lørdag 14. april 2012

Å fylla 54

  Det var i går overgangen skjedde: Då gjekk eg over grensa frå å vera 53-åring til å verta 54-åring. Fint og forsiktig gjekk det.   Merka ingen drastisk forandring frå den eine dagen til den andre. (Ikkje av det negative slaget heller, sidan det skjedde på fredag den trettande.)  Åra glir over i kvarandre slik dei alltid har gjort. Men eg registrerer at eg nærmar med hundreårsdagen!  Det har eg vel eigentleg allltid gjort. Men avstanden er kortare enn nokon gong.
  - Planar har eg no som alltid. Ein av langtidsplanane er at når L. og eg når hundreårsdagane våre  (det skjer omtrent samstundes) går førarkorta våre ut på dato, så då har me ein jobb med å fornya dei. Men det får me heller ta når tida nærmar seg...
Førebels har eg 54-årsdagen i friskt minne. Han vart feira med eit godt måltid på kinesisk restaurant i lag med min kjære O. Etterfølgd av ein innhaldsrik kveld heima hjå han. Hm...
   - Ei av dagens høgdepunkter var dei tre rosene eg fekk av min kjære. Tre nydelege roser. Men etter ein litt ublid kjøretur mista den eine rosa "hovudet" sitt. Så buketten vart redusert til tre stilkar og to rosehovud. Litt dumt, men i staden for å sørgja over den rosa som forsvant, vil eg heller gleda meg over dei to rosene som eg fortsatt har. Håpar og ønskjer å ta med meg den same haldninga vidare i livet med det som møter meg i framtida. Det er i alle fall noko å strekkja seg etter.

mandag 26. mars 2012

Gåte


Til dei som likar å lesa bloggen min, har eg denne gåta:
Kva hadde O og eg til middag den 14.mars 2012?
Den første som kjem med rette svaret her på bloggen min, kan venta seg ein bokpremie. 
Posted by Picasa

lørdag 17. mars 2012

Den tredje skituren



Det vart ikkje mykje vinter i år. For den som er glad i snø og skiturar gav sesongen lite utbyte. Berre eit par dagar gav naturen nok snø under skia til at det vart skiturar av det. Begge desse dagane med nydeleg ver og flott føre. Det var berre så altfor lite. Elles har også årets vinterver vore stabilt vått her på vestlandet. Me har vore rikeleg velsigna med regn, og eg prøver å gle meg over det. Men slike velsigningar kan gå eit godt stykke over hovudet på sjølv den mest hardbarka vestlending. Det hender at ein lengtar langt av garde, til fine skiløyper i solrikt vinterver. Sjeldan kan ein gjera noko med det. Det vert med lengten.
  - Men så ein dag, midt i ei eller anna regnbyge, kom eit hyggjeleg brev frå verdens nordlegaste bibelskule. Det var den verleie vestlending som var  beden til 30 årsjubileum! Og det i akkurat slike omgjevnader som eg ønskjer at vinteren skal vera. Den reiseglade bestemte seg i løpet av eit halvt sekund. Og turen mot nord vart endå eit godt minne til den store minnesamlinga mi. Veldig kjekt å møta att dei eg gjekk på bibelskulen med for så lenge sidan. Og prikken over i-en var den flotte skituren, sesongens tredje, i ekte nordnorsk natur med snøkledde fjell i alle retningar. Ein skikkeleg opptur i ei tid med mindre krefter enn elles.
  - Dermed var skisesongen over for i år. Og no går tida mot vår og hyttesesong. Har mykje å sjå fram til der og.

onsdag 29. februar 2012

Ein sjeldan februardag

 
"Kvar dag er ei sjeldan gåve" heiter det i eit dikt. Og det er så sant. Så sjeldan at det finst ingen som er like. Alle våre livsdagar er like forskjellege som menneska på jorda. Og heldigvis for oss så kjem det alltid nye dagar, opp att og opp att, år etter år.
Men enkelte dagar og datoar er sjeldnare enn andre: Det er ikkje ofte ein opplever 29.februar. Så når den ein sjeldan gong skjer må ein nesten stoppa opp og tenkja etter korleis det er. Det kan verta ei stund til neste gong...
Stakkars den som har fødselsdag på den dagen, hugsa eg at eg tenkte som liten. For meg var det gale nok at fødseldagen min kom på fredag den trettande. Noko han har gjort mange gongar. Men utan den heilt store dramatikken. Sanninga er at av alle våre dagar på jorda så overlever me dei fleste av dei.
Dermed må eg tenkja på ein av pasientane på sjukeheimen, ei dame på nesten hundre år som hadde levd og "overlevd" fleire dagar og år enn dei fleste av oss:  Ein dag såg ho bekymra på oss og utbraut: "Eg trur ikkje eg overlever dette opphaldet!"
  - Ja, før eller sidan vert det ein overgang til noko anna for oss alle. Men i mellomtida skal me nyta livet dag for dag. Enten det er sjeldne februardagar eller andre dagar. Dagar med lyspunkt er det rikeleg av.

"
Posted by Picasa

fredag 17. februar 2012

Forgjengaren og Etterfølgjaren

Tida går framover. Til og med her hjå meg , i den vesle leiligheten min. Og etter som tida går må ting skiftast ut. Ingen ting varer evigt, i alle fall ikkje det ein har samla seg av jordisk gods. Og så ein dag var tida komen til min gamle komfyr, som så trufast har kokt maten min i alle dei år. Skranta hadde han gjort lenge. Den største plata sa takk for seg for 3-4 år sidan. I tida etterpå har eg greidd meg med dei to minste platene. Og det har gått så fint. Eg er då berre eit menneske. Oftast har det gått på einmannsporsjonar her hjå meg. Men dei siste åra har det vorte fleire og oftare tomannsporsjonar. Altså meir arbeid for komfyren. Etter kvart begynte den mellomste plata å visa teikn til alderdom. Ho virka berre av og til, etter som det passa ho. Då fall det meste av matlaginga på den minste plata. Og ei god stund gjekk det sånn nokolunde. Men så kom det til eit punkt då det vart for mykje for den og. Ho sa tydeleg ifrå på den måten at ho stadig oftare sprengte sikringane midt i matlaginga. Dermed måtte komfyreigaren til å tenkja i andre baner. Kanskje tida var inne til å tenkja nytt? Eg er ikkje særleg rask med slikt. Det plar ta si tid og vel så det. Det er berre å henvisa til ski-investeringa som endeleg vart gjort i fjor, etter grundig planleggjing i 20-30 år. Eg hugsa eg tenkte at det bør helst gå litt fortare med komfyrskifte, viss eg ikkje ville svelta i hel i mellomtida. Eg har nok litt vanskeleg for å gje slepp på gamle ting, og denne komfyren har vore så god, og gjeve meg lite problem før dei siste åra. Steikjeomnen har vore kjempegod! Han har steikt meg mange gode brød opp gjennom åra. - Komfyren fekk eg gratis brukt i 1984, så eg veit eigentleg ikkje akkurat kor gammal han er. Men eg tippar på omkring 30 år. Han var med meg frå flyttelasset frå Sogn og Fjordane i 1988, og har sidan stått her.
- Ja, dette var Forgjengaren sin historie, i grove trekk. Og i tida som følgde lurte eg på kva slags Etterfølgjar eg skulle få i huset. Og planleggjinga tok ikkje 20-30 år denne gongen. Etter berre nokre turar innom diverse elektriske butikkar, og litt sjekking på internett, bestemte eg meg endeleg for ein flott komfyr av den aller nyaste sorten som er å få: Induksjonskomfyr der platene ikkje lenger heiter plater, men "kokesoner"! Underteikna har kjøpt seg sitt livs første komfyr! Og er så fornøgd at det er ikkje måte på!
- No har Etterfølgjaren stått på mitt vesle kjøkken i ein og ein halv månad. Tevatnet mitt kokar opp så fort at eg får ikkje snudd meg rundt før det er gjort. Så her er det ei rivande utvikling! Og får eg ha Etterfølgjaren like lenge som Forgjengaren så har eg eit godt kjøkkenliv i vente!

Posted by Picasa

fredag 23. desember 2011

Høgtid


Adventslysa har nesten brunne ned, smultringane er i boks og det vesle evigvarande julatreet har dukka opp frå bua. Til og med jularegnet er på plass. Enno anar ein dei siste krampetrekningane av intens julehandel. Men etter som timane går denne julafta glir juleførebuingane over i høgtid. Dei minste av oss gler seg til kvelden. Det har dei gjort lenge. Og for dei større av oss kan skuldrane snart senka seg etter alt som må gjerast til jul.



- Som tradisjonen er innleier Sølvgutane HØGTIDA kl 17.00på NKR fjernsynet, og tankane går i retning kvifor me feirar denne kvelden:



. "Sæle julekveld ! Englar HØGTID held.



Syng i dag den same songen som dei song den første gongen.



Over Betlehem: Sjå din Frelsar kjem!"






Tanja og eg ønskjer kvarandre ei god jul. Og det same ønskjer me dei som skulle koma til å lesa dette.



Posted by Picasa

søndag 16. oktober 2011

Skogens raudleitte søner


Det vart ikkje mykje tyttebær i år. Sommaren har fare stygt med både skogsbær og hagebær. Vinden har herja fælt og regnet har vore noko bort imot grenselaust. Frukt og bær må vera temmeleg viljesterke og livskraftigte om dei skal overleva slik behandling over lengre tid. Men nokon gjer det, - som desse prakteksemplara på biletet. Det er vel med markens grøde som med folk. Nokon kjem seg gjennom harde tider styrkte og fornya. Andre bukkar under og går attende til naturen.
- Men så er det heldigvis slik at det er alltid von om nye dagar, nye somrar, nye bærhaustar og nytt liv. Ein legg ting bak seg og strekkjer seg etter det som ligg framføre. For der framme ligg blanke ark og ulevd liv.

Posted by Picasa