ut slik at me kan flytta heim att. Det skulle ikkje vera så mange dagane att. Dessutan har me noko som driv oss til å få dette gjort. Me har nemleg noko veldig gledeleg å sjå fram til om ei og ei halv veke.... - - -
 

fredag 27. januar 2017

Gjenbruk på fotballbana

No har me budd her på vår førebelse adresse i over tre veker,og dermed over halvparten av tida vår her. For meg har det vore som å koma heim. Det er tross alt her eg har budd lengst i heile livet mitt. For dei to andre i familien er det litt annleis. Min kjære O. tek det meir som ei mellomlanding, og eg mistenkjer han for å lengta attende til byen.
 Kva vår firbeinte familiemedlem meiner om saka er ikkje godt å sei. Her er mange hundar, men likevel ikkje så mange som ho er van med i byen. Og det vert ikkje så ofte ho får springa laus med dei.
  - Men ho har oppdaga noko anna: Blant dei mange fotballbanene her omkring, har ho lagt sin elsk på denne grusbana. Denne bana er nok ikkje heilt oppdatert når det gjeldt vedlikehald, og ser ut til å vera meir brukt av hundar enn av folk.
 Her ligg det 10-12 godt brukte fotballar som forlengst har gjort si gjerning, meir eller mindre punkterte som dei er.  
Men her er det gjenbruk som er tingen. Når  fotballar ikkje duger på fotballbana lenger, er dei gode nok for våre firbeinte venner. Og ballar med lite luft i er så mykje lettare å få tak på av ein hund. Det har Tinka oppdaga. Og så likar ho så godt å springa etter ballar. Fin måte å få ut overflødig energi for ein unghund som henne.  Kvar gong me går  retning denne bana, dreg ho meir og meir i bandet og kan ikkje koma dit fort nok. Godt at nokon ser verdien av gjenbruk av fotballar. Det er til stor glede for Tinka og andre fotballinteresserte hundar.
Kjekt at Tinka har fått seg ein hobby. Men eg kan ikkje sei at eg deler hennar interesse for fotball....

onsdag 11. januar 2017

Ein psykopat i mitt hus

Den regnvåte jula har gått over i eit regnvått nytt år og eg nyttar høvet til å ønskja mine blogglesarar eit godt nytt år. Helst med mindre regn og meir snø,om det var opp til meg.

Ved årskiftet skifta me adresse, O. og eg. Førebels.  Badet måtte pussast opp og vatnet vart stengt, så då nytta det ikkje å verta verande i heimen. Då var min vesle leilighet frå mi førekteskapelege tid god å ha i bakhand. Leigebuaren der vart sagt opp i god tid, og heldigvis kom ho seg ut utan protestar. Men ikkje utan problem.
  -Etter som tida gjekk det året ho leigde hjå meg, vart ho meir og meir utfordrande og problematisk.  Når eg som utleigar ein sjeldan gong måtte inn i bildet i samband med reparasjon og fornying av eigne ting i leiligheten, gjorde ho det utruleg vanskeleg. Og eg skjøna fort at ho var langt meir oppteken av rettar enn plikter. Ikkje så nøye å erstatta ting som ho øydela. Og motseiing vart tolka som utskjelling. Å kommunisera med dama var eit slit som eg kvidde meg til.
 Det toppa seg ved årskiftet då eg skulle ta over leiligheten att. Då viste det seg at ho hadde greidd å somla vekk fryseskapet mitt, utan å kunna gjera greie for korleis det hadde gått til. Eg foreslo ein sum som erstatning, men ho ville ikkje gje meg meir enn halvparten av det. Viss eg forlangte meir, trua ho med å melda meg til politiet.
 At ho hadde tydelege psykopatiske trekk, var ikkje vanskeleg å sjå. Og slike folk går det ikkje an å snakka til vit...
  - Kva ho eigentleg gjorde med fryseskapet, kan ein berre gjetta seg til. Men sett i den store samanhengen er det ikkje så viktigt.  Hovudsaka får vera at dama no er ute av bildet
.
  - Slik begynte året 2017 for meg; med høge skuldrer og etterverknader av eit vitlaust kvinnfolk.
  - Men ho skal så visst ikkje få øydeleggja det nye året for meg.
Eg vil bruka 2017 til å gjera som det står i dette diktet som eg fann på internett: Kryssa bruer og byggja bruer.
Så får minnene etter den omtalte eks-leigebuaren vera den brua som bør brennast.